🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av Barnevernsutvalgets NOU 2023:7

Søre Sunnmøre Barnevernssamarbeid

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Svar på høyring Trygg barndom, sikker framtid NOU 2023:7 frå Søre Sunnmøre Barnevernssamarbeid.

Grunna tidspress må vi prioritere kva vi skal svare på i høyringa. Vi har då valt å svare på forslaget om å opprette BRO-ordninga. Innleiingsvis vil vi også kommentere at vi reagerer sterkt på at det ikkje er representantar som arbeider i kommunalt barnevern i utvalet. Dette gir eit inntrykk av at dei som har sett ned utvalet har ein manglande tillit til at tilsette i barnevernet kan gjere relevante overordna vurderingar. Vi er kjend med at det er nytta referansegrupper, men dette er på ingen måte tilstrekkeleg.

Vi stiller oss bak mindretalet sin uttale i 7.6.1, der det kjem fram grunngjevinga deira knytt til innføring av BRO-ordninga.

Vi ønsker også å legge til følgjande:

· Den manglande tilliten til tilsette i barnevernet kjem etter vår oppfatning fram fleire stader i rapporten. I framlegget om BRO er dette svært tydeleg. Vi er samde i at tilsynsførarordninga og ordninga med barnets talsperson bør reviderast og at ein må finne betre løysningar. Vi synest derfor det er uheldig at forslaget til løysing er BRO. Vi er også samde i at det er manglar ved barnevernstenesta sin moglegheit til å gjere godt nok arbeid i høve nær og god nok kontakt med barnet undervegs i arbeidet. Dette er noko som vi i vår teneste dagleg arbeider for å forbetre. · Til tross for manglane erfarer vi gjentekne gongar likevel at barnevernskonsulenten til barnet er den som barnet ofte har best tillit til. Barnevernskonsulenten kjenner barnet sine foreldre og familien sin totale situasjon og har dei beste føresetnadane for både å kunne snakke med barnet og kunne vurdere kva som er det beste for barnet. Å arbeide i barnevernstenesta inneberer at ein forvaltar både det byråkratiske arbeidet i ei sak og det sosialfaglege aspektet i kontakten med barn og familiar. Det å snakke med barn er noko dei tilsette trekker fram som særleg motiverande og inspirerande i det daglege arbeidet. Samtalar med barna er noko ein prioriterer høgt, fordi ein erfarer at det er viktig for å sikre reell medverknad. For å sikre at barnet sin stemme vert høyrt er det viktig at den som tek avgjerder vedkomande barnet har nær kontakt med barnet og kjenner barnet godt. Den tilsette i barnevernet er ein barnefagleg kompetent person og har hovudansvaret for barnet si sak i barnevernet og er kompetent også til å samarbeide med akkreditert advokat.

