Høyringssvar til forslag til ny lov om trudomssamfunn
Dette forslaget er ikkje eit framsteg, men eit tilbakesteg for trudomsfridomen i landet vårt. Dessverre er lova om trudomssamfunn, som vart vedteken under den førre regjeringa, også problematisk, men det nye forslaget gjer no dette endå meir problematisk. Det utvidar retten til å nekta trudomssamfunn registrering og rett til støtte. Dette strir heilt klart mot paragraf 16 i grunnlova som slår fast at vi har religionsfridom og at Dnk og alle «trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»
Som ein ikkje-medlem av Dnk kunne eg under den gamle dissentarlova krevja fritak frå kyrkjeskatten. Stolt og glad skreiv eg i sjølvmeldinga at eg ikkje var medlem i Dnk og difor hadde krav frå fritak av kyrkjeskatt. Lova om trudomssamfunn, som overtok etter dissentarlova, gjorde retten til fritak frå kyrkjeskatt til rett til støtte til alle trudomssamfunn på lik line med støtta til Dnk frå stat og kommune. Regjeringa, staten eller kommunar har inga rett til å diskriminera trudomssamfunn. Menneskerettane krev ikkje at staten skal støtta trussamfunn økonomisk, men dei slår fast at ingen skal diskriminerast på grunn av si tru. Vår norske grunnlov krev at staten støttar alle trudomssamfunn likt. Forslaget til ny lov diskriminerer og bryt ned denne grunnlovsfesta retten.
Den første lova om trudomssamfunn sa: « Trudomssamfunn kan lata seg registerføra når det ikkje med si lære eller sitt arbeid kjem i strid med rett og moral. Registerførsla gjev dei rettar og skyldnader som er fastsette i lov.» Vigsels rett og retten til å få kyrkjeskatten tilbakebetalt var dei viktigaste rettane. Lova kravde at ein måtte følgja norsk lov, - det er jo sjølvsagt.
Noverande lov gjer det lett å bli registrert som trudomssamfunn, men kjem med tilleggskrav om minst 50 medlem. Mange små forsamlingar, som var registrert under den gamle lova, har dermed mista registrering og rett til å få kyrkjeskatten tilbake. No føreslår regjeringa å heva dette talet til 500. Dette er diskriminering på grunn av storleik, som ofte er teologisk grunna i forståinga av kva ei lokal forsamling er. Denne diskrimineringa er i strid med grunnlova som seier at alle trudomssamfunn skal bli støtta på lik linje. Først var det ingen krav til storleik, så kom det krav om minst 50 medlem, no kjem det krav om 500 medlem. Kva blir det neste? Krav om storleik diskriminerer og undergrev den retten som alle trudomssamfunn utan om Dnk har. Slik kan vi ikkje ha det! Då er alternativet å ikkje støtta noko trudomssamfunn, heller ikkje Dnk, men la medlemmane finansiera deira eige trudomssamfunn. Dette vil krevja ei grunnlovsendring, men vil også reisa spørsmål om kvifor staten skal diskriminera trudomssamfunna, som spelar ein viktig rolle i samfunnet, når staten støttar idrett, kultur og frivillige organisasjonar?
§6 regulerer grunnlaget for å nekta trudomssamfunn registrering og tilbakebetaling av kyrkjeskatten. Denne lova er diskriminerande. Krava i seg sjølv er ikkje urimelege fordi dei forholda, som er nemnde i lova, er dekkja i andre lover. At brot på norsk lov kan føra til at ein mistar retten til registrering, er på ein måte sjølvsagt. Alle borgarar og organisasjonar, om dei er religiøse eller sekulære, må følgja norsk lov. Alle er like for lova, og det er rettsvesenet som avgjer og feller dom over lovbrot. §6 diskriminerer trudomssamfunna ved leggja til rette for at dei kan mista registrering og tilskot utan lov og dom, fordi Statsforvaltaren sitt skjønn blir avgjerande. Statsforvaltarens skjønn, om eit lovbrot er alvorleg nok til å mista registrering, burde ikkje kunna utøvast før den juridiske rettargangen hadde ført til fellande dom. Det er skremmande og skammeleg at ein tidlegare Krf leiar, som no er statsforvaltar, kan ta registreringa frå eit stort trudomssamfunn som Jehovas Vitner med 9000 medlem, når dei ikkje på noka punkt har vorte dømd av rettsvesenet for å ha brote norsk lov. Slik kan vi ikkje ha det.
Statsforvaltaren kan gjerne meina at eit trudomssamfunn har brote lova, og då må han anmelda forholdet til politiet. Det er berre rettsvesenet som skal avgjera om nokon har brote lova og ikkje ein statsforvaltar. At trussamfunna ikkje har denne retten til rettferdig rettargang er diskriminerande og utoleleg.
Det nye kravet om 40% representasjon av kvart kjønn i styrande organ, er svært problematisk fordi det grip inn i indre forhold i eit trudomssamfunn som ofte er knytt til teologi. Dette diskriminerer trudomssamfunn med ei konservativ bibelforståing. Representasjonskravet sidestiller trudomssamfunn med aksjeselskap og organisasjonar og tek ikkje omsyn til deira eigenart. Dette er svært urimeleg. Kravet til ei viss styreform for å bli registrert er i seg sjølv diskriminerande. Det svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn som trur at berre menn kan vera eldste og ha styreansvar i forsamlinga, slik Det nye testamentet seier.
Ein tilleggsfaktor er, at når folk kan skifta juridisk kjønn, berre ved å fylla ut eit skjema, då blir dette kravet meiningslaust. Kva er ei kvinne og kva er ein mann i lovverket? Når vi veit at sterke krefter vil innføra eit tredje kjønn, blir dette kravet endå meir diskriminerande mot forsamlingar med eit konservativt bibelsyn.
Det nye tillegget om å ikkje motarbeida den demokratiske styreforma i samfunnet krev at trudomssamfunna må ta politiske standpunkt. Demokrativilkåret, som inneber eit forbod mot å motarbeida den demokratiske styreforma, er eit nytt og innskrenkande krav som er heilt unødvendig fordi det er alt dekkja av andre lover. Parti med tru på «proletariatets diktatur» og væpna revolusjon har i alle år fått lov å arbeida for saka si i landet vårt. Kvifor skal trudomssamfunn diskriminerast? Eg kjenner ikkje til at det finst noko trudomssamfunn i landet vårt som motarbeidar den demokratiske styreforma vår, difor er dette vilkåret unødvendig. Det einaste regjeringa oppnår med dette forslaget er å mistenkjeleggjera alle dei som tilhøyrer eit anna trudomssamfunn enn Dnk. Dette går inn i eit kjent mønster av diskriminering av minoritetar i landet vårt.
Det er trist at den noverande regjeringa svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn. Både lova om den såkalla konverteringsterapien og forslaga til ny lov om trudomssamfunn er problematiske. Det kan verka som om regjeringa korkje forstår Menneskerettane eller vår eigen grunnlov med desse lovforslaga. Om den nye konverteringslova blir vedteken mistar vaksne menneske retten til å få sjelesorg eller forbønn når dei søkjer råd om sin homofile legning. Folk som gjev råd, forbønn, handspålegging og liknande til dei som ber om det, kan risikera fengselsstraff. Dette bryt klart med menneskerettane. Desse to lovforslaga innskrenkjer trusfridomen og vil berre føra til polarisering i samfunnet. Desse lovene er illiberale og svekkjer tilliten mellom livssynsminoritetane og det norske rettssystemet. Det er svært uheldig.
Det er mitt håp at regjeringa, og stortinget som vedtek lovene, må slutta å diskriminera og gjera det vanskeleg for trudomssamfunna, men heller famna mangfald og eit livssynsope samfunn der tilliten rår mellom partane.