🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om forslag til regler om avverging av skade og bruk av fysisk inngripen i...

Gol kommune

Departement: Kunnskapsdepartementet 1 seksjoner
Høyringsuttale frå Gol kommune

Opplæringslova kapittel 13. Ordenstiltak

Problematikken er utfordrande og lærarane står i ein vanskeleg situasjon i møte med valdelege og aggressive elevar. Lærarane er redde for å gjera feil. Det er ei utbreidd oppfatning av at lærarar ikkje kan ta i eleven. Vi tolkar framlegget til nytt kapittel opplæringslova som eit tilsvar på at undervisningspersonell kjenner seg usikre på kva ein kan gjera og ikkje gjera i slike situasjonar. Denne lovendringa kan vera ein måte å imøtekoma dette på, men vi meiner ein må finne andre løysingar, og enn så lenge er dagens lovverk det beste.

§13-3. Vi meiner dette er dekt under kap 12 §§12-2, 12,3, 12-4 og 12-5. Vi ser difor ikkje behovet for ein ny lovparagraf.

§13-4. Vi vil frårå at det blir opna for at pedagogar og andre tilsette ved skulen etter opplæringslova skal kunne gripe inn fysisk for å avverje skade på personar eller vesentleg skade på eigedom. Det same gjeld at ein fysisk skal kunne gripe inn når det gjeld åtferd.

Vi meiner dette kan løysast gjennom dagens lovverk, ved nødvergelovgjevinga, § 18 i straffelova om nødverje.

I Helse-og omsorgstenestelova kapittel 9 er det reglar om tvang og makt som ledd i tenester til personar med utviklingshemming. Regelverket opnar for at ein kan gjennomføre vedtak etter helse -og omsorgstenestelova kapitel 9 i skuletida. Det er eit vilkår at skulen har samtykt til tiltaka når eleven er på skulen.

Vi meiner slik utøving av fysisk makt skal gjerast av personell med særleg kompetanse, og som ikkje samstundes skal drive fagleg og sosial læring. Lærarar som må byggje positive relasjonar til elevane, ofte over år, kan ikkje bli sett i ein situasjon der dei skal fysisk kunne gripe inn mot elevar.

Dersom det skal opnast for meir bruk av fysisk makt i skulen, må dette utførast av helsepersonell og heimla i helse- og omsorgstenestelova.

§13-5. Dokumentasjon og meldeplikt. Det vil vere ein naturleg konsekvens om denne lovparagrafen blir vedteken, at det må dokumenterast. Dokumentasjonsplikta er meir enn stor nok som ho er i dag, norsk skule har ikkje behov for å dokumentere enno meir.

Hallvor Lilleslett, kommunalsjef Gol kommune