🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til endringer i kulturloven

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet
Dato: 30.06.2023 Svartype: Med merknad Høyringssvar: utkast til endringar i kulturlova Noregs Mållag takkar for høvet til å kome med høyringssvar til lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakter sitt ansvar for kulturverksemd (kulturlova). Noregs Mållag stør dei endringane i kulturlova som er føreslegne. Vi vil samstundes bruke høvet til å minne om nynorsken og det språkpolitiske sin plass i kulturpolitikken. Forslaga til endringar i kulturlova kjem som ein konsekvens av tilrådingar frå rapporten til Ytringsfridomkommisjonen NOU 2022:9: En åpen og opplyst offentlig samtale . I vårt høyringssvar til denne rapporten, skreiv vi at moglegheitene for å ytre seg er vanskelegare for brukarar av nynorsk enn for bokmåksbrukarar. Men det er også vanskelegare forhold for brukarar av samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Lov om språk (språklova) vart sett i kraft i 2022 og stadfestar at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei norske skriftspråka. Språklova må praktiserast på dei samfunnsområda det er føremålstenleg. Noregs Mållag meiner kulturpolitikken og kulturlova er ein sjølvsagt stad der språklova må bli teken til følgje. Armlengdeprinsippet må ikkje stå i vegen for at ein kan setje språkkrav til produksjonar og produsentar. Armlengdesprinsippet må heller ikkje kome i vegen for at det skal vere mogleg å gje særskilte løyvingar til initiativ, produksjonar og framføringar som er på nynorsk, samisk eller kvensk. Det er oppfatninga til Noregs Mållag at språklege mål og språkpolitiske omsyn går under «legitime politiske mål» eller «legitime omsyn», som til dømes at kunst- og kulturtilbodet når flest mogleg. Begge desse omsyna er nemnde i høyringsutkastet på side 24. Det nynorske ytringsrommet er avhengig av at det vert produsert og utvikla ny journalistikk, scenetekst, litteratur og teksting på nynorsk av mangfaldige røyster. Politikken for desse områda må ta innover seg at ytringsrommet er ulikt for dei to norske skriftspråka, og at det trengst andre og særlege tiltak for å sikre og styrkje nynorsk på desse viktige områda i ytringskulturen vår. Kulturtilbod på nynorsk, samisk og kvensk er like godt som alt anna, men har større økonomiske utfordringar. Difor vil det i mange høve vere avgjerande med særskilte løyvingar og tiltak. Dette er viktig for å sikre kultur på nynorsk, samisk og kvensk like gode vilkår som majoritetskulturen. Til dømes kjempar no Det Norske Teatret for å sikre seg ei løyving som er like stor som den til Nationaltheatret. Det offentlege må leggje til rette for meir nynorsk i populærkulturelle arenaer og leggje til rette for eigne nynorske organ / fagmiljø som utviklar og utvidar ytringsrommet for barn og ungdom. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"