Vi viser til OED sitt høyringsnotat, «Forslag til endringer i midlertidig forskrift om strømstønad (husholdninger tilknyttet gårds- og grendeverk) av 31. mars 2023.
Linja AS ønskjer med dette å gje uttale til høyringsnotatet.
- Linja AS støttar OED sitt forslag der forbruk i utvekslingspunktet mellom nettselskapet og det private straumnettet ligg til grunn for straumstønad. Vi meiner dette grensesnittet administrativt lar seg gjennomføre, og er i tråd med straumstønadslova §4 første ledd der det vert stilt krav om at nettkunden må ha eigen straummålar.
- Vi er einige i at straumstøtta må utbetalast til kunden i utvekslingspunktet, og at denne kunden er ansvarleg for fordeling til hushaldskundane som er tilknytt i det private nettet.
Linja meiner det må lagast eit standardisert rapporteringsskjema av RME, til bruk av Nettselskapa og nettkunden før utbetaling på ordninga kan finne stad. Dokumentet sendast inn frå kunden til nettselskapet som ei eigenerklæring som kan etterprøvast av RME ved revisjon.
Alle dokumenteringskrav på nettet under utvekslingsmålar må liggje på nettkunden i utvekslingspunktet. Nettselskapet må vere fri for alt ansvar kring feilrapportering frå sluttkunden.
Forskrifta sin paragraf 16 kan gjerne vere tydelegare på at det er RME, og ikkje nettselskapa, som er ansvarleg for kontroll og tilsyn ovanfor kundane med privat lågspentnett. Vi meiner nettselskapa i størst mogleg grad må vere ein rein administrator av straumstøtteordninga, der straumstøtte vert utbetalt basert på klart definert regelverk og eigenerklæring frå nettkunde i grensesnittet mellom nettselskapet og det private nettet.