· I vår teneste har vi arbeidd mykje over tid med korleis vi skal sikre barnet sin medverknad og kontinuitet i barnet sin kontakt med oss, og dermed også sikre rettstryggleiken til barnet. Det sårbare punktet her er at det er høg turnover i barnevernet. I vår teneste er det ikkje det, men vi er kjent med at det på landsplan er slik. Vi trur ikkje at BRO vil sikre barnet meir kontinuitet. Bakgrunnen for turnover i barnevernstenesta handlar i høg grad om korleis det er å vere tilsett. Manglande leiarstøtte, rettleiing og moglegheit for kompetanseheving er viktige årsaker til dette. Her har barnevernsreforma kome med endringar som kanskje kan føre til noko betring. · Ein BRO skal bli kopla inn i saka frå då barnevernstenesta byrjar å vurdere at barnet ikkje kan bu heime. I praksis vil dette seie at i fleire saker må BRO kome tidleg inn, og vere med over lang tid også når barnet bur heime. Å flytte eit barn ut av heimen er oftast ein lang prosess, der ein har tett kontakt med familiane og der ein prøver ut mange tiltak for å forsøke å betre situasjonen. Ein legg opp til tett dialog både med foreldre og barn i ein slik prosess, og kontaktpersonen blir oftast godt kjent med både barnet og foreldra. Det er i slike prosessar viktig at kontaktpersonen er tilgjengeleg for både foreldra og borna. Vi erfarer ofte at både borna og foreldra har låg terskel for å kontakte kontaktperson, og at det er viktig for tilliten hjå familien at kontaktpersonen kan stille opp på kort varsel, i tillegg til planlagde møte. Korleis ser ei føre seg at ein BRO skal vere tilgjengeleg kvar gong ein skal ha ein samtale med barnet? Berre i vår teneste vil dette utgjere mange heile stillingar. · Barnevernstenesta erfarer at omfanget av alvorlege og komplekse problem i familiane ein kjem i kontakt med er aukande. Ulike former for vald, rus eller psykisk uhelse hos både barn og vaksne, samt store foreldrekonfliktar er gjentakande problemstillingar. Skal ein arbeide godt og yte god hjelp til borna i desse familiane, krev det både kompetanse og tid. Her vil det, som mindretalet i utvalet påpeikar, kunne oppstå usikkerheit hos barnet og andre om kven ein skal halde seg til og kva oppgåver og roller den einskilde aktør har. Skal ein gi barnet moglegheit til å meine noko om eigen situasjon, vil det vere viktig at den som skal snakke med barnet også kjenner heile situasjonen til barnet, og kan hjelpe barnet til å forstå samanhengar. · Barnevernstenesta vurderer at det for borna vil vere mykje betre å nytte ressursane til å styrke barnevernet slik at dei tilsette har meir tid til kvart barn, og kan vere tettare på borna og familiane deira. · BRO framstår som ei usikker ordning og som vil vere vanskeleg å gjennomføre. Slik vi forstår ordninga, så skal dei som skal vere BRO har same kompetanse som det vert kravt av tilsette i barnevernstenesta. Utvalet seier med dette at det ikkje er dei tilsette sin kompetanse eller evne som gjer at rettstryggleiken til borna ikkje er god nok. Då må det handle om rolla, samt rammene rundt samtalane. Vår vurdering er at BRO ikkje er naudsynt om dei tilsette i tenesta kan ha rammer som gjer at dei både står i arbeidet over tid, og at dei har betre tid til å følgje opp kvart einskild born. Vi meiner at utvalet undervurderer dei tilsette i tenesta si kompetanse og evne til å ta barnet sitt perspektiv og halde det fram, sidan ein konkluderer med at ein BRO skal vere tilgjengeleg for barnet i alle samtalar. For barnet vil dette også indirekte seie at ein ikkje kan ha tillit til tilsette i barnevernstenesta. Vi vurderer at dette vil kunne skape forvirring og svekke rettstryggleiken til borna, framfor å styrke den. · Etter at eit barn har flytta i fosterheim eller på institusjon, har barnevernstenesta framleis tett kontakt med barnet. Vår vurdering er at dei same momenta som gjer seg gjeldande i kontakten mellom barn og saksbehandlar før flytting, også gjeld etter flytting. · For born som har flytta ut av heimen, er vi som vi har nemnt samde med utvalet i at ordningane som er i dag ikkje er gode nok, og at ein bør finne ei anna løysing på denne. Vårt framlegg er at tilsynsførarordninga ligg til helsetilsynet, som ei tilsynsordning. · Vi vil til slutt peike på at det i mange kommunar allereie no er krevjande å rekruttere fagpersonar til stillingar i barnevernstenesta. Vår teneste er heldig som har høgskule med barnevernsutdanning i nærleiken, men vi ser at kommunane som ligg mindre sentralt til allereie no må tilsetje annan fagkompetanse enn barnevernsfagleg i sine tenester. Dei tilsette trekk fram det å ha kontakt med born som ein svært viktig faktor for at ein finn arbeidet i tenesta motiverande. Dette gjer at vi vurderer at det ligg til rette for at denne delen av arbeidet kan styrkast, framfor å redusere barnevernskonsulentane til å sitje att med berre meir av den byråkratiske delen av arbeidet. Vår frykt er at då greier vi ikkje å behalde dei dyktige fagpersonane vi har i tenesta, og at rekrutteringa vil bli endå vanskelegare.