Høyringsinnspel til handlingsplanen for norsk fagspråk frå Nemnda for Norsk Ordbok
Norsk Ordbok er det store dokumenterande ordbokverket for det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Ordbokverket vart ferdig i papirutgåve i 2016, men arbeidet med å fullføra den digitale versjonen går no føre seg ved Universitetet i Bergen. Nemnda for Norsk Ordbok er samansett av fem medlemer som er oppnemnde av tre samarbeidande institusjonar som har teke ansvaret for ordbokverket: Det Norske Samlaget, Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen. Nemnda arbeider for å styrkja det økonomiske grunnlaget for ordbokverket, og med fagleg-strategiske spørsmål elles.
Nemnda for Norsk Ordbok har notert seg innspelsrunden til den planlagde handlingsplanen for norsk fagspråk, og ønskjer med dette å gje eit innspel. Frå høyringsbrevet siterer vi dei tre hovudspørsmåla:
Kva er utfordringane for norsk fagspråk i akademia, og kva kan vera årsakene til desse?
Kva tiltak kan vera aktuelle for å styrkja norsk fagspråk?
1. Kva er utfordringane for norsk fagspråk i akademia, og kva kan vera årsakene til desse?
Ordboknemnda deler den overordna analysen i høyringsnotatet – norsk språk taper terreng i akademia. I internasjonal forsking er dette kalla ‘domenetap’ eller ‘mangel på domenevinst’ (“domain loss” versus “lack of domain gain”).
Ein handlingsplan for norsk fagspråk bør byggja både på tilhøve ved norske institusjonar innanfor UHR-sektoren, og på det ein veit om emnet allment, sidan spørsmålet om domenetap for nasjonalspråk innanfor fagspråksektoren er ei velkjend problemstilling i vår tid. Verken fenomenet eller opplevinga av problemet er særnorsk. Mellom anna har det i april 2023 vore halde ein internasjonal konferanse i Brussel med temaet «Domain loss and gain» <https://www.domainlossandgain2023.eu/> med EU-støtte og deltaking frå nordiske og europeiske forskingsmiljø. Der vart problemet drøfta både frå teoretiske og praktiske synsvinklar. Trongen for å finna gode tiltak er dermed heller ikkje eit særnorsk fenomen.
1.1 Kva tyder «fagspråk i akademia»?
I sentrum av denne utviklinga står fagspråket, forstått som forskingsspråk, undervisningsspråk og formidlingsspråk. Omgrepet fagspråk er definert på mange måtar og kan ofte oppfattast som uklårt, men det viktige er at fagspråk er knytt til kunnskap. Fagspråk bør derfor ikkje setjast synonymt til sakprosa, som først og fremst er avgrensa mot fiksjonsprosa.
I Norsk språkhistorie, band II, side 369-370 er omgrepa terminologi og fagspråk omtala og drøfta. Det sentrale er at fagspråk ikkje er det same som terminologi. Tilhøvet kan oppsummerast slik:
Med terminologi siktar vi til det spesialiserte ordtilfanget i eit fagområde eller ein disiplin, som fagspesialistane er dei eigentlege autoritetane på. Ordtilfanget er det sentrale nivået i fagspråket, men ikkje identisk med heile fagspråket.
Fagspråket, og dermed terminologien, vert kommunisert og formidla gjennom tekstar, og dei fagspråklege tekstsjangrane uttrykkjer ulike kunnskaps- eller spesialiseringsnivå.
Lærebøker for studentar er til dømes ein viktig fagspråkleg tekstsjanger som har til oppgåve å føra studentane inn i faget. Dei ulike nivåa av fagleg kunnskap heng saman, derfor må ein handlingsplan for norsk i akademia ta omsyn til alle desse nivåa. Terminologi må utviklast og systematiserast som ein grunnleggjande resurs, slik at han kan leggja grunnlaget for norsk fagspråkleg tekst som er tilpassa undervisning og formidling. Dette er den praktiske konsekvensen av fagspråkdefinisjonen ovanfor.
Det som skjer med fagspråket, har konsekvensar for allmennspråket. Allmenne ordbokverk formidlar mykje terminologi. Nynorsk som fagspråk er utsett for eit ekstra sterkt domenetap i høve til bokmål, kanskje særleg som forskingsspråk, men òg i stor grad som administrativt språk i sektoren. Nemnda for Norsk Ordbok engasjerer seg derfor i dette arbeidet.
Spørsmålet om kva utfordringar norsk møter som fagspråk har langt på veg vore forsømt ved institusjonane dei siste tiåra. Samstundes har universitets- og høgskulesektoren (1) ambisiøse forskarleiingar med sterkare interesse for å hevda institusjonen og eigne fagmiljø internasjonalt enn å levera velutdanna arbeidskraft og bidra kunnskapsmessig og kulturelt i Noreg, (2) mange utanlandske tilsette med ujamn motivasjon og lite støtte for å læra seg norsk, (3) svært store tal studentar, jamført med 1-2 generasjonar attende, og mykje større spreiing i føresetnader for norskspråklege studium.
Mange institusjonar har retningslinjer for språkbruk, medan ein konkret plan for å sikra norsk fagspråk manglar. Det trengst opplagt ein generell plan, slik som denne høyringa inviterer bidrag til. Men Språkrådet har røynsle for at språkarbeid må vera forankra ved den einskilde institusjonen for å vera effektivt, så det trengst også lokal innsats, og ein handlingsplan må ta høgd for både (lokal) institusjonell forankring og fagleg forankring. Det bør vera rapporteringskrav i tilknyting til årsrapportar, og språkbruken må vera tema i alle utviklingssamtalar med institusjonane.
1.2 Eit overordna dilemma: internasjonalisering
Analysen må ta utgangspunkt i at Noreg har ein open økonomi og ønskjer å vera ein del av det globale forskingssamfunnet. Prinsippet om internasjonalisering står sterkt, og tidlegare utgreiingar har vist at heller ikkje staten alltid har hatt ei eintydig og avklåra haldning til dette dilemmaet – omsynet til internasjonalisering har hatt ein tendens til å få høgare prioritet (jf. Mål og meining frå KUD, Stm. 35 (2008–2009) og Språk bygger broer. Stm. 23 (2007–2008) frå KD).
Dei samla overordna språkpolitiske dokumenta frå åra mellom 2000 og 2010 la vekt på at domenetapet måtte motverkast gjennom prinsippet om parallellspråkbruk mellom engelsk og norsk. Dette er òg det berande prinsippet i språkpolitikken i dei andre nordiske landa, og prinsippet står seg godt, men treng konkretisering.
1.3 «Engelsk av lyst og norsk av plikt»
Engelsk språk har ein type kulturelt og symbolsk hegemoni som gjer at folk – medrekna forskarar – vil bruka det av lyst, ikkje berre av naudsyn. Men prinsippet om “lyst” i akademia handlar om insentiv – forskarar innrettar den språklege åtferda si mot det som sikrar deltaking i det internasjonale forskarsamfunnet. Den viktigaste einskildfaktoren er vitskapleg publisering, og i mange disiplinar er dei viktigaste publiseringskanalane engelskspråklege.
Det sentrale problemet for arbeidet mot domenetap er derfor å utvikla mekanismar som gjer valet av norsk til eit språkleg val basert på insentiv og ikkje berre av etisk plikt.
Det trengst insentiv både på personnivå og på institusjonsnivå. Ein bør premiera mastergrader, doktorgrader og andre vitskaplege bidrag på norsk, dersom det å skriva på norsk fungerer like bra eller betre enn å skriva på engelsk. Såleis vil vitskaplege bidrag om mange emne kunna nå eit mykje større publikum i norsk språkdrakt (eller på språket som emnet knyter seg til), både i forskarverda og allment. Det bør også slåast fast eksplisitt at disputas og eksaminering kan gå føre seg på norsk, endå om avhandlinga er skriven på engelsk (jf. Uniforum 7.6.2019 https://www.uniforum.uio.no/nyheter/2019/06/med-innskjerpar-reglane-ikkje-rom-for-anna-talemal.html).
Ein bør likeins premiera god undervisning på norsk ved t.d. ein forskar med norsk som andrespråk, eller t.d. ved at emne som har mangla norsk faglitteratur, blir premiert.
1.3 Utanlandske tilsette og norskopplæring
Talet på utanlandske tilsette i forskingssektoren aukar, men mange granskingar har vist at opplæringa dei får i norsk, ikkje er omfattande og tilrettelagd godt nok til at denne gruppa tilsette kan undervisa eller publisera på norsk. Om det er nokon som treng gode ordbok- og terminologi-resursar, er det desse.
