Innspel frå FFA til handlingsplan for norsk fagspråk i akademia
Vi viser til invitasjon av 10.mars 2023 og takkar for høvet til å gje våre innspel til handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.
Vi forstår innspelsnotatet frå Kunnskapsdepartementet slik at handlingsplanen primært vil vere retta mot universitets- og høgskulesektoren sin undervisnings- og forskingsaktivitet, men også kan vere relevant for fagspråk i forskingsinstitutta. Vi knyter våre kommentarar til spørsmåla vi er inviterte til å svare på.
Kva er utfordringane for norsk fagspråk i akademia, og kva kan vere årsakene til desse?
Språk, og då norsk fagspråk, har ulik betydning i ulike deler av forskingssektorane og i ulike fagområde. For forskingsmiljø som arbeider mykje opp mot offentlege oppdragsgjevarar vil norsk vere hovudspråket også i faglege samanhengar, både i munnleg dialog og skriftleg rapportering. Det gjeld også på forskingsfelt som omfattar norsk kulturuttrykk, språk eller historie. Det er derfor viktig at forskarar kan snakke og skrive norsk i slike samanhengar. For forskingsfelt og -institutt som primært har norsk samfunnsrelevans og offentleg sektor som kundar i oppdragsforskinga, er det difor vanskeleg å bruke forskarar som ikkje er beherskar norsk godt nok til å utføre arbeidet på norsk, ein rekrutterer primært norskspråklege eller skandinaviske forskarar.
Den vitskaplege publiseringa er likevel også i desse samanhengane i aukande grad på engelsk. Oppdragsgjevarar er i større grad enn tidlegare opptekne av at funna er fagfellevurdert av internasjonale fagfellar, der slike finns. Terminologiutvikling på desse områda må difor gå parallelt på norsk og engelsk.
På andre forskingsfelt, ikkje minst innan teknisk-industriell forsking og klima- og miljøforsking, er det krevjande å rekruttere norske forskarar i tilstrekkeleg grad. Institutta rekrutterer ofte godt kompetente forskarar frå andre land, men som ikkje snakkar eller skriv norsk. I mange forskingsmiljø inneber det at arbeidsspråket er engelsk. Det er ofte ikkje eit problem for forskingsarbeidet, etter som samarbeidspartar og oppdragsgjevarar i stor grad også er internasjonale og dei prestisjetunge publiseringskanalane på desse områda ofte er engelskspråklege. Det kan likevel vere ei utfordring i samarbeid med norske oppdragsgjevararar også på desse områda, og terminologiutviklinga på norsk skjer gjerne ved å ta i bruk engelske ord i det norske fagspråket.
Gjennomgåande er forskingsinstitutta ein del av ein internasjonal kunnskapsallmenning. Det gjer forskinga og leveransane sterkare, og det krev at ein publiserer på engelsk, kommuniserer på engelsk i internasjonale samarbeid og rekrutterer engelskspråklege forskarar. Denne utviklinga trur vi ikkje ein kan eller bør snu. Det ville svekke norsk forskingskvalitet dersom ein ikkje skulle bruke internasjonale fagfellar, redusere det internasjonale forskingssamarbeidet eller redusere rekruttering av utanlandske forskarar.
Konsekvensen er at terminologiutvikling i stor grad skjer på engelsk og at arbeidsspråket i mange samanhengar er engelsk, noko som på mange område har svekka det norske fagspråket over tid.
Kva tiltak kan vera aktuelle for å styrke norsk fagspråk?
I forskingsinstitutta står norsk som fagspråk sterkt og ein legg vekt på god norskopplæring når ein rekrutterer forskarar med andre morsmål for at dei skal fungere godt fagleg og sosialt, så raskt som mogleg. Ein vanleg praksis er å tilby tilpassa norskopplæring for akademikarar, t.d. i samarbeid mellom institutt og UH-institusjon, og at arbeidsavtalen føreset at forskaren skal ta Bergens-testen/B2 i løpet av 2 år. Erfaringane er blanda, og engasjementet for å lære seg norsk er ofte mindre hos forskarar som arbeider på engelsk i forskinga si.
Det er ønskjeleg å styrke norsk fagspråk og utvikle norsk fagterminologi, slik også Språkrådet gjer for norsk språk generelt. Eit slik arbeid må så langt råd gjerast parallelt med den faglege utviklinga. På aktuelle område kan standardarbeid og terminologiutvikling vere eit målretta tiltak for å styrke norsk fagspråk. Eit slikt standardarbeid kan t.d. leggast til Språkrådet i samarbeid med aktuelle fagmiljø.
Norsk fagspråk er viktig på forskingsområde med stor grad av samfunnsrelevans i Norge, dvs på dei fleste område som forskingsinstitutta arbeider på. For å nå ut med publikasjonar og annan formidling på norsk til viktige målgrupper, er det ønskjeleg at vitskaplege publikasjonar kan omsettast frå engelsk til godt norsk. Det krev at fagterminologien fungerer på norsk og at fagmiljøa kan kjøpe omsetting frå kompetente miljø ved behov. Dvs det er både eit spørsmål om utvikling av norsk fagterminologi, kompetente omsettingsmiljø og ressursar i forskingsmiljøa.
Lars Holden Agnes Landstad
Styreleiar FFA Dagleg leiar FFA