🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle

Sunnhordland FHS

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Til Kunnskapsdepartementet

Høyringssvar til NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle

Frå tilsette ved Sunnhordland Folkehøgskule

I NOU 2022:16 kjem det fram ein del gode forslag til korleis folkehøgskulane kan bli betre og meir tilgjengelege. Vi vil kort nevne dei punkta vi meiner er positive, og argumentere imot dei punkta vi meiner har negative konsekvensar for oss og våre elevar.

Det viktigaste for oss

«Tenk for ein viktig funksjon folkehøgskulane våre har i samfunnet vårt? Alt av umålbare (vår utheving) verdiar dei kvart år pumpar ut i samfunnet vårt, truleg verdt milliardar i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Og tenk alle dører dei opnar for enkeltmenneske.»

Dette skreiv Eirik Sognnes, vår tidlegare elev, etter å ha besøkt turnéforestillinga vår i år, og observert elevane i hektisk arbeid med opprigg og nedrigg. Han jobbar no som ungdomsskulelærar, og ser verdien av det «umålbare» som framleis får god plass i folkehøgskuleslaget. Det som ikkje nødvendigvis kan visast i ein rapport - at ungdommar får ro og plass til å finne seg sjølve, utvikle seg personleg, sosialt og fagleg. Ikkje fordi nokon har skrive «livsmestring» i ein paragraf, men fordi livsmestringa kjem av seg sjølv når dei jobbar saman med andre, lærer om faga dei er interesserte i, bur saman og får ein god balanse av fridom, kunnskap og oppfølging.

Vi reagerer på at så mange av punkta i NOU 2022:16 handlar om meir detaljert kontroll, meir tilsyn, meir dokumentasjon. Vi meiner dette vil gå ut over kvaliteten som vi i dag kan tilby, mangfoldet mellom skulane og særpreget som kvar enkelt folkehøgskule har. Tid og ressursar direkte til elevane er viktig - utan tidkrevande og unødvendig papirarbeid.

Vi er glade for at utvalget vil opne folkehøgskulane meir, gjera dei meir transparente og tilgjengelege for fleire. Men kontroll og tilsyn vil ikkje vera løysinga.

I tillegg til dette, vil vi framheve punkt 12:

Punkt vi vil framheve som positive

Punkt 21 (viktig at ev nye folkehøgskular tilfører noko nytt, og ikkje tilbyr like kurs som andre folkehøgskular)

Punkt 27 (men vi saknar å sjå fråværet til søkarar for å kunne følge dei opp tettare heilt frå starten av skuleåret)

Punkt vi vil argumentere imot

Punkt 30 og 31, 37 og 38