Dei treng t.d. tilgjenge til tekst som viser termane i bruk, og det finn dei ofte heller i ei allmennordbok enn i ei terminologisk ordbok. Slik det er, blir dei til dels hyra inn med den haldninga at dei skal vera nokre år, bidra med forsking og gode idear, og så reisa vidare, jf. Uniforum, kronikk ved økonomiprofessor Bård Harstad og andre 23.1.2023:
"Krav til språk medfører at kun forskere som vil forbli i Norge vil finne det attraktivt å komme. Men i forskningen er ikke slik langsiktighet nødvendigvis et gode. Tvert imot: vi er tjent med dynamikk og utskiftninger. En utenlandsk forsker som blir noen år fører til dynamikk, nye ideer, nye nettverk, og gode bekjentskaper også om denne forskeren drar videre etter noen år. Denne dynamikken kjennetegner de aller beste universitetene i verden. Vi mister den dersom vi insisterer på at alle og enhver skal investere i det lokale språket som om de aldri har tenkt å komme seg videre."
Det å stilla krav om språkopplæring for utanlandske tilsette, er òg kopla til «nasjonalistisk» reaksjon mot internasjonalisering, jf. Khrono 20.01.23, same forfattargruppe:
“De siste to årene har det blåst en akademisk-nasjonalistisk vind over norsk akademia [vår utheving]. I debatten om internasjonalisering av norsk forskning er internasjonale forskere (ved norske institusjoner) i økende grad fremstilt som et problem, og fra politisk hold trykkes det nå på for å «fornorske» norske universiteter, blant annet gjennom språkpolitikk. De positive konsekvensene av internasjonalisering for det norske samfunnet vektlegges i mindre grad i diskusjonen.
Internasjonale forskere fremstilles i debatten som «de andre», som ikke egentlig hører hjemme ved norske universiteter. Dette har ført til ekskludering og mistillit — i det aller minste oppfattes det slik av mange internasjonale forskere bosatt i Norge.”
Andre og nyare innlegg i Khrono peikar på at språkpolitikken for norsk fungerer som eit hinder for demokratisk deltaking i institusjonsstyringa, særleg for det mellombels vitskapleg tilsette personalet som ikkje kan norsk (Khrono 10.4.23, https://khrono.no/skinndemokrati-pa-nhh/773116), dette peikar mot mangelen på tilrettelegging og er eit leiaransvar ved institusjonane. Ein ser òg tendensar til at målretta tiltak frå regjeringa vert tolka som eit åtak mot den institusjonelle autonomien (Kari-Anne Jønnes, Khrono 11.04.23, https://khrono.no/hoyre-topp-hardt-ut-mot-borten-moe-respektlos-retorikk/771618).
Kjennskapen til vedteken norsk språkpolitikk og aksept av hovudprinsippa bak den er altså ikkje noko ein kan ta for gjeve, og her ligg det eit haldningsproblem hjå store grupper norskspråklege tilsette som ein må ta alvorleg – men òg i det politiske miljøet heilt opp til stortingsnivå. Det er avgjerande at språkpolitiske tiltak vektlegg tilrettelegging for opplæring, ikkje berre kontroll. Det må fokuserast sterkare på at utanlandske tilsette er ein resurs som landet ønskjer å halda på. Opplæring i norsk på arbeidsplassen er eit avgjerande vilkår for effektiv integrering i det norske samfunnet.
1.4 Fagspråk og allmennspråk – unngå kunstige skilje!
Som følgje av at norsk er blitt nedprioritert som arbeidsspråk i vitskapleg samanheng, er fagspråkutvikling også blitt nedprioritert. Det gjeld både fagspråk i kontekst – tekstar – og terminologiutvikling. Terminologiutvikling dreiar seg framfor noko anna om det å koma fram til gode og fagleg dekkjande omgrepsdefinisjonar. Dersom dette blir forsømt over tid, vil det oppstå tvil om kva som er meint når ein term bli brukt i kontekst. Derfor trengst det kulturendring på dette området, og Nemnda for Norsk Ordbok vil uttrykkja sterkt støtte til tiltaket om å få ein nasjonal handlingsplan for norsk fagspråk. Saka er for stor til å kunna overlatast til institusjonane.
Fagspråket i akademia er definert som eit særleg strategisk viktig område for det statlege arbeidet mot språkleg domenetap. Det er òg truleg det området som lettast (eller minst vanskeleg) let seg utsetja for politiske inngrep – her er det mogeleg å utvikla tiltak ut over reine haldningskampanjar. Fagspråket i privat sektor let seg ikkje fanga inn på same måte, og det gjeld i endå høgare grad språkbruken i kultur-, medie- og fritidssektoren.
