Innleiing og bakgrunn
Forening for klassisk gitar i Norge (FFKGN) er ein ideell, landsdekkande organisasjon som vert driven på frivillig basis. Som interesseorganisasjon for klassisk gitar og medlem av Norsk Musikkråd, representerer foreininga det norske miljøet for klassisk gitar når det gjeld utøving på profesjonelt nivå, gitarundervisning og andre fagfelt knytt til klassisk gitar. FFKGN vart stifta i 2014 med føremål om å fremje interessa for klassisk gitar i Noreg, etablere eit nasjonalt nettverk for klassiske gitaristar og gitarpedagogar, i tillegg til å stimulere til samarbeid, konsertverksemd og informasjonsutveksling.
Som organisasjon står FFKGN for både fagleg tyngde og profesjonell kompetanse. Dei fleste medlemmane har bachelor- eller mastergrad i musikk, med klassisk gitar som hovudinstrument. Medlemmane er profesjonelle utøvande musikarar og pedagogar i kulturskulen, på konservatorium eller høgskule, studentar som studerer klassisk gitar på høgare nivå eller gitaristar på amatørnivå. Dette gjer FFKGN til ein organisasjon med eit breidt arbeidsfelt som spenner frå rekruttering og nettverksbygging til eit høgt profesjonelt nivå. FFKGN er også opptekne av utfordringane som klassisk gitar møter, og arbeider for å styrke instrumentet sin posisjon og status. På denne måten bidreg FFKGN til mangfaldet i eit levande og inkluderande musikkliv.
Forening for klassisk gitar i Norge (FFKGN) tek til etterretning Musikkutvalet sitt omfattande arbeid med NOU 2025:7 Musikklandet og ønskjer med dette å fylgje opp vårt tidlegare innspel med ytterlegare tilrådingar.
Som interesseorganisasjon for klassisk gitar representerer vi eit instrument og ei musikkform som er i ei særstilling i norsk musikkliv. Den klassiske gitaren er verken eit typisk orkesterinstrument eller eit tradisjonelt bandinstrument, og fell difor ofte mellom ulike stolar i verkemiddelapparatet.
Høyringsfristen er 14. november 2025, og departementet ber om at høyringssvara vert knytt til aktuelle kapittel i utgreiinga. Vårt høyringssvar rettar seg mot fylgjande område i NOUen:
Relevante kapittel for våre innspel:
- Del 1: Musikkens betydning for mennesker og samfunn (Kap. 3, 4)
- Del 2: Musikklivets organisering og politikk (Kap. 8, 9, 10, 11, 12)

1 Kulturarenaer og akustikk og behovet for spelestader tilpassa klassisk gitar
Knytt til Del 2, kap. 12.2.9 Utviklingstrekk og barrierer i musikkfrivilligheten og 12.3.1 Fysisk infrastruktur – arenaer og lokaler for musikk
Utvalet tilrår at kommunar skal ha ein plan for kulturarenautvikling og at det skal settast krav om akustisk eigna rom i alle nye skulebygg (NS 8178/ISO 23591). FFKGN støttar desse tilrådingane, men ønskjer å tydeleggjera den klassiske gitaren sine særlege utfordringar:

2 Rekruttering i kulturskulane
Knytt til Del 1, 4.7.7 Kulturskolen
Utvalet sitt mandat inkluderer å undersøkje kva som fremjar og hemmar likestilling, deltaking, inkludering og rekruttering i musikklivet, særleg blant barn og unge. Den klassiske gitaren står her framfor særskilte og konkrete rekrutteringsutfordringar:

3 Barnehagekonsertar og klassisk gitar som lågterskelinstrument for song og musikk i barnehagen
Knytt til Del 1, kap. 3 Musikken i livet (s. 39-48), Del 2, kap. 4 Musikk i utdanningen, 4.7.2 Musikkens plass i utdanningen, 4.7.3 Læring i musikk og læring gjennom musikk, 4.7.4 Sangens plass i skole, SFO og barnehage, 4.7.5, Musikkens rolle i lærerutdanningene, 4.7.6 Musikkens plass i Den kulturelle skolesekken (s. 80-87)
Utgreiinga (NOU 2025:7 Musikklandet) omtalar musikken og songen si rolle i barnehage og skule, og tilrår at musikkfagleg kompetanse og song skal styrkast i barnehagelærarutdanninga. Samstundes har feltet vore råka av nedskjeringar dei siste åra, og mange studiestadar melder om stramme rammer og redusert kapasitet på det musikkpedagogiske feltet. Dette gjer det avgjerande å ta i bruk instrument og metodikk som kan styrke barnehagepersonalet sin eigen kompetanse og bruk av song i arbeidet.
Dagens situasjon og potensial:

4 Teknologisk utvikling, forsterking og musikknæringa – instrumentale særtrekk og støtteordningar
Knytt til Del 2, kapittel om infrastruktur og kulturarenaer og Del 3, kapittel 18 Musikknæringens potensial og utfordringar og kapittel, og verkemiddelapparatet og støtteordningar
FFKGN ønskjer å framheve to nært knytte område som ikkje er tilstrekkeleg drøfta i utgreiinga: Korleis ny teknologi kan utvida den klassiske gitaren sine moglegheiter utan å mista instrumentet sin eigenart, og korleis støtteordningane må differensierast for instrument som ikkje passar inn i tradisjonelle kategoriar.
4.1 Teknologisk utvikling og nye arenaer
Klassisk gitar på konsert har historisk vore avgrensa til mindre, akustiske rom på grunn av instrumentet sin eigenart. Ny teknologi for akustisk forsterking og høgkvalitets mikrofonar har forbetra korleis klassisk gitar kan forsterkast med godt resultat, utan at instrumentet mistar sin naturlege klang. Dette opnar for nye arenaer for samspel og konsertar med større aktørar, og vil gje instrumentet eit breiare nedslagsfelt og bruksområde.
Teknologien gjer det også mogleg å utvikle nye former for kammermusikk og samspel med instrument som tidlegare var utfordrande å kombinere med klassisk gitar. Dette kan skape nye næringsgreiner innan musikkfeltet og nye arbeidsplassar for musikarar.
4.2 Instrumentspesifikke utfordringar i støtteordningane
Som FFKGN påpeika i vårt opphavlege innspel, opplever arrangørar av klassiske gitarkonsertar ustabile og uføreseielege støtteordningar. Utvalet erkjenner at verkemiddelapparatet er fragmentert og ikkje fungerer optimalt, og at det er behov for betre koordinering og meir differensierte støtteordningar.
Klassisk gitar er eit instrument som ofte fell mellom fleire stolar i verkemiddelapparatet, av di det ikkje er eit typisk orkesterinstrument og heller ikkje eit tradisjonelt bandinstrument. Gjeldande støtteordningar er i stor grad utforma med utgangspunkt i desse større kategoriane, noko som gjer at klassisk gitar kan oppleve utfordringar når det gjeld å få gjennomslag for søknader innan både solistisk verksemd og kammermusikk.

5 Samspel og kammermusikk
Knytt til Del 2 – kap. 12 Når musikkpolitikken møter musikklivets praksiser
Klassisk gitar har ein rik tradisjon i både solo- og kammermusikksamanheng. Likevel møter instrumentet utfordringar: