Åsane vgs. viser til Høring – forslag om endring i straffegjennomføringsloven og helse- og omsorgstjenesteloven (fellesskap, utelukkelse og tvangsmidler i fengsel).
I Vestland fylkeskommune er det Sogndal vidaregåande skule som er ansvarleg for opplæring innanfor kriminalomsorga i Sogn med Vik fengsel, og Åsane vidaregåande skule som har ansvaret for opplæringa i kriminalomsorga i bergensområdet. I bergensområdet omfattar opplæring i Bergen fengsel, Bjørgvin fengsel og Ungdomseininga, og oppfølgingsklassen Åsane vidaregåande skule avd. Fossane. Åsane vgs. er med det ein av to vidaregåande skular i Noreg som har eit særskilt ansvar for grunnopplæring i ei ungdomseining for innsette under 18 år.
Denne uttalen dreiar seg i hovudsak om opplæringsperspektivet for utelukking og innlåsing av unge innsette under 18 år. Unge innsette under 18 år er etter Åsane vgs. si vurdering ei sårbar gruppe, som det både er og bør vere særskilte reglar for. Skulen har valt ut nokre område som vi meiner det er viktig at lovverket dekker på ein tydeleg måte.
Det første område handlar om tilhøvet mellom innlåsing som del av dagsorden og rutine, og utelukking. Rutinemessig innlåsing er i forslaget ikkje rekna som utelukking. Rutinemessig innlåsing har etter Åsane vgs. si vurdering konsekvensar for innsette som gjer det naudsynt at lovverket tydelegare avgrensar åtgang til dette. Overfor unge innsette har skulen eit stort behov for fleksibilitet for å kunne ivareta den einskilde sin rett og plikt til skulegang. Alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Innlåsing innskrenkar, og gjer det i verste fall umogleg med ei god tilrettelegging av undervisninga. For å kunne tilby særskilt tilrettelagt opplæring, bør ein i utgangspunktet vere tilgjengeleg heile dagen frå frukost til kvelds for opplæringsaktivitet, som undervisning og leksehjelp.
Regelmessig innlåsing over fleire timar, til dømes i samband med vaktskifte midt på dagen, kan bidra til å øydeleggje den innsette sin døgn- og søvnrytme. Ein konsekvens av dette blir i neste omgang at den innsette blir uopplagt, og ikkje får utbytte av opplæringa som hen elles kunne fått. Lengre innlåsing midt på dagen, f.eks. i forbindelse med vaktskifte, bidreg også til at det blir vanskeleg eller umogleg for skulen å tilby det timetalet som den innsette har krav på. Normalitetstankegangen bør etter Åsane vgs. si oppfatning prege kvardagen til unge innsette. Regelmessig innlåsing på dagtid bør ein unngå, og følgjeleg verte tydelegare regulert.
Det neste Åsane vgs. vil kommentere, gjeld utelukking og konsekvensar for opplæring. Utelukking frå undervisning bør ikkje vere ein del av ein straffereaksjon. I samband med ei eventuell utelukking, bør den innsette ikkje bli utelukka frå skulegang og opplæring. Fengselet bør i lovverket verte pålagt å legge til rette for at den innsette kan følge opplæringa, så lenge det er mogleg å finne løysingar lokalt som gjer gjennomføring av opplæring sikkerheitsmessig forsvarleg. Dette bør fortrinnsvis gjelde for alle innsette. Lovverket bør vere særleg skjerpa på dette punktet overfor unge innsette, moglegvis særskilt overfor skulepliktige elevar i grunnskolealder. Formuleringa i § 37 a og 37 f må etter skulen sitt syn spegle dette.
Kompenserande tiltak vil aldri vere fullgodt med stadleg opplæringsaktivitet. Samstundes er det etter Åsane vgs. si vurdering naudsynt å tydelegare sikre moglegheit til å delta i fjernundervisning for innsette som over kortare eller lengre tid er isolert frå fellesskapet. Moglegheit til digital kommunikasjon med lærar og deltaking i opplæringsaktivitet digitalt vil kunne bidra til kontinuitet i opplæringa, og at opplæringsrettane vert teke i vare ved utelukking. Det vil òg kunne verke positivt inn på den einskilde sine føresetnadar for deltaking i fellesskapen i etterkant av utelukking. Kriminalomsorga sitt tilretteleggingsansvar overfor tilgang til skuleverket sine digitale løysingar – også ved utelukking – må etter Åsane vgs. sitt syn verte tydeleggjort i lovverk. Kriminalomsorga sitt ansvar for dette under Covid-19, vart tolka og skildra i rundskriv KDI nr. 7/2020 - Tilpasninger av fengselsundervisningen i forbindelse med koronakrisen . Denne tolkinga er etter Åsane vgs. sitt syn ikkje tilfredsstillande sett opp mot kriminalomsorga sitt tilretteleggingsansvar i straffegjennomføringslova § 4, og opp mot innsette sine rettar etter opplæringslova.
Neste moment gjeld sikkerheitsnivået i ungdomseiningane. Ungdomseiningane er å sjå som fengsel med både høg- og lav grad av sikkerheit. Ein bør sjå til at den einskilde innsette ikkje soner under eit strengare regime enn det som er naudsynt. Dersom det på ei avdeling er to eller fleire innsette, der den eine soner på høg grad av sikkerheit og den eller dei andre på lav grad av sikkerheit, bør innlåsing og utelukking frå fellesskapet vere tilpassa det sikkerheitsnivået som den einskilde sonar på. Rammene for innlåsing og utelukking frå fellesskapet bør ikkje verte definert av den som soner på høgaste grad av sikkerheit.
Eit siste moment Åsane vgs. vil trekkje fram, gjeld skulen sine perspektiv på opplæringsomsyn som del av forholdsmessigheit-prinsippet i kriminalomsorga. Skulen vil peike på at kriminalomsorga åleine ikkje kan opplyse ei sak tilstrekkeleg når det kjem til kva konsekvensar utelukking eller andre tiltak har, eller vil kunne ha, for ein innsett som er under opplæring. Utelukking vil kunne ha store konsekvensar for den innsette sine opplæringsrettar og moglegheiter til dømes til gjennomføring av sluttvurdering. Dette må verte tillagt vekt i kriminalomsorga si heilskaplege vurdering. Skulen sin kjennskap til eleven sine opplæringsrettar og planlagde opplæringsløp, og opplæringsbehov og skuleeigar si plikt til å syte for denne opplæringa på den eine sida, sett opp mot konsekvensane som tiltak frå kriminalomsorga kan ha for desse rettane og pliktane på den andre sida, tilseier at dette aspektet må tydelegare fram i straffegjennomføringslovverket. Dette er etter Åsane vgs. si vurdering naudsynt for å vareta forholdsmessigheit-prinsippet. Opplæringsrelaterte omsyn må systematisk verte tekne inn i vurderingar kring tiltak, sanksjonar og bruk av tvangsmiddel.
Åsane vgs. vil avslutningsvis minne om skulen sin betydning som fellesskapsarena i samfunnet generelt, slik dette er uttrykt mellom anna i opplæringa sitt verdigrunnlag. Innsette sine opplæringsrettar etter opplæringslova § 13-2 a, og deira reelle moglegheit til å delta i denne fellesskapen, må etter Åsane vgs. si vurdering kome tydelegare fram som perspektiv også i relasjon til isolasjonsproblematikk og regelverksendringane som nå er under vurdering.