Høyringssvar frå Noregs Mållag: Endringar i forskrift om rammeplanar for lærarutdanningane
Noregs Mållag vil gjerne kome med innspel til endringar i forskrift om rammeplanar for lærarutdanningane. I dag er det ulik praksis for å gje nynorskopplæring i lærarutdanningane på dei ulike utdanningsinstitusjonane. Etterutdanningstilbodet i nynorsk er òg for dårleg. I det heile finst det ikkje eit system for å sikre at lærarutdanningane gjer framtidige lærarar, uansett kva fag, kompetente til å undervise på og i nynorsk som hovudmål.
Låg nynorskkompetanse blant lærarar er eitt av dei største trugsmåla mot nynorsken i skulen og ein av grunnane til språkskifte, særleg i randsonene. Læreplanverket definerer lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter som skal øvast opp i alle fag, og slår mellom anna fast at «desse ferdigheitene er del av den faglege kompetansen og nødvendige reiskapar for læring og fagleg forståing. Dei er òg viktige for utviklinga av identitet og sosiale relasjonar hos elevane og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv. [...] Lærarar i alle fag skal støtte elevane i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter.» For å nå måla i læreplanverket også for nynorskelevar, er det avgjerande at lærarane i alle teoretiske fag har reelle kvalifikasjonar i nynorsk, ikkje berre formelle. Det vil opne for at også nynorskelevar kan få den avgjerande mengdetreninga som ligg til grunn for ei god lese- og skriveopplæring.
Noregs Mållag vil også vise til Prop. 57 L (2022-2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) , der Kunnskapsdepartementet har sendt vidare spørsmålet og konkretiseringa til forskrift. «Departementet har merka seg at enkelte høyringsinstansar ønskjer at lova skal presisere at læraren må ha kunnskap i både nynorsk og bokmål. [...] I tråd med prinsippa for regelstyring meiner departementet at lova bør gi overordna reglar, medan meir detaljerte reglar skal stå i forskrift. Dei nærare krava til tilsetjing på ulike trinn osv. vil derfor fastsetjast i forskrift, jf. forskriftsheimelen i lovforslaget § 17-3 tredje ledd.»
Mållaget meiner at rammeplanane for lærarutdanningane er avgjerande for kva undervisning og tiltak som blir gjennomført ved institusjonane. Det er difor viktig at rammeplanane set klåre krav. Den faglege fridomen til insitusjonane må ikkje vege tyngre enn kravet om at lærarutdanningane skal sikre lik kompetanse uansett kor ein har studert. Gode vilkår for nynorsk viser seg stadig å vere sterkt avhengig av klar styring. Utan ein rammeplan som stiller krav til kva nynorskkompetanse studentane skal gå ut av utdanninga med, vil resultatet mest truleg bli at nynorsk vert sett til side. All forsking som er gjort på feltet viser at formuleringane som er i rammeplanane er sentrale for nynorskopplæringa.
Det er føreslått å stryke paragraf 4 punkt 3 i GLU 1–7 og GLU 5–10 som inneheld krav om at programplanen skal skrive ned utvikling av kommunikasjonsferdigheiter – munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk). Ei viktig presisering, som ikkje må takast vekk frå forskrifta. I rammeplanen for lektorutdanninga og PPU står det ingenting om kompetanse i nynorsk og bokmåls. Rammeplanane for desse studia må også ha med språkkompetanse. Det er viktig at pedagogen kan møte eleven i språket hans.
Ein treng eit større løft for nynorsk i lærarutdanningane. I dag står det i rammeplanane for barnehagelærar, GLU 1–7 og GLU 5–10, i paragraf 2 under generell kompetanse at «kandidaten skal beherske norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.» Det er i lita grad skrive ned korleis ein måler og jobbar mot denne kompetansen. Det blir løyst på ulike vis ved dei ulike institusjonane. Noregs Mållag ønskjer at det skal kome fram på vitnemålet kva nynorskkompetanse kandidaten har. Det bør gjennomførast nasjonale deleksamenar for å sikre dette. Lærarstudentar som har hatt fritak frå vurdering i sidemål i den vidaregåande skulen, skal ikkje få fritak i lærarutdanninga. Det må leggjast opp pensum, drivast opplæring og nivået til studentane må vurderast i både nynorsk og bokmål. Lærar- og lektorstudentane som skal undervise i norsk, må få opplæring i nynorskdidaktikk. Utdanningane må leggje grunnlaget for at lærarstudentane går ut av utdanninga med gode haldningar til nynorsk.
I grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 er det obligatorisk med 30 studiepoeng i norsk. Dette bør vere eit krav for alle lærar-, lektor- og PPU-utdanningane, men i det minste også vere krav i grunnskulelærarutdanninga for trinn 5–10. Det er vedteke i ny opplæringslov som skal gjelde frå skuleåret 2024/2025, at elevar har rett til å gå i språkdelte grupper ut heile grunnskulen. Det har før berre vore pålagt frå 1.–7. trinn .Lærarar frå 1–10 skal no uansett trinn kunne drive undervisning uansett fag, på både bokmål og nynorsk.