Samstundes utgjer bruken av engelsk i desse sektorane ein viktig del av det kulturelle grunnlaget for å bruka engelsk i UH-sektoren òg – akademia lever ikkje i isolat. Derfor er det avgjerande for eit effektivt fagspråkarbeid at morsmålet som allmennspråk har eit sterkt resursgrunnlag i form av ordbøker og språkteknologiske og andre språklege resursar. Det må ikkje byggjast kunstige skilje mellom terminologiutvikling og det allmenne ordbokarbeidet.
Det medisinske fagområdet er eit godt døme på at språkarbeidet for norsk gjeld på alle kunnskaps- og spesialiseringsnivå. Ein lækjar må kunna kommunisera med pasientane sine på norsk, og treng då eit utvikla norsk fagspråk med norske fagtermar som både er presise og lettare å forstå for folk flest enn den internasjonale engelske og/eller gresk-latinske terminologien. I medisinfeltet er denne innsikta stor, problemet er forstått, og norsk er innarbeidd i kodeverk av typen ICD-10. Ei ordbok som Øyri: Norsk medisinsk ordbok (Samlaget) er ein effektiv brubyggjar mellom den internasjonale omgrepsverda og eit norsk fagspråk som tek i bruk allmennspråket sine resursar. Særleg norsk allmennmedisinsk utdanning gjer bruk av og utviklar læremiddel på norsk.
Variasjonen mellom fagdisiplinar er stor, og ikkje alle fagområde har like stor språkleg innsikt som det medisinske. Slik innsikt må det vera eit mål å styrkja og utvikla.
1.5 Ei ny og særskild utfordring: kunstig intelligens (KI)
Ei ny og særskild utfordring i høve til norsk fagspråk er det at tekst kan genererast stokastisk via det som blir kalla kunstig intelligens (KI). Denne måten å generera tekst på favoriserer det som alt finst, og inneber dermed utfordringar for språk og emne med mindre tekstkorpus, av di den menneskelege kreativiteten fell bort. Tekst generert av KI kan ikkje koma med framlegg til ordlegging eller termar som ikkje alt finst i den eksisterande tekstmassen. Men terminologisk arbeid handlar om a) omgrepsanalyse og omgrepsbeskriving, b) samling om ein term - ein språkleg "merkelapp", og deretter c) forankring i fagmiljøet av den same termen.
Det andre problemet med bruk av KI-generert tekst er trugsmålet mot fagleg integritet og fagleg proveniens. Det kan ikkje vera godt nok at ein forskartekst ser grei ut. Ein skal kunna kjenna seg trygg på at det som er skrive, er røynleg, høyrer heime innafor faget og har gått føre seg eller kan gå føre seg slik forfattaren hevdar. At KI-reiskapar som ChatGPT, Nynorskroboten og anna kan laga tekstframlegg som ser rimeleg feilfrie ut, kan vera ei hjelp for den som skal skriva på eit språk han eller ho ikkje kan, men det overordna må vera at ein har kontroll på sanningsinnhaldet i teksten.
I norskopplæring for utlendingar kan dei nye KI-verktøya for tekstgenerering gjera nytte for seg, likeins omsetjingsverktøy som Nynorskroboten, føresett at verktøya blir brukte med forstand og at bruken er open, i den forstand at det blir opplyst om bruk.
Dersom ein skal verna vitskapleg tekstintegritet i framtida, blir gode verktøy for dokumentasjon og definering av fagspråk på norsk overmåte viktige. Nemnda for Norsk Ordbok meiner såleis at i tida framover må fagspråkarbeid ved institusjonane, med vekt på definering og bruk av termar i tekst, få ein meir framskoten plass som del av forsvaret for sjølve fagintegriteten. Det trengst kort sagt betre vern for kva fagfolk er samde om er sant, og korleis denne sanninga skal uttrykkjast på norsk.
2. Kva tiltak kan vera aktuelle for å styrkja norsk fagspråk?
Ein operasjonell handlingsplan for norsk fagspråk som har som mål å stogga domenetap og vinna attende domene for norsk fagspråk, må vera konkret og realistisk. Det bør setjast konkrete mål, t.d. at framandspråklege emne i undervisninga skal ned til 15 % innan 2030, eller at talet på masteroppgåver og ph.d.-avhandlingar på norsk skal opp på eit gjeve nivå innan ei tidsgrense.
