1. Vestland fylkeskommune støttar per no ikkje at departementet får heimel til å kunne gjennomføre innbyggjarhøyringar i saker kor staten sjølv tar initiativ til grenseendringar. Vestland fylkeskommune meiner departementet i liten grad skildrar det faktiske og konkrete føremålet med ein slik heimel.
2. Vestland fylkeskommune vil peike på at forslaget i realiteten vil kunne bety ei tilsidesetting av dei lokale vurderingane av forholda i den enkelte kommune. Det er eit viktig prinsipp at det lokale sjølvstyre vert ivareteke slik det går fram av kommunelova. Vestland fylkeskommune meiner inndelingslova § 9 tredje ledd vil vere tilstrekkeleg til å sikre informasjons- og medverknadsplikt frå involverte forvaltningsorgan i utgreiingssaker om grenseendring.
3. Vestland fylkeskommune stiller spørsmål ved at fylkeskommunane ikkje har heimel til å gjennomføre innbyggjarhøyringar etter inndelingslova. I kommunelova § 1 er det klart at også det fylkeskommunale sjølvstyret skal fremmast. Vestland fylkeskommune vil oppfordre departementet til å presisere og vurdere fylkeskommunane sitt rettslege grunnlag når det gjeld forholdet mellom formålsparagrafen i kommunelova § 1 og inndelingslova § 10.