Nye Veier AS har fått ansvaret for rassikring og oppgradering av riksveg 13 på strekningen Skare-Sogndal. For at det skal kunne gjennomførast bør Nye Veier AS få tilført øyremerkte midlar.
Beløpet som Nye Veier AS har til føremålet i dag, kr 3,6 milliardar, er altfor lite i høve oppdraget.
Mellom Kinsarvik og Bu i Ullensvang kommune ligg strekningen Kyrkjenes-Bjotveit på rv. 13. Strekningen er ein utdatert veg med svært smal vegbreidd i høve trafikkmengda. Det har ført til kork og kaos om sommaren som ei fylgje av stor turisttrafikk. Naudetatane har slite med framkome på strekningen. For å sikre framkoma er det innført kolonnekøyring og lysregulering om sommaren. Det er også skilta omkøyring via ferjestrekningar i nærleiken. Denne løysinga er ikkje berekraftig, verken for busette på strekningen, pendlarar og næringslivet. Turistnæringa er ei viktig næring for Hardanger, og strekninga Kyrkjenes-Bjotveit er inngangsporten frå rv. 7 og Hardangerbrua.
Som busett på strekningen ber eg om at Nye Veier AS prioriterer ei oppgradering av strekningen Kyrkjenes-Bjotveit der gul stripe er målet. For å løyse alle utfordringane på rv. 13 må Nye Veier AS tilførast øyremerkte midlar i tillegg til den løyvinga som Nye Veier AS har pr. i dag.