🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - pliktig innmelding av grunnundersøkelser og naturfareutredninger

Kommunegeologen for Kvam, Ullensvang, Bjørnafjorden, Kvinnherad, Samnanger og Ulvik

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsuttale frå kommunegeologen

Kommunegeologen er tilsett som rådgjevar i Kvam herad og kommunen samarbeider med fem andre kommunar i nærleiken om kommunegeolog: Bjørnafjorden, Samnanger, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik. Kommunegeologen har fagansvar for naturfare, med mest erfaring og kompetanse om skredfare. Denne høyringsuttalen er på vegne av deltakarkommunane i kommunegeolog-samarbeidet ut frå erfaringa til kommunegeologen.

Då kommunegeologen starta i Kvam herad var noko av det første han gjorde, for å få oversikt i over skredfaren og andre naturhendingar i kommunen, å samle inn og få oversikt over gamle skredrapportar. Det var òg ein prioritert oppgåve i samarbeidande kommunar. I ettertid har NVE kome med aktsemdkart og retningslinjer, men det er kanskje minst like aktuelt no å få oversikten over naturfarevurderingane som vert gjort, både gamle og nye.

Kommunegeologen viser til Kommunal- og distriktsdepartementets høringsforslag til pliktig innmelding av geotekniske grunnundersøkelser og naturfareutredninger til offentlige registre sendt 20. mars 2023.

Kommunegeologen brukar mykje NVE sine nettverktøy i sitt arbeid og ser dermed ofte dei positive sidene ved at naturfarevurderingar vert gjort tilgjengeleg, både nye og gamle. Det er til stor nytte for sakshandsamarar og konsulentar å vite kva som er gjort før, for å vurdere kva som må gjerast vidare i ein sak.

Kommunegeologen sine erfaringar er at det bør vere konsulenten som lagar rapporten som sender inn rapport med vedlegg og GIS-data til NVE. Kunden har ofte ikkje kunnskap nok til å vite kva rapporten skal innehalde, og det er ikkje alltid at kommunane får alle vedlegga – t.d. for ein reguleringsplan så er det godt nok for sakshandsamaren at omsynssonene for naturfare er med i planen, ikkje at rapporten med vedlegg og GIS-data vert levert til kommunen slik at kommunen kan få sendt dei vidare til NVE for publisering. Som kommunegeologen ser eg òg at for plan- og byggesak så er dei ofte nøgd når rapporten har kome inn i planen/byggesaka og at den ikkje vert vidaresendt til kommunegeologen eller til NVE til publisering. I ein travel kvardag så får heller ikkje kommunegeologen sendt inn rapporter til NVE for publisering, sjølv om han ser fordelane ved at dei vert publisert. NVE har fått inn mange rapportar frå kommunar i NVE, både i NVE sine faresonekartvurderingar, men òg i høyringsuttaler i reguleringsplanar, dispensasjonssaker og moglegvis byggjesaker. Mange av dei rapportane vert truleg heller ikkje registrert i NVE sin rapport-database, truleg på grunn av travel kvardag og/eller manglande ressursar for å prioritere publisering. Dette er argument for at det bør vere konsulenten som gjer vurderinga som bør ha plikten å sende inn naturfarevurderinga. Naturfarevurderingane skal vere i tråd med NVE sine rettleiarar slik at dei lett kan bli gjort tilgjengeleg i NVE (og NGU) sine databasar, og innmeldinga kan vere ein måte for å sjekke om det kan vere manglar i leveringa. Når frivillig innlevering ikkje er optimalt, så er plikt om levering noko som truleg må på plass.

Pliktig innmelding vil gjelde nye utgreiingar, så kommunegeologen oppfordrar NVE, NGU og andre til å sjå nærmare på ordningar slik at òg gamle naturfaglege undersøkingar vert sendt inn. Det kan vere auka ressursar til NVE, økonomiske ordningar (t.d. dekke kostnader med innsending, digitalisering av faresoner eller andre data), eller å gjere systemet så bra at konsulentar, kommunar, private ser nytten av oversikta slik at dei er med på dugnaden med å få sendt inn gamle rapportar.

For vurdering av områdeskred så har kommunegeologen eit spørsmål om plikt til levering av vurdering av punkt 1–3 i prosedyren i kvikkleirerettleiaren (tabell 3.1.). Det er ikkje krav til geoteknisk kompetanse for å gjere vurderinga i pkt. 1–3. Vil det vere krav til pliktig innlevering av ein slik vurdering uavhengig av kven som gjer denne vurdering (om den vert tatt med som dokumentasjon i ein plan- eller byggjesak)? Elles berre om ein konsulent gjer denne jobben? Eller er det ikkje innleveringsplikt på ein vurdering av punkt 1–3 i kvikkleirerettleiaren? Om det ikkje er nemnd så bør vel det namnast i forskrifta at det er ein innleveringsplikt for ein slik dokumentasjon eller ikkje.

I Skred AS sin uttale så spør dei om klargjering av vurderingar med krav om uavhengig kvalitetssikring (UAK). Om det ikkje står tydeleg i forskrifta så bør vel det spesifiserast. Slik kommunegeologen forstår det så er det vel endeleg versjon av rapporten med UAK og eventuelle tilsvar/opprettingar som skal meldast inn, ikkje førebels rapport som vert sendt til UAK. Eg antar at det òg vil gjelde andre vurderingar, det er endeleg rapport som skal meldast inn. Om det kjem nye revideringar seinare, etter at rapporten er meldt inn, så må sjølvsagt dei òg meldast inn.

I slutten av § 4 i forslag til forskrift (side 66) så står det «Informasjon som er undergitt lovbestemt taushetsplikt, skal ikke meldes inn». Er det ikkje ein stor fordel at NVE, DSB, beredskapsansvarleg i kommunane og liknande har ein oversikt over kartleggingar som er gjort, sjølv der rapporten er undergitt lovbestemt taushetsplikt? Vert dei informert om rapportane på anna vis som gjer rapportane tilgjengelege for dei som treng slik informasjon? Om ikkje så kan det vel vere krav/plikt om å sende inn rapporten (minimum metadata om rapporten), men at det er mogleg i innmeldingssystemet å leggje inn avgrensingar slik at rapporten ikkje er tilgjengeleg for alle, t.d. at du må ha spesielle brukarrettigheitar for å sjå desse rapportane? For kunnskapsbanken til DSB så er det ikkje alle som har tilgang til alt av data (innlogging via Altinn eller liknande). Dette kan òg gjelde andre moglege avgrensingar av opne rapportar – mogleg å leggje inn reservasjonar. Det bør vurderast om databaseeigar kan opne rapportar som er lagt inn med reservasjon om dei meiner at reservasjon ikkje er nødvendig, eller at det er mogleg å sladde rapporten. Konsulent bør vel uansett prøve å unngå å ha med sensitive data i ein naturfarevurderingar.

Til slutt vil kommunegeologen takke for arbeidet som vert gjort for å forbetre tilgangen på informasjon om naturfare slik at samfunnet kan bli tryggare.