Innspel til innspelsrunde om norsk fagspråk frå UiA
Universitetet i Agder har 2228 tilsette og 14096 studentar
1. Kva er utfordringane for norsk fagspråk i akademia, og kva kan vera årsakene til desse?
-Manglande terminologi og fagspråk
Dette er ei utfordring for studentar som skal lære seg eit fagspråk, og for undervisarar som skal undervise og formidle faget sitt. Det gjeld både norskspråklege og ikkje-norskspråklege undervisarar. Arbeidslivet ønsker seg kandidatar som kan formidle faget sitt på norsk, og det krev eit norsk fagspråk.
Arbeid med å utvikle norsk fagspråk og terminologi er ikkje definert som ei arbeidsoppgåve til tilsette i sektoren. Det betyr at det ikkje blir gitt kompensasjon for terminologiarbeid eller andre typar fagspråksutvikling i arbeidsplanar. Om nokon skulle drive med slikt arbeid, er det per definisjon anten overtid eller ein fritidsaktivitet. Dette er ikkje i tråd med det ansvaret som sektoren har fått i UH-lovas § 1-7.
-Generell norskopplæring
Vi har vitskapleg tilsette som er ulikt gode i engelsk og også ulikt gode i norsk. Alle skal delta både fagleg og sosialt for å gjere ein så god jobb som råd. Vi klarer ikkje å tilby godt nok tilrettelagt norskundervising for denne gruppa. Det er også ei utfordring med midlertidig tilsette, som ein ikkje kan krevje at lærer seg norsk. Utanlandske studentar som ikkje kan norsk, kan også medføre at undervising blir gjennomført på engelsk.
-Merittering og andre insentiv
Meritteringskriteria for opprykk verdset ikkje tydeleg nok arbeid med fagspråk
2. Kva tiltak kan vera aktuelle for å styrkja norsk fagspråk?
Undersøkinga frå Språkrådet og UiB viser at dei største opplevde hindera for å skrive på norsk er mangel på terminologi, tid, publiseringskanalar og anerkjenning. Det er då rimeleg å fokusere på desse punkta viss ein vil auke bruken av norsk fagspråk. I tillegg:
· Sentral organisering av termgrupper, helst i regi av UH sine nasjonale fagorgan
· Økonomisk støtte til terminologiarbeid, slik at dei som bidrar, får kompensasjon på arbeidsplanen
· Fagspråk og terminologi bør komme inn i emne- og programbeskrivingar og dermed bli gitt ein naturleg plass i utdanningar
· Sørge for tilstrekkelige ressursar til fullverdig norskopplæring for utanlandske tilsette
· Sikre språktenestene i sektoren slik at korrekturlesing/språkvask og omsetjing er tilgjengeleg for alle tilsette, på både norsk og engelsk
· Verdsette arbeid med fagspråk tydelegare ved merittering:
o NOR-CAM- veilederen bør bli brukt i vurderingar i akademiske karriereløp.
o NOR-CAM bør opne endå tydelegare for å verdsette arbeid med terminologi ved kompetansevurdering.
· Støtte til lærebokskriving på norsk
· Støtte til etablering og drift av publiseringskanalar på norsk, der dette er naturleg
· Etablere ordningar for oversetting av faglitteratur til norsk
· Støtte utvikling og drift av Termportalen slik at miljøet har nødvendige ressursar til å bistå arbeidet i dei nasjonale termgruppene
· Auke ressursane til Språkrådets Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning slik at rådet aktivt kan rettleie fagspråk- og terminologiarbeidet ute i UH-sektoren