Denne høringsuttalen erstatter innsendt uttale 28 juni.
Innspel til Samferdselsdepartementet til NTP 2025-2036 frå
Forum Nye Bergensbanen, frist 3 juli 2023.
Fagetatane sine innspel til NTP frå 31 mars 2023 viser at deira mandat om å prioritere etter samfunnsøkonomisk nytte ikkje kan vera utgangspunkt for kva som skal prioriterast i NTP. Fagetatane tek etter FNB si meining med eit slikt mandat ikkje tilstrekkeleg høgde for liv og helse, klima og miljø og distrikts- og næringsutvikling når prosjekt skal prioriterast.
Bergensbanens forkorting bind saman aust og vest, og er eit nasjonalt prosjekt.
Det er 31 år sidan Ringeriksbanen vart fyrste gong vedteken på Stortinget. Ringeriksporteføljen er gryteklar og kan ikkje utsetjast meir. Ringerike og Hole kommune har planlagt utvikling av sine kommunar utifrå at banen kjem, infrastruktur investeringar for milliardar er teke og mykje av den vidare utviklinga i regionen står på vent.
Mellom Bergen og Voss er arbeidet godt i gang, BKK jobbar med å leggje kablar for å få utslippsfire anleggsområde. Meir enn 30 husvære er kjøpt ut for ca. 130 millionar, og det merkast i eit lite bygdesamfunn som Vaksdal at husa vert ståande tomme i påvente av oppstart av bygging av veg og bane.
Statsråd Nygård har vore tydeleg på at regjeringa vil legga stor vekt på fylka sine eigne prioriteringar. FNB viser difor til vedtaka gjort i Vestland FK og Viken FK i juni i år.
Vestland Fylkeskommune vedtok 15 juni 2023 fylgjande:
4. Vestland fylkeskommune meiner at følgjande statlege prosjekt må få oppstart i første
a. Vestland fylkeskommune oppretthald at E16/Vossebanen Arna-Stanghelle (K5) er det
høgast prioriterte av store investeringar, og meiner det er heilt uhaldbart at dette
viktige prosjektet ikkje er prioritert i framlegget frå etatane. Prosjektet er viktig for liv og
helse, det er planavklart og klart for realisering allereie i 2024.
Viken Fylkeskommune vedtok 21 juni 2023 fylgjande:
Viken fylkeskommunes prioritering av jernbaneprosjekter:
Ringeriksbanen/FRE16: Viken fylkeskommune mener Ringeriksbanen/FRE16 må ha oppstart i første seksårsperiode.
FNB ber difor statsråden merke seg desse to fylka sine høyringsinnspel og ovanfornemnte prioriteringar der begge FNB sine prosjekt er prioritert som nr. ein i sine fylker, samt gode argumenter for våre prosjekter som fylgjer under her.
Meiner ein alvor med det grøne skiftet så må bevillingane til nye prosjekter på jernbanen aukast. Transportsektorane står for over 30% av utsleppa. Ein auka vegtrafikk for person- og godstransport vil ikkje betre trafikksikkerheita på vegane og den vil auka monaleg utslepp av CO2 og forureining med mikroplast frå bla. bildekka.
Mellom dei to største byane er ein rask togbane nøkkelen til å få ned flytrafikken på ein av Europas topp 7 flystrekningar. Med ei reisetid ned i 4 timar vil så mange som 900.000 fleire reisande velja tog og ikkje fly mellom Oslo og Bergen.
(kjelde: http://nyebergensbanen.no/wp-content/uploads/2022/11/Rapport-Fra-fly-til-tog-til-FNB-20221115.pdf )
Med dei to prosjekta som er inne i NTP; Ringeriksporteføljen og K5, nærmar me oss målet, nemleg Oslo – Bergen på 4 timar.
Den nye jernbanetrasé Bergen-Voss vil gje 30 minuttar i reisetidsreduksjon!
Ringeriksbanen vil redusere reisetida for Oslo-Hønefoss med nær ein time!
Dermed er 4-timar Bergen-Oslo mogleg.
Bergensbanen har levert i over 100 år. Med desse investeringane vil me få ei moderne, framtidsretta og klimavenleg jernbane, som er klar for dei neste 100 åra!
Mellom Bergen og Voss er det planlagt ny veg og bane skal byggjast som eit fellesprosjekt som sikrar både veg og bane mot ras. Det er berre K5, parallell veg og bane, som løyser utfordringane på denne strekninga og som sikrar oss ein moderne og sikker veg og bane.
Det er og viktig at det vert lagt opp til vidare planlegging frå Stanghelle til Voss, for å sikra kontinuerleg utbygging av ny veg og bane Bergen-Voss.
E16 mellom Skaret og Hønefoss har og mange ulukker. Dette er hovudvegen mellom Oslo og Bergen og det er kvar helg stor utfart med lange køar til hytter på Ringerike og i Hallingdal.
Når det er trongt om midlar i samferdsel så må ein prioritera strekningar som er til fare for liv og helse. Dette gjeld både K5 Bergen- Voss og Ringeriksporteføljen.
Ein må også sjå Bergensbanen i eit geopolitisk perspektiv, der jernbanestrekninga er svært viktig for samfunns- og beredskapstryggleiken mellom Noregs to største byar.
Distrikts- og næringsutvikling:
Ved å byggje Ringeriksbanen og ny bane Bergen- Voss så vil befolkninga langs traseen ikkje ha meir enn 2 timar til enten Oslo eller Bergen. Dette vil ha svært mykje å seie for næringsutvikling langs traseen og ikkje minst for å kunne tiltrekkje seg arbeidskraft både innan offentleg og privat sektor.
· Det blir skapt ein heilt ny bu- og arbeidsmarknadsregion vel 30 minutt frå Oslo, som vil avlaste framtidig press på hovudstadsområde.
· Austlandet og Vestlandet kjem nærare kvarandre med ei redusert reisetid på ein time. Halling- dal får kortare reisetid og betre regularitet begge vegar, noko som er viktig for både reisande, for tilflytting og for rekruttering til næringsliv og offentlege arbeidsplassar.
· Ein vil få vekst og ei betydeleg verdiskaping på heile strekninga Oslo-Bergen, spesielt i Ringeriksregionen og Hallingdal, men også på Voss og i Bergensområdet/ Vestland. Dette er avgjerande for å oppretthalde levande bygder og vekst i distrikta.
· Tog blir eit reelt samferdselstilbod til den største reiselivsregionen i landet, Hallingdal, og vil avlaste Rv 7, som ofte er heilt «full» av hyttehallingar som står i kø gjennom dalen.
NTP for 2025- 2036 må ha med oppstart i fyrste periode for Ringeriksporteføljen og for K5- ny veg og bane mellom Bergen og Voss.
Det må i budsjettet for 2024 setjast av nok midlar for at prosjekta ikkje stoppar opp til NTP har vore i Stortinget våren 2024. K5 treng 600 millionar i 2024 og det er vedteke i Stortinget at Ringeriksporteføljen skal få eigen finansiering i Nye Veier AS, og ikkje inngå i deira ordinære portefølje.
Forum Nye Bergensbanen
Styreleder i FNB og ordfører på Voss, Hans- Erik Ringkjøb
e-post: hans.erik.ringkjøb@voss.herad.no
Nestleder i FNB og varaordfører i Ringerike, Dag Henaug Daglig leder Hilde Magnusson
m. 97537306 m. 41566450
e-post: dag.erik.henaug@ringerike.kommune.no e-post: hilde.marie.magnusson@vlfk.no