Planen må vera slik at det går an å rekna på innsats og kostnader, og setja resultatmål på fakultetsnivå. Institusjonane må ha krav på seg til å syta for rettleiing og komitear som gjer det mogleg å bruka norsk innanfor alle fagområde, og rapportera til departementet på måloppnåing. Digitalisering er ein nøkkelfaktor. Det må utviklast mekanismar og insentiv for strategisk satsing på språkteknologi.
Norsk Ordbok i digital utgåve med tilhøyrande digitale resursar er ein grunnleggjande resurs i digitaliseringa av norsk.
Motivering for bruk krev involvering frå alle typar fag og institusjonar, som fagopplæring, yrkesutdanning, teknologisk forsking osb. Handlingsplanen bør oppmuntra til vidareutvikling av tverrfagleg samarbeid og tverrfaglege samarbeidsmodellar, særleg i terminologiarbeidet.
Tiltak bør generelt vera forankra i universitetslova med forskrifter, og sjølvsagt i den sektorovergripande språklova (både lovtekst og forskrifter). Sidan det truleg vil vera ein viss motstand innanfor UHR-sektoren mot både målsetjingar og tiltak, er det ønskjeleg med tydelege føringar og insentiv også på institusjonsnivå, og ikkje berre for personar og fagmiljø.
Ei slik tilnærming må gjelda også i dei store prosjekta med fleirnasjonal deltaking, og vera styrt av emne heller enn av administrative bindingar.
2.1 Hovudprinsippet: parallellspråkbruk
Dette er eit godt etablert prinsipp i nordisk språkpolitikk, men det er framleis for svakt konkretisert, og dette er ein hovudmangel ved dei reviderte strategiane etter 2019.
Ambisjonsnivået må vera å utvikla norsk fagspråk på alle kunnskapsnivå, ikkje reservera det til dei lågaste og mest grunnleggjande nivåa i utdanningspyramiden (i fagtermar: “full vertikal spesialisering”, unngå “horisontal domenefordeling”). UHRs plattform frå 2006 var truleg for svak på dette punktet. Der er norsk først og fremst knytt til BA-nivået, og det er viktig, men resultatet kan verta at det ikkje vert utvikla norsk terminologi på MA- og ph.d.-nivået.
Norsk fagspråk i akademia er ikkje berre knytt til forsking og undervisning. Det bør verta eit tydelegare fokus på og merksemd om det administrative språket, som er særleg viktig for jamstillinga bokmål/nynorsk.
Ein handlingsplan bør krevja tydelegare avklåring, konkretisering og institusjonstiltak når det gjeld jamstillinga bokmål-nynorsk: parallellspråkbruken artar seg litt annleis der enn når det gjeld norsk/engelsk. UiB sine retningsliner frå 1996 kan stå som eit godt døme på framtidsretta ‘god praksis’.
Det er fire slag tiltak som byd seg fram: (1) førebilete - tekstkorpus, (2) fasitar – dokumentasjon i allmennordbøker og fagordbøker, (3) undervisning – i praksis og på metanivå (4) omsetjing av grunnleggjande læremiddel for BA-utdanninga som i dag berre ligg føre på engelsk.
2.2 Førebilete - korpustekst
Det trengst tekstkorpus med meritterte vitskaplege og populærvitskaplege arbeid på norsk, der tekstkvaliteten er sikra etter både fagspråklege og allmennspråklege kriterium. Nynorskkorpuset har noko slik tekst innanfor jus og fleire humaniora-disiplinar, vil gjerne ha mykje meir, og kjenner til at folk har nytta Nynorskkorpuset nettopp til å sjå korleis slik fagtekst ser ut. Den viktigaste kjelda til vitskapleg tekst no er sikkert Nasjonalbiblioteket. Men eit dedikert korpus for vitskapleg tekst på norsk, på grunnlag av innleverte arbeid som ligg føre i elektronisk form, vil vera ei god hjelp og eit opplagt CLARINO-tiltak.
2.3 Fasitar – allmennordbøker og terminologiordbøker
Fagspråk skal vera stringent og det skal liggja klare definisjonar attom fagtermar som er nytta.
