🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: NOU 2023: 19 Læring, hvor ble det av deg i alt mylderet? Bruk av elev- og stude...

Høgskulen på Vestlandet

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Vi vil takke for ein grundig analyse av tilstanden for læringsanalyse i Noreg. HVL konsentrerer sitt svar til problemstillingar knytte til høgare utdanning.

Vi kjenner oss att i skildringa av dilemmaa kring bruk av data frå læring. Tyngda av problemstillingane vil også auke parallelt med auka i den allereie veksande mengda av nettbaserte studium, og behovet for å sikre kvalitet i og betre undervisinga i desse.

HVL stiller seg bak konklusjonane og dei føreslegne tiltaka som er presenterte i utgreiinga. Vi ser store moglegheiter for å betre undervising, læring og bruk av pedagogiske digitale verktøy ved bruk av data i læringsanalyse. Ei implementering av felles retningsliner vil vere ei viktig drivkraft for dette.

Med omsyn til tydeleggjering i Universitets- og høgskolelova § 4-15, er vi i tvil om det er nødvendig med eit tillegg i lovverket, eller om det held med ei presisering i merknaden til føresegna sitt fyrste ledd. HVL støttar eit nytt avsnitt i § 4-1 i studietilsynsforskrifta.

Datainnsamling frå læringsverktøy er, som skrive i utgreiinga, ei utfordring sidan dei ligg i ulik kommersiell og offentleg programvare. HVL føreslår at ein granskar om det nasjonale digitaliseringstiltaket Analyseplattformen hos Sikt er ein høveleg stad for forvalting av retningslinene og ein instans som med tida også kan byggje ei kjelde for digitale undervisningsdata for høgare utdanning. Vi tenkjer då fyrst og fremst for programvare som ligg under innkjøpsordningane til Sikt.