Eg tykker dei siste åtaka på Nav er temmeleg urettvise. Sjølv vart eg tilsett på Dagpengekontoret i Arbeidsdirektoraet i 1993 og arbeidde mest med dagpengar, men også med andre ytingar der, og seinare på ei forvtaltingseining i hovudsak med klager i Nav fram til 2014. Eg handsama mellom anna meir enn 5,000 klager.
Poenget mitt at det er gode grunnar for at Nav har tydd til snarvegar og at ikkje alt har vorte gjort «etter boka» - mangel på nok og godt nok kvalifiserte medarbeidarar. Dette er elefanten i rommet som låg utanfor det som skulle greiast ut og som ein lojal leiar i Nav ikkje kan vise til.
Kvifor har det vorte slik at Nav gjer vedtak om avslag på krav om dagpengar i staden for sjølv å skaffe seg den informasjonen som trengs for å gjere rett vedtak? Det vil ta mykje tid for Nav å gjere dette sjølv. Difor freistar ein å få stønadssøkjarane sjølve til å skaffe denne informasjonen. Det kan vere brysamt for dei og vert ofte ikkje gjort.
Styresmaktene krev at det vert gjorde raske vedtak. Då vert løysinga å gjere avslagsvedtak sjølv om konsekvensen ofte vert klager og omgjeringsvedtak ut frå ny informasjon. Dette fører sjølvsagt til mykje ekstraarbeid. Dette er berre eit døme på den vonde sirkelen Nav har kome inn i, og ein grunn til at ein freistar så sterkt å effektivisere ved hjelp av datasystem. Dei veikaste brukarane som treng mest personleg kontakt vert offera.
Eg trur det er fare for at det ikkje vert mogeleg for Nav-leiar Holte å realisere dei tri hovudambisjonane han har for skuld mangel på ressursar. Å finne løysingar saman med dei som treng det mest er veldig arbeidskrevjande. Det lar seg knapt gjere når ein sakshandsamar har ansvaret for 100 – 150 menneske. At alle skal få pengane dei har krav på – enkelt og føreseieleg – er det optimale. Men med veldig kompliserte regelverk og for få medarbeidarar der mange ikkje har dei kunnskapane som er ynskjeleg let det seg knapt gjere å nå eit slikt mål.
Ei delløysing vil sjølvsagt vere å å innføre mykje meir firkanta reglar i lovene og regelverka generelt, sjølv om resultatet vert meir urettvist for mange. Ynskjer Stortinget det?
Cand, jur. Asbjørn Lauvstad