Ein første føresetnad for å bruka norsk fagspråk er at skrivemåten er avklara. Ortografi for importord var eit motargument mot norsk fagspråk, men er i dag eit mindre viktig argument mot bruk av norsk. Offentleg språknormering etter andre verdskrigen har i stor mon dreia seg om å få på plass norsk rettskriving for internasjonalt ordtilfang, i samarbeid med aktuelle fagmiljø. Derfor er det i dag ikkje problem med ortografisk tilpassing av importord frå indoeuropeiske språk, slik det kunne vera fram til tusenårsskiftet. Språksamlingane som ligg til grunn for Norsk Ordbok har vore viktige verktøy for denne normeringa. Språksamlingane har òg tidleg dokumentasjon på norsk attgjeving av fjernkulturelle ord, noko som i sin tur har ført til tidleg normering og definering av viktige ord for nye folkegrupper i Noreg.
Vidare er det vesentleg å vera sikker på sambandet mellom oppslagsform og tyding. Den sikraste kjelda for definering av allmennord og termar både innanfor allmennspråk og fagspråk er vitskaplege ordbøker, bygt på store vitskaplege ordsamlingar. Ordbokartikkelen er konstruert for å halda fast sanningsuttrykk. Ein vitskapleg ordbokartikkel kan reknast som ei deklarativ utsegn om ekvivalens; i ein gjeven kontekst er oppslagsordet likeverdig med definisjonen. Dersom kjeldefestinga og underlagstilfanget er solid, er slike utsegner gyldige sanningsuttrykk, liksom matematiske likningar er det.
Omgrepsdrøfting er eit sentralt element i alt vitskapleg arbeid, og minimumskravet er at forfattaren klargjer kva for tyding det er lagt i termar som kan ha fleire tydingar. I somme avhandlingar på både MA- og ph.d.-nivå finn ein termlister som del av avhandlinga, med referanse til Standardordbøkene (ordbokene.no) og Norsk Ordbok, liksom andre oppslagsverk. Ordbokartiklar har ofte spela ei rolle i juridisk arbeid. Definering av omgrep er også viktig i næringslivet, såleis er det ikkje uvanleg å finna termlister knytt til kontraktarbeid.
Vitskapsspråk er kreativt, det blir laga nye ord for å nemna nye omgrep, og mange slike ord blir allmennord. Døme kan vera orda for grunnstoff. Svært mange termar har ein førstebruk i eitt kjent vitskapleg bidrag, og ofte finst denne opplysninga i allmennordbøkene, såleis t.d. under artikkelen «gen n» i standardordbøkene (Bokmålsordboka og Nynorskordboka):
substantiv inkjekjønn
• først nytta av den danske arveforskaren W. Johannsen, 1857–1927
• samanheng med genus n
Eit godt tiltak for å styrkja norsk fagspråk vil derfor vera å stilla tydelegare krav til termdefinering i vitskaplege arbeid, særleg på MA- og ph.d.-nivå, t.d. om at viktige faguttrykk skal vera både uttrykkjeleg definerte på norsk, og forankra i norske fag- og allmennspråklege publikasjonar. Det bør ikkje vera nok å berre visa til eit engelskspråkleg oppslagsverk.
Allmennspråk og fagspråk er som før nemnt to sider av same sak. Denne innsikta ligg til grunn for prosjektet Norsk Ordbok, jf. t.d. Sigmund Skards skrift «Norsk Ordbok. Historie – Plan – Arbeidsskipnad» frå 1932, der «Vitskapleg litteratur og faglitteratur» står som kjeldetype A for dei den gongen planlagde språksamlingane som Norsk Ordbok skulle byggja på. I samsvar med dette føremålet er Setelarkivet for Norsk Ordbok fullekserpert for artsnamn og planteterminologi frå Norsk Flora, liksom ei mengd fagordlister og avhandlingar. Ein nyare komponent i Språksamlingane heiter Ordbokhotellet. Der finn ein mellom anna Norsk Landbruksordbok, som ei av 86 ordbøker og ordlister frå bokmål og nynorsk. Ordbokhotellet er søkbart på tvers og under utviding (nye ordbøker og ordlister blir lagde til). Gjennom indeksdatabasen for Språksamlingane, Metaordboka, er både bokmål og nynorsk dekte. Her er slikt ordtilfang samordna med allmennspråklege belegg frå mange tusen skriftlege og munnlege kjelder. Språksamlingane demonstrerer dermed for kvart einskildord spreiinga i bruk frå vitskapleg terminologi til allmennspråk, og omvendt. Det vil vera viktig for dokumentasjon og utvikling av norsk fagspråk å halda oppe vekselverknaden mellom meir spesialisert terminologiarbeid og samlingane for allmennspråk.
I Norsk Ordbok er sambandet mellom fagspråk og allmennspråk realisert ved at ordartiklane bruksmerking på definisjonar for om lag 100 fagområde, og har fleire tusen fagspråkrelevante definisjonar. Norsk Ordbok på nett kan gjerast søkbar på bruksmerkingane, og slik visa samanhengen mellom allmennspråk og fagspråk.
2.4 Undervisning og fagspråk
Mange institutt og fakultet har tilbod om skrivetrening for kandidatar på fleire nivå. Det vil vera naturleg å innarbeida kunnskap om hjelpemiddel som ordbøker og Termportalen til fagleg skriving i slike undervisningstilbod.
Det same gjeld vitskapleg personale som ikkje har norsk som førstespråk. Dei treng norskundervisning som er både allmenn og fagspesifikk. Endå om undervisninga skal vera forskingsbasert, vil ei viktig støtte vera førebilete og fasitar, dvs. tilgjenge til relevant fagtekst på norsk og termregister, både i høve til fagintern språkbruk og i høve til allmennspråket.
2.5 Utvikla lærebøker på norsk som held internasjonal standard
Lærebøker er generelt ein for lite påakta sjanger. Læreboka for mest alle fag som har ei instrumentell side, har tekst som inneheld samanhangande fagord og faguttrykk med definisjonar, sett i system, og ofte illustrert. Lenger ut i teksten kjem faguttrykket i kontekst, og hugsar ein ikkje kva det tyder må ein anten bla tilbake eller slå opp i ei tilhøyrande eller uavhengig ordliste.
Det vil såleis truleg vera ei god investering å få utarbeidd lærebøker i alle grunnleggjande fag på B.A.-nivå, og der bør kunna tenkja sektor meir enn spesifisert fag.
Eit døme på eit slikt tiltak kan vera å få omsett til norsk eit av dei store (internasjonalt produserte) grunnleggjande læreverka i medisin, som dekkjer alle deldisiplinar frå anatomi til genredigering, og blir brukt av studentar i alle helserelaterte fag på BA-nivå. Omsetjing av eit slikt læreverk vil vera ein stor jobb første gongen, deretter er det tale om mindre revisjonar. Omsetjinga vil kodifisera ei mengd termar, definera dei (det er det lærebøker gjer) og syna dei brukte i kontekst. Dersom ei slik omsetjing blir organisert som tidsavgrensa prosjekt, vil det liggja til rette for samarbeid med både terminologar og fagmiljø for korpuslingvistikk og allmennordbøker. Her vil det også vera mogleg å gjera rett til både bokmål og nynorsk ved at somme kapittel er skrivne på eit mål, somme på eit anna.
3. Oppsummering; utfyllande merknader og moment
Eit minstekrav til at ein handlingsplan for norsk fagspråk skal vera effektiv, må vera at dei språklege resursane som trengst, er på plass. Dette vil seia norsk terminologi og sikre språkmønster i dei aktuelle sjangrane, og formidlingsresursar i form av ordbøker, termbasar og språkteknologiske applikasjonar. Dette minstekravet ser ut til å vera forstått og på plass i dei statleg strategi- og handlingsdokumenta som er innebygd i dei viktigaste lokale språkstrategiane frå UH-sektoren.
3.1. Fagspråk og allmennspråk - to sider av same sak
Det er viktig å unngå eit todelingsperspektiv (dikotomisk) på språket, at noko er fagspråk og resten allmennspråk. Dei ulike bruksvarietetane heng saman, og alle fagspråkbrukarar kommuniserer på eitt eller anna nivå med dei breie laga av språksamfunnet.
Ein må derfor unngå å dra eit så sterkt skilje mellom fagspråklege og allmennspråklege resursar at det kan gje grunnlag for nedprioritering av dei allmennspråklege resursane. Standardordbøkene og dei store dokumenterande ordbokverka er nødvendige grunnlagsresursar for skriving av fagtekst på norsk og treng vedlikehald, oppdatering og inkorporering i språkteknologiske applikasjonar.
På tilsvarande vis må ein unngå å dra eit skarpt skilje mellom allmennspråklege (leksikografiske) og fagspråklege (terminologiske) kompetansemiljø. Den beste språkutviklinga får ein når ulike metodiske tilnærmingar får utvikla seg og utnyttast i eit samspel med kvarandre.
Digitalisering er ein nøkkelfaktor. Det må utvikla mekanismar og insentiv for strategisk satsing på språkteknologi.

3.2 Norsk Ordbok si rolle i handlingsplanen for norsk fagspråk
Nemnda for Norsk Ordbok meiner derfor at omsynet til dei dokumenterande ordbokverka (Norsk Ordbok og NAOB) må telja tungt i arbeidet med handlingsplanen. Norsk Ordbok er det store og samlande ordbokverket for det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Såleis er Norsk Ordbok den største grunnlagsresursen for utviklinga av nynorsk fagspråk, og dermed for nedbremsing av det akademiske domenetapet som nynorsken er utsett for.
Nemnda vil peika på Ordbokhotellet og Metaordboka som språkteknologiske grunnlagsresursar.
Utvikling av språket er eit arbeidsfelt der humanistisk forsking har ein sentral plass. Leksikografi og terminologi er språkvitskaplege disiplinar med tverrvitskapleg orientering, derfor er det viktig for det norske språksamfunnet å utvikla språkvitskaplege fagmiljø der dei to disiplinane har ein plass. Ikkje berre nordisk språkvitskap, men òg allmenn språkvitskap og datalingvistikk/språkteknologi er sentrale fag i denne samanhengen, slik òg språklovproposisjonen (108, 2019–2020) peika på.
Handlingsplanen må stimulera til auka tverrfagleg organisering og fastare nettverk av dei termgruppene som finst ved norske UH-institusjonar, og til auka kontakt mellom desse og dei allmennspråklege ordbokredaksjonane.
Nemnda for Norsk Ordbok vil understreka at fagfelta leksikografi og terminologi ved Universitetet i Bergen kan gje viktige bidrag til å realisera handlingsplanen for norsk fagspråk, under føresetnad av at fagfelta blir tilført resursar som svarer til oppgåvene. Dette vil som før i liknande saker vera ei politisk avgjerd. Såleis ville standardordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka ikkje kome til utan stortingsvedtaket i 1971 om å oppretta Norsk Leksikografisk Institutt. Nemnda vonar at dei redaktørårsverka som blir fristilte når revisjonen av standardordbøkene er ferdig i 2024, blir tilførte Norsk Ordbok.
Fagspråkarbeid gjennom leksikografi og terminologiarbeid har direkte nytteverdi for det norske samfunnet, frå den einskilde språkbrukaren til næringsliv og forsking. Ordbokprosjekt, samlingsresursar og fagkompetanse er no samla ved Universitetet i Bergen, og er samla sett sterke nok til å kunna levera dei leksikografiske og terminologiske språktenestene som trengst i utvikling av norsk fagspråk, føresett at ei meir langsiktig satsing kjem på plass, både institusjonelt og økonomisk.
Nemnda for Norsk Ordbok ber om at handlingsplanen for norsk fagspråk har med desse tilrådingane:
I formidling av fagspråk vil ordbøker av alle typar vera ein avgjerande resurs. Bruk av dei store allmennordbøkene og av Termportalen bør derfor vera integrert i språkopplæring for både morsmålsbrukarar og for dei med norsk som andrespråk.
Referanseverk som ordbøker må vera oppdaterte og halda høg internasjonal standard. Dette er viktig for alle som skal bruka norsk fagspråk, men er særleg viktig for internasjonalt tilsette som skal læra seg norsk. Norsk Ordbok og tilfanget som ordbokverket byggjer på, er derfor ein grunnlagsresurs for vidare utvikling av norsk fagspråk.
Norsk Ordbok inneheld meir fagspråk enn standardordbøkene, og har terminologiske resursar som del av kjeldegrunnlaget. Fagspråkresursane bør gjerast søkbare via Norsk Ordboks nettside.
Det nasjonale ansvaret for faga terminologi og leksikografi er lagt til same institusjon, Universitetet i Bergen. Det ligg dermed til rette for auka bruksnytte av resursane. Ein kan til dømes sjå føre seg ei kopling mellom ordbøkene og Termportalen, slik at søk etter fagtermar i standardordbøkene kan gi treff dersom termen finst i Termportalen.
Det er mogleg å leggja til rette for søk i Norsk Ordbok også med bokmål, og slik opna ordboka opp for eit monaleg større tal brukarar.
På kort sikt er Nemnda merksam på at Revisjonsprosjektet for Nynorskordboka og Bokmålsordboka skal avsluttast i 2024 og at det då vert frigjort resursar og arbeidskraft. Nemnda ser det som svært viktig at desse resursane vert verande i ordbokarbeidet, slik at digitaliseringa av Norsk Ordbok kan få auka framdrift.