Dato: 06.09.2025 Svartype: Med merknad Endringane går i stor grad ut på at sakshandsamingsfristen byrjar å løpe ved «mottatt søknad». I kombinasjon med tydelgare regelverk for kva som skal opplysast om i dei ulike søknadane (jf. paralell høyringsrunde om endringar i SAK10), skal lovendringa føre til at vi skal avvise saker som ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon til å bli handsama. Dette er under føresetnad av at søkjar har fått ei tilbakemelding om kva som manglar og frist til å rette opp. Endringa vil føre til at vi må legge om måten vi arbeider på, føre mottakskontroll på alle søknadar raskt, og utarbeide malar for beslutning om avvising av søknad. I overgangsfasen vil det føre til mykje meirarbeid, og eit slik system føreset at vi faktisk avviser søknadar i staden for den måten vi arbeider på per i dag. Vi vil gjere merksam på at det ikkje er alle kommuner som i dag har fagsystem som kan hente ut gevinsten av digitaliseringa som det er stilt krav om på søkje-sida. Dette gjeld kanskje mest små kommuner, som i tillegg ikkje har like spesialiserte sakshandsamings-stillingar som det er i større kommuner. Konsekvensen for små og mellomstore kommuner kan slik stoda er i dag, bli overveldande. Ved å setje tidspunktet for når fristen byrjar å løpe til søknad er mottatt, fører det truleg til eit raskt svar frå kommunen. Men kanskje ikkje like stort insentiv til at søkjar faktisk leverer komplett søknad i utangspunktet. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"