🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Offentlig innspillsrunde til handlingsplan for norsk fagspråk

Universitetet i Stavanger

Departement: Familiedepartementet
Dato: 28.04.2023 Innspel til handlingsplan for norsk fagspråk frå Universitetet i Stavanger Universitetet i Stavanger er glade for at Kunnskapsdepartementet ønsker å løfte fram fagspråk gjennom ein eigen handlingsplan. Vi takkar for høve til å komme med innspel. Utfordringar for norsk fagspråk i akademia Universitets- og høgskolesektoren har eit sjølvsagt ansvar for å bidra til eit sterkt norsk fagspråk. Dette skal vi gjere samstundes som vi varetar fleire ulike samfunnsoppdrag. Mellom anna skal vi vere ein del av eit internasjonalt forskingsfellesskap. Utfordringa ligg i å vareta både den nasjonale og internasjonale fellesskapen på same tid. Det er ikkje et spørsmål om anten norsk eller engelsk, men både og. Språkrådet og Universitetet i Bergen gjennomførte i 2022 ei undersøking om norsk fagspråk i akademia. Her kom det også inn svar frå vitskapelege tilsette ved Universitetet i Stavanger. Vi byggjer innspela våre på dei nasjonale og lokale funna frå undersøkinga. Vi meiner desse gir eit godt bilete på mange av dei utfordringane som gjer at norsk fagspråk står under press. Universitetet i Stavanger vil trekkje fram følgjande utfordringar: Tilsette opplever at publisering på norsk i liten grad fremjar karrieren Vil ein nå «ut og opp», er det ofte engelsk som er vegen mot målet. Til dømes er publisering i internasjonale tidsskrift fleire stader eit momenta i kompetansevurderinga ved tilsetting og opprykk. Publisering internasjonalt har større rekkevidde. Det aukar sjansen for å nå ut til eit breiare publikum, å bli sitert i andre land og byggje eit internasjonalt nettverk. Såleis vil bruk av engelsk (eller andre store framandspråk) vere med på å gje større prestisje og anerkjenning. Publiseringspoeng er òg eit kriterium ved tildeling av forskingsmiddel, som jo og er med på å utvikle karrieren. Mangel på norskspråklege publiseringskanalar Mange opplever at ordninga med publiseringspoeng har favorisert engelsk. Få norske tidsskrift er rangert på høgaste nivå, og publisering på norsk har dermed gitt færre poeng enn publisering på engelsk. På enkelte fagområde finst det heller ikkje norskspråklege (anerkjente) tidsskrift. Mangel på norsk terminologi Noreg er eit lite land, og norsk eit lite språk. Når teknologi og fag vert (vidare-)utvikla i andre land og dokumentasjon og publisering føregår på store språk som til dømes engelsk, klarer ikkje alltid det norske fagspråket å hengje med i utviklinga. Når i tillegg mykje av publiseringa frå Noreg skjer på engelsk, er det vanskeleg å utvikle norske omgrep. Den kjappaste og enklaste utvegen vil ofte vere å bruke dei internasjonale fagomgrepa også på norsk, både i formidling og undervisning, noko som igjen gjer at dei festar seg enno meir. Tilsette har ikkje tid til å prioritere norsk I ein hektisk arbeidskvardag med arbeidskrav og faste oppgåver på arbeidsplanen, der publisering på engelsk både blir oppmuntra og er det som utløyser poeng og prestisje, og er naudsynt for å få forskinga ut til det internasjonale fagfellesskapet, seier mange tilsette at dei ikkje har tid til å prioritere publisering på norsk. Slikt arbeid kjem då i tillegg til det dei allereie gjer. I mange tilfelle vil det ikkje vere eit spørsmål om å anten publisere på engelsk eller norsk, men å publisere på både engelsk og norsk. Det betyr meir arbeid – og at noko anna må prioriterast bort. Internasjonalt tilsette som beherskar norsk, også på eit høgt nivå, kan òg oppleve at dei bruker meir tid på arbeid og oppgåver der språket er norsk, og at denne tida ikkje vert kompensert for, noko som igjen gjer at til dømes publisering på norsk vert nedprioritert framfor engelsk. Ikkje alle tilsette har like god norskkompetanse Universitetet i Stavanger har som andre i sektoren mange internasjonalt tilsette. Det er vi både glad for og stolt av. Internasjonalisering er ein føresetnad for kvalitet i norsk forsking og høgare utdanning. Det byr likevel på utfordringar når det gjeld det norske fagspråket. Sjølv om fast tilsette skal lære seg norsk i løpet av ei bestemt tid, betyr ikkje det at dei kjem opp på eit nivå der dei til dømes kan skrive publiseringsklare tekstar på norsk eller i like stor grad kan bidra til utvikling av norsk terminologi. Inntil dei kjem opp på eit tilstrekkeleg nivå, er dei heller ikkje i stand til å undervise eller rettleie på norsk. I tillegg kjem mellombels tilsette og internasjonale studentar som gjer at forskingsaktivitetar, undervisning og anna kommunikasjon må gå føre seg på engelsk eller andre språk, der ein kanskje elles hadde nytta norsk. Meir undervisning på engelsk og manglande læremiddel på norsk Meir undervisning på engelsk og mykje pensumlitteratur på engelsk smittar òg over på studentane. Det er viktig at studentar får øving i å tileigne seg kunnskap formidla på andre språk. Men om dei ikkje samstundes møter det norske fagspråket, anten i forelesingar eller i form av pensum eller undervisningsstøtte som til dømes ordlister eller tilleggslitteratur på norsk, manglar dei eit språk for å formidle kunnskapen sin på norsk. Når studentane også møter norsk forsking på engelsk, kan dei få inntrykk av at det er meir prestisjefylt å bruke engelsk i til dømes bachelor-, master- og doktorgradsoppgåver. Tiltak for styrkja norsk fagspