Dato: 28.11.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar - Endringar i reglane i opplæringslova om skriftleg hovudmål ved vidaregåande skular Framlegget som er sendt på høyring frå Kunnskapsdepartementet tek til orde for å endra § 15-2 i opplæringslova slik at fylkeskommunen kan forskriftsfesta kor vidt dei vidaregåande skulane skal ha nynorsk eller bokmål som hovudmål, eller om skulen skal vera skriftspråksnøytral. Faggruppa i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, meiner § 15-2 skal endrast slik at fylkeskommunen kan forskriftsfesta nynorsk som hovudmål i skulen, eller velja at skulen skal vera skriftspråksnøytral. Slik det også er framheva i høyringsnotatet (s.2), understreka framlegget til ny opplæringslov, Prop. 57 L (2022–2023), kap. 17.5.1, viktigheita av at den nye opplæringslova varetek dei språkpolitiske måla frå den nye språklova. Sentralt her er språklova sin § 1, der det vert framheva at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte språket. Ved å endra § 15-2 i opplæringslova slik at fylkeskommunen kan forskriftsfesta nynorsk eller skriftspråksnøytralitet, vil opplæringslova leggja seg tettare opptil føringane språklova gjev for å sikra og fremja nynorsk språk. Dersom fylkeskommunen vedtek at ein skule skal vera skriftspråksnøytral, vil skulen etter § 1 i språklova likevel har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk. Den føreslegne endringa av opplæringslova § 15-2 vil såleis vera viktig for å sikra dei språkopplæringspolitiske rettane til elevar med nynorsk som hovudmål generelt, og særleg vareta rettane til nynorskelevar som går på skular der nynorskelevane er i mindretal. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"