Statsforvaltaren viser til høyringsbrev frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) av 03.03.23 om forslag til endringar i inndelingslova. Til orientering er dette høyringssvaret felles for statsforvaltarembeta.
I hovudsak finn Statsforvaltaren at lovforslaget er godt grunngjeve og at det legg til rette for ein avklart og føreseieleg situasjon for kommunane. Vi går i det følgjande konkret inn på nokre av punkta i forslaget.
Statsforvaltaren si vurdering
Til kap. 3.1 Departementet sine vurderingar og forslag
Avgrensing i lovforslaget- berre i tilfelle kor departementet tek initiativ til ei utgreiing
Statsforvaltaren har erfaring med at dei initiativ som blir fremja i medhald av inndelingslova § 8 første ledd er av høgst ulik karakter og at dei gjerne er omtvista i dei aktuelle kommunar. Føresegna i § 10 slik den lyder i dag gjev kommunen visse føringar i saker som gjeld forslag til grenseendring, jf. at kommunestyret « bør innhente » innbyggjarane sine synspunkt. Det er likevel slik at avgjerdsmakta fullt og heilt ligg hos kommunen sjølv. Dette samsvarar med prinsippet om kommunalt sjølvstyre og lokalt folkestyre. Som departementet er inne på, (side 6 i høyringsnotatet), kan departementet likevel be om at Statsforvaltaren, som ein del av vårt utgreiingsoppdrag, sørgjer for å innhente innbyggjarane sitt syn i form av ei innbyggjarhøyring. Det har i nokre av desse sakene vore delte meiningar frå dei kommunar det gjeld om dei ønsker ei slik høyring og korleis ho eventuelt skal gjennomførast. Spørsmålet om Statsforvaltaren har juridisk grunnlag for å gjennomføre ei innbyggjarhøyring mot vilja til ein kommune i ei slik utgreiing har likevel ikkje kome på spissen. Dette fordi statsforvaltarembeta ved dialog har funne løysingar med kommunane. Slik vi forstår lovforslaget avklarar ikkje det denne problemstillinga, i og med at forslaget er avgrensa til saker kor departementet sjølv tek initiativ til utgreiing av grenseendring.
Når departementet no ser nærmare på situasjonen kor departementet føretek utgreiing på eige initiativ, kunne det vere føremålstenleg om ein og klargjorde heimelsgrunnlaget for at Statsforvaltaren på oppdrag frå departementet skal kunne gjennomføre ei innbyggjarhøyring i ein kommune som motset seg dette. Vi kan ikkje sjå at dette er omtalt i førearbeida til inndelingslova.
Våre merknader i det følgjande er knytt til dei konkrete premiss som følgjer av forslaget og dermed avgrensa til dei tilfella kor departementet sjølv tek initiativ til utgreiing om grenseendring.
Statsforvaltaren meiner at departementet i notatet gir ei balansert framstilling av dei omsyn som talar både for og mot den lovendringa som er føreslått. Ein skal ikkje ta lett på omsynet til kommunalt sjølvstyre og ønsket om eit sterkt lokalt folkestyre. Det å påleggje kommunen ei plikt til å høyre innbyggjarane i ei grenseendringssak som departementet har tatt initiativ til, ville for det første krevje klar lovheimel. For det andre ville eit slikt pålegg i lov utfordre dei nemnde prinsippa. Men det aktuelle forslaget inneber ikkje ei plikt for kommunen. Føresegna gir derimot departementet eit verktøy for å sikre godt opplyste saker i dei tilfella kor departementet fremjar initiativ, ved at departementet får høve til å vurdere behovet for, og eventuelt gjennomføre, ei innbyggjarhøyring.
Slik vi ser det er det og sentralt at framlegget til tilleggsordlyden i § 10 vil gjelde ved sida av kommunen sin kompetanse etter § 10 og ikkje avgrense kommunane sin myndigheit.
Oppsummert så kan Statsforvaltaren stille seg bak lovforslaget slik det er nedfelt i utkastet til § 10 andre ledd.
Til kap. 3.2 Hjemmel til å gi forskrift om gjennomføring av innbyggerhøring
Det er mange måtar å gjennomføre ei innbyggjarhøyring på. Kva måte som er best eigna i den einskilde saka kjem an på både kva metode ein vel for høyringa og elles dei faktiske omstende i saka som ligg føre. Statsforvaltaren er difor einig med departementet i at det vil vere fornuftig å fastsetje særskilde føresegner om gjennomføringa av ei folkerøysting. Det gir eit godt utgangspunkt for å sikre ei gjennomføring tilpassa dei lokale tilhøva og dermed sikre at saka blir opplyst på ein god måte.
Til kap. 4. Økonomiske og administrative konsekvensar
Statsforvaltaren er einig i at det vil vere fornuftig å nyttiggjere seg Valdirektoratet sin kompetanse i samband med innbyggjarhøyringar som departementet skal stå for. Ikkje minst er det viktig, som det og er lagt til grunn i notatet, at kommunane ikkje blir påført økonomiske eller administrative konsekvensar ved departementet sitt arbeid.
Dersom statsforvaltarane får oppdrag i samband med gjennomføringa av ei innbyggjarhøyring, er dette ei oppgåve som me ikkje har kompetanse eller system for å gjennomføra. Statsforvaltarane må i så fall kjøpa inn slike tenester. Me går i så fall ut frå at dette blir eit særskilt oppdrag som og blir særskilt finansiert.