🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til endringer i kulturloven

Museum Vest

Departement: Familiedepartementet
Dato: 30.06.2023 Svartype: Med merknad Museum Vest har med stor interesse lese både lovutkastet og Museumsforbundet sin vurdering av og innspel til denne. Vi sluttar oss grunnleggande til Museumsforbundet sine vurderingar slik dei kjem fram av høyringsuttalen. Slik vi vurderer det har Museumsforbundet skrive eit godt underbygd og tydeleg innspel til lovforslaget. Vi deler den positive tilnærminga til at prinsippet om armlengdes avstand nå blir lovfesta. For sjølv om prinsippet allment er akseptert som ein førande verdi kan og har det oppstått situasjonar der ein kan stille spørsmål ved om prinsippet blir likt forstått og respektert. Ei lovfesting vil såleis gi eit formelt grunnlag til å etablere ei sams forståing av kor grenseoppgangen går. Som NMF peikar på har fleire av våre granneland alt formalisert tilsvarande prinsipp. Og det er interessant at erfaringane frå Sverige tilseier at det er gjennom oppfølging og evaluering av lova ein kan få etablert eit felles syn på kva «prinsippet om armlengdes avstand betyr i praksis». Vi er difor samde i at prinsippet i utgangspunktet bør formulerast enkelt og prinsipielt, og er difor samd i forslaget om å fjerne atterhaldet «i hovudsak» i utkastet til § 2a, første ledd. Samstundes ser vi positivt på måten lovutkastet eksplisitt knyter prinsippet til «kunstnerisk eller kulturfagleg skjønn» og «relevant fagkompetanse». Dette fordi det strekar under grunnlaget for at musea og andre kulturinstitusjonar har tillit og bør ha handlingsrom innanfor «ytringsfrihetens infrastruktur». Vidare deler vi NMF sitt kritiske syn på unnataket slik det er formulert i siste (lange) setning i § 2a og støtter forslaget om å fjerne det. Her legg vi særleg vekt på at NMF har henta inn relevante erfaringar frå aktørar innan vår sektor som opplever dei problematiske sidene ved ulik prinsipiell tilnærming frå ulike forvaltingsnivå. Eit lovfesta unnatak kan bidra til å sementere slike utfordringar og i sum svekke prinsippet om armlengdes avstand. Vi deler Museumsforbundet sin støtte til ein utvida § 4. Ei tydeleggjering av fylkeskommunen og kommunens ansvar og oppgåver på kulturfeltet kan særleg vise seg tenleg i ei tid med vanskelege økonomiske prioriteringar. Med vennleg helsing Museum Vest Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"