Innleiing
Denne høyringsfråsegna frå Språkrådet handlar fyrst og fremst om ny § 13-3, ny § 13-4 og ny § 13-5 i opplæringslova. Språkrådet si oppgåve i samband med utarbeiding av lover er å leggje til rette for at innhaldet skal kome tydeleg fram på korrekt og godt bokmål eller nynorsk.
Merknadene i fråsegna gjeld språklege problem i vid tyding (formval, ordval, syntaks, tekstbinding og logisk samanheng), men merknadene kan tangere innhaldsspørsmål, særleg der tolkinga er uklår eller reglane er svært innfløkte. Der ein saknar informasjon, kan ein fort kome til å etterlyse ein regel som ikkje skal vere med. Vi vil difor understreke her at Språkrådet ikkje har noka meining om sjølve innhaldet i føresegnene, anna enn at det skal vere lett å forstå.
Språkrådet har tidlegare vore involvert utarbeidinga av ny opplæringslov med å kommentere utkast og delta på skriveverkstader. Det er berre andre ledd i ny § 13-4 som er heilt nytt for oss.
Språkrådet er sjeldan med i fyrste og siste fase av arbeidet med lovtekstar, og det er ikkje alle spørsmål vi får svar på i prosessen. Vi nyttar høvet til å ta opp att nokre spørsmål her.
Det er sannsynleg at vi har mistydd teksten på visse punkt. I så fall er det ein peikepinn på at teksten kan vere vanskeleg å tolke for andre òg.

Ny § 13-3 Plikt til førebygging
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette grip inn fysisk mot elevar. Merknader:
Formuleringa «for at det ikkje skal oppstå situasjonar der» kan ikkje kallast smidig, men ho er presis og forståeleg. Det er truleg vanskeleg å finne noko betre.
Vi nyttar høvet til å åtvare mot å ta inn (att) tautologiske formuleringar som «førebyggjande arbeid for at det ikkje ...». Det er nok å ha stikkordet «førebygging» i overskrifta, som no.

Ny § 13-4 Fysiske inngrep for å avverje skade
(Fyrste ledd:) Tilsette i skolen kan gripe inn fysisk mot elevar når det er nødvendig for å avverje skade på personar eller for å avverje vesentleg skade på eigedom.
Framlegget opererer her med den «objektive nødvendigheitsformuleringa» «når det er nødvendig». Det står i kommentaren at vurderinga av kva som er nødvendig, må byggje på kunnskap og erfaring med slike situasjonar. Men paragrafen gjeld vel òg mindre røynde tilsette.
Er ikkje det avgjerande både praktisk og rettsleg kva den tilsette har grunn til å tru er nødvendig i situasjonen? I så fall kan det kanskje skrivast rett inn i lova («når dei har god grunn til å tru at det er»)? Sjå bort frå dette framlegget dersom det i alle tilfelle er slik formuleringa «når det er nødvendig» skal tolkast i regelverk.
(Andre ledd:) Tilsette kan også gripe inn fysisk mot elevar som viser ei åtferd som er sterkt sosialt fornedrande og det vil vere ei klar forsømming av skolens plikt til å yte nødvendig omsorg ikkje å gripe inn.
Dette leddet er nytt for Språkrådet, og det inneheld ei rekkje problem.
1) Konjunksjonen «og» står mellom setningar som ikkje heng saman. Dette er ein alvorleg syntaktisk brest. Det kan opphavleg ha stått «når elevar viser ... og det vil» (underforstått: og når det samstundes vil). Eller har det stått «og når» (sjå punkt 11 og 14 nedanfor)? Det manglar dessutan eit komma, men merk at eit komma ikkje løyser problemet.
2) Det står strengt teke ikkje at det er i situasjonen det skal gripast inn; det kan nesten sjå ut som om ein kan gripe inn når som helst mot dei det gjeld.
3) Genitivsformuleringa «skolens plikt» er ikkje ideell nynorsk. Betre: «den plikta skolen har».
4) Det er eit altfor langt innskot mellom «forsømming» og «ikkje å gripe inn».
Problem 1–4 kan ordnast slik:
Tilsette kan også gripe inn fysisk mot elevar som viser ei åtferd som er sterkt sosialt fornedrande, dersom/når det å ikkje gripe inn er ei klar forsømming av den plikta skolen har til å yte nødvendig omsorg.
Men det er fleire problem som bør løysast her.
5) Det bør presiserast at «fornedrande» skal oppfattast som sjølvfornedrande (i den tydinga at handlinga går ut over eleven sjølv, ikkje andre). Om andre forståingar av sjølvfornedrande: sjå nedanfor (punkt 10).
6) Fornedre er ikkje noko godt ord på nynorsk.
7) «Å vise ei åtferd som er slik og slik» er heller ikkje god nynorsk, eller god norsk i det heile. Det er tungvint substantivisk fagsjargong for det som heiter å «oppføre seg slik og slik», eller meir tradisjonelt og fyndig «te seg slik og slik».
8) Det å «vise ei åtferd som er sosialt fornedrande» finst det alt eit uttrykk for på vanleg norsk, nemleg «å skjemme seg ut» (i eigne eller andres augo eller begge delar). Med å leggje til «alvorleg/grovt» nærmar ein seg innhaldet i «sterkt (sjølv)fornedrande åtferd».
9) Adjektivet «sosialt» er overflødig dersom det handlar om vanleg utskjemming (i eller via andres augo). Ein kan saktens leggje til «for andre på skolen» i staden dersom det sosiale skal understrekast.
10) «Sosialt fornedrande» er brukt på ein uklår måte. I kommentaren (s. 34) er «sosialt fornedrande åtferd» presisert til åtferd som er «selvfornedrende for eleven selv» (sic). Skal det framleis vere meining i å kalle det «sosial fornedring», må det truleg vere vitne til åtferda. Men på side 22 er det vist til Helsedirektoratets rundskriv IS-10/2015 (s. 75–76), der det ser ut som om ein har vilja skyve vitna og deira vurdering lengst mogleg ut or biletet. Rundskrivet er vanskeleg å tolke, men det står at det er berre er åtferd som «fremstår som grovt ydmykende for personen selv» som skal reknast som vesentleg skade.
11) Slik skade oppstår ifølgje rundskrivet «først og fremst ... i situasjoner hvor det fremstår som en klar forsømmelse av omsorgen for vedkommende ikke å gripe inn». Men merk at lovframlegget etter alt å døme gjer dette til eit vilkår for alle inngrep (om det ikkje har falle ut eit ord, jf. punkt 14 nedanfor). Det er vanskeleg å forstå at det er relevant for vurderinga av sjølve audmykinga og skaden (dersom det ikkje skal vere to sider av same sak), jf. punkt 13 nedanfor.
Slik føresegna no er formulert, handlar ho kanskje om å skjemme seg ut i eigne augo i andres nærvær, men utan at det har noko å seie kva dei andre tenkjer, og kva ein sjølv tenkjer og føler om det. I tillegg kjem altså det kompliserande vilkåret at det må vere pliktforsømming ikkje å gripe inn. Det er naturleg å spørje om det endeleg må vere så innfløkt i opplæringslova. Det er allereie mykje ein tilsett skal vurdere i ein akutt situasjon medan sekunda går. Det er òg eit språkleg problem. Såkalla klarspråkleg tekst skal gjere mottakaren i stand til å handle korrekt. Å handle korrekt når det er for seint, gjev ikkje god meining.
Ein kunne teke tak i audmykinga frå rundskrivet og forenkla det til: «Dersom ein elev utset seg sjølv for grovt audmjukande handlingar ...», men det er òg å gå utanom naturleg norsk ordlegging. På meir naturleg norsk kunne det kanskje heitt:
Dersom ein elev er i ferd med å skjemme seg alvorleg ut (for seg sjølv? for medelevane?) på skolen, kan tilsette gripe fysisk inn for å avverje det, såframt det å la vere ...
Til slutt tre spørsmål om framhaldet «er ei klar forsømming av den plikta skolen har til å yte nødvendig omsorg»:
12) Trengst «nødvendig»? Finst det ei plikt til å yte ikkje-nødvendig omsorg som det er greitt å forsømme?
13) Trengst vilkåret i det heile? Skal ein ikkje i alle tilfelle hindre såkalla «vising av sterkt sosialt fornedrande åtferd»? Eller kan ein altså forsvare seg slik om ein ikkje har gripe inn: «Eg lét med vilje eleven ‘vise ei sterkt fornedrande åtferd’ fordi eg trudde eg likevel ytte nødvendig omsorg på vegner av samfunnet då eg stod ved sida og såg på»?
Det kan ikkje vere lett å skilje vurderingane av sterk fornedring og forsømming av tiltak mot fornedring frå kvarandre. Det står i kommentaren at «klar forsømming» «må vurderes ut fra de konsekvenser dette kan ha for eleven og vedkommendes forståelse av situasjonen». Det gjer det ikkje lettare.
14) Har det falle ut eit «og», slik at dette er eit sjølvstendig vilkår (jf. punkt 11)? I så fall bør det skiljast ut i eit særskilt punktum om at tilsette kan/skal gripe inn når det er ei forsømming ikkje å gjere det. Men det er vanskeleg å sjå at det kan bli noko anna enn ein tautologi.
Dersom vilkåret kan sløyfast, kunne ein vurdert å skifte heile leddet ut med ein definisjon, altså berre lagt til at sterkt fornedrande åtferd (det å skjemme seg alvorleg ut) skal reknast som skade på ein person, slik det står på s. 22 i kommentaren. (Merk at forresten at rundskrivet det er vist til der, handlar om «vesentleg skade», som føreset at åtferda er «grovt ydmykende for personen selv». Vil det seie at det kan oppstå skade før «fornedringa» er sterk?)
(Tredje ledd:) Dei fysiske inngrepa må vere eigna til å hindre eller avgrense skaden, og dei skal vere så få, kortvarige og skånsame som mogleg.
Ved fyrste augnekast kan det sjå ut som om fyrste ledd seier at det berre skal brukast nødvendige tiltak, men ved nærare ettersyn viser det seg at paragrafen opererer med eit subtilt skilje mellom eigna og ueigna tiltak som kan setjast inn når det er nødvendig med tiltak. I tredje ledd får ein altså forklart litt nærare kva inngrep som er eigna. Inngrepa skal mellom anna vere så få, kortvarige og skånsame som mogleg. Denne presiseringa skulle vere svært lett å forstå reint språkleg.
Vi vil likevel problematisere føresegna litt i lys av enklare løysingar.
I kommentaren (s. 35) står det: «Et fysisk inngrep som ikke er egnet til å oppnå sitt formål, vil aldri være nødvendig.» Det er sant, men det er òg etterpåklokt. Denne sanninga er meir relevant i ein valsituasjon: Eit tiltak som verkeleg er nødvendig, er ikkje ueigna. Om ein straks seier at det berre skal gjerast nødvendige tiltak, har òg sagt at det berre skal brukast eigna tiltak.
Utan eigentleg å endre innhaldet kunne ein slått saman og forenkla fyrste og tredje ledd til: «Tilsette i skolen kan gripe inn fysisk mot elevar berre i den mon/grad det er nødvendig for å avverje skade på personar eller vesentleg skade på eigedom.» Eller ein kunne late det stå som no med tillegg av «Tilsette skal ikkje gripe inn meir (ev: oftare eller sterkare) enn nødvendig».
(Presiseringa «eigna til å hindre eller avgrense skaden» er her sletta. Om ein har avgrensa ein skade, har ein jo samstundes hindra skade – «resten av skaden», så å seie. Problemet oppstår berre dersom ein omtalar skaden i bunden form eintal, og det treng ein ikkje gjere.)
Det kunne elles òg vore nok å seie (med eit synonym til eigna) at det berre kan gjerast høvelege inngrep. Høvelege inngrep må per definisjon vere føremålstenlege og kan dessutan ikkje vere for mange, for lange eller for brutale.
Som nemnt er presiseringa «få, kortvarige og skånsame» lett å forstå i og for seg. Men korleis fungerer ho i kombinasjon med «som mogleg» i akutte situasjonar? Inviterer ho til tidkrevjande finrekning og filosofering? Kan den tilsette få inntrykk av at han eller jo har tre kvotar som ikkje må brukast opp? Kan han eller ho få kjensla av at det å gjere nok (tilstrekkeleg, det som faktisk må til) er mykje mindre viktig enn det å ikkje gjere litt for mykje, same kor stort «skadepotensialet» er? (Og er det meininga?) Kan det føre til at han eller ho blir ståande og vege inngrep for og imot sine eigne interesser medan skaden skjer?
Trass i slike innvendingar og spørsmål trur vi nok at føremonene med ei utførleg formulering kan vere større enn ulempene. Og sidan denne formuleringa i alle tilfelle kjem til å bli brukt til å forklare føresegna, kan ho like godt stå i lova.
Eventuelt tillegg til føresegna:
Burde det vore presisert i sjølve lova at skade på personar femner om det å krenkje andre (psykisk) med fysiske handlingar av det og det slaget (jf. kommentaren)? Det er jo ikkje heilt sjølvsagt.

Ny § 13-5 Dokumentasjon og meldeplikt
(Fyrste ledd:) Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 13-4, skal melde frå om det til rektor. Rektor skal melde frå til foreldra til eleven. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven gjentatte gongar, eller dersom inngrepet er særleg alvorleg.
Her har vi tre rettingar og tre spørsmål.
1) Lova elles har den meir brukte valfrie forma «gonger». «Gongar» må konsekvensrettast.
2) «Gjentatte gonger» kan tolkast laust som «fleire gonger», som er betre nynorsk. Det kan òg tolkast meir bokstavleg, og då svarer det til dei knivskarpe formuleringane «to eller fleire gonger» og «meir enn éin gong». Kva er meininga?
3) Det er eit mishøve mellom «inngrep» i fleirtal og «inngrepet» i eintal. Kvar kjem det bestemte inngrepet frå? Det kan løysast slik: «... dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven meir enn éin gong, og like eins dersom det er nytta eit alvorleg fysisk inngrep».
4) Skal ein ikkje òg melde frå til rektor når ein har (kome i skade for å) nytte fysiske inngrep som ikkje er heilt i samsvar med § 13-4? I så fall kan presiseringa sløyfast.
5) Det står i kommentaren at det ikkje skal gjelde formkrav til den tilsette, men kva med tidskrav? Kor lenge kan den tilsette og rektor vente med å melde frå i ulike tilfelle? Det står noko om det i merknadene, men det ser ikkje ut til at det dekkjer alle situasjonar.
6) Går skiljet verkeleg mellom «alvorleg» og «særleg alvorleg»? (Kommentaren kan tyde på det, for det står at terskelen ikkje må vere for låg.)
(Andre ledd:) Skolen skal dokumentere det fysiske inngrepet med ei kort beskriving av hendinga og inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
1) Det er ikkje lett å sjå om «eleven sitt syn på saka» er ei utfylling av «beskriving av» eller «dokumentere». Om det er det fyrste, bør det heller stå: «... hendinga, inngrepet som vart gjort, og elven sitt syn ...» Elles kan ein gjerne tolke det slik at eleven sitt syn skal leggjast fram ufiltrert.
2) Bunden form eintal er («det fysiske inngrepet») er uventa. Med «inngrepet som vart gjort» blir «inngrepet» dessutan repetert på ein påfallande måte.
Heller: «... kvart fysiske inngrep med ei kort beskriving av hendinga og sjølve inngrepet». Eller betre: «Skolen skal dokumentere kvart fysiske inngrep med ei kort beskriving av hendinga som førte til inngrepet, sjølve inngrepet og eleven sitt syn på saka». Rett nok manglar etterspelet i denne formuleringa.
3) Det er visst ikkje presisert nokon stad kvar og korleis det skal dokumenterast reint fysisk. Kommentarane kan tyde på at det er meininga, for det er lagt vekt på at dokumentasjonen ikkje skal ta for mykje tid. Vi går ut frå at dei «fysiske krava» til dokumentasjon går fram av anna regelverk.

Kapittel 22 Privat opplæring
§ 22-2 Ansvaret til private grunnskolar
1) Under bokstav j er det ein gammal feil som ikkje er retta opp: «klassar og gruppar» > «klassar og grupper».
2) Bokstav n: Det skurrar med «opplæring om» slikt som kan kan kallast fag eller emne, der ein før brukte «opplæring i» eller «undervisning i/om». Det er forståeleg at ein ikkje vil bruke «opplæring i» der det i teorien kan lesast som «indoktrinering i». Men formuleringar som «opplæring i emna ...» og «opplæring i faget ...» skulle vere nok til å nøytralisere problemet.
3) Kontroller gjerne ein siste gong at formuleringa i punkta samsvarer med dei overskriftene som blir ståande til slutt.
4) I setninga «Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret ved ein privat skole til det øvste organet på skolen» er det kanskje teke ein logisk snarveg («Der lova legg ... ligg ansvaret»), men dersom det blir forstått rett, har vi ingen innvendingar

Forslag til endringer i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot
Vi har ingen andre merknader til paragrafane her enn dei som alt er nemnde, bortsett frå at «dagleg leiar» kan skiftast ut med «den daglege leiaren» (ny § 3-10c).
Konklusjon
Språkrådet oppmodar departementet om å setje av nok tid til den språklege kvalitetssikringa av desse paragrafane.