🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2024-2025

Språkrådet

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsfråsegn frå Språkrådet om forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning

Språkrådet viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet av 30. juni 2023 om forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning.

Høyringsfråsegna frå Språkrådet gjeld paragraf 2-2 andre og sjuande ledd under Kapittel 2 Generell studiekompetanse i høyringsnotatet.

Språkrådet er uroa over eventuelle følgjer endringa i ordlyden i forskrifta paragraf 2-2 andre ledd tredje punktum kan få for undervisninga i norsk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.

Bakgrunnen for fråsegna frå Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og skal følgje opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kulturdepartementet. Språkrådet skal føre tilsyn med korleis dei som har plikter etter språklova, praktiserer og etterlever rettsreglane, og rettleie om kva som skal til for å oppfylle krava i lova.

Føremålet med språklova er å styrke norsk språk slik at det blir verande eit samfunnsberande språk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. I den norske språkpolitikken er utvikling av fagspråk i universitets- og høgskulesektoren peika ut som særleg viktig for å nå det målet. Ifølgje paragraf 2-3 i forslaget til ny universitets- og høgskulelov skal universitet og høgskular «bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk». I den same paragrafen står det også at undervisningsspråket «skal være norsk».

Merknad til paragraf 2-2 andre og sjuande ledd under Kapittel 2 Generell studiekompetanse

Språkrådet har merknader til forslaget om å fjerne studiepoeng frå det som no blir foreslått omtalt som «årskurs i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar». Utan studiepoeng vil ikkje denne utdanninga telje med i Kunnskapsdepartementets finansieringsgrunnlag for det universitetet eller den høgskulen som tilbyr slik utdanning. Dette vil kunne føre til at denne utdanninga ikkje blir prioritert frå universiteta og høgskulane si side. Språkrådet er difor redd for at slik utdanning då vil bli fasa ut.

Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar er eit viktig studium for å førebu utanlandske studentar på dei krava som ventar dei, både skriftlege og munnlege, som studentar ved universiteta og høgskulane. Studiet er også viktig for det norske fagspråket, i og med at det kvalifiserer for å kunne følgje undervisning på norsk ved universiteta og høgskulane. Eit slikt studium er spesifikt retta inn mot å førebu studentane på ein studiekvardag og inneheld såleis meir enn dei generelle norskkursa som kommunane tilbyr, og som høyringsnotatet viser til.

I eit vidare perspektiv er eit slikt studium viktig for å unngå at institusjonane må endre undervisningsspråk frå norsk til engelsk i andre emne og program fordi det er studentar der som ikkje beherskar norsk. Det er såleis eit viktig studium for å styrke norsk som undervisningsspråk i høgare utdanning og dermed styrke norsk fagspråk.

Ut frå Prop. 126 L (2022–2023) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) kan ikkje Språkrådet sjå at det har vore vurdert kva konsekvensar ei slik fjerning av studiepoeng for dette studiet vil kunne få. Forslaget til ny UH-lov er ikkje vedtatt enno, og vi kan heller ikkje sjå at definisjonen av studiepoeng i dette lovforslaget har vore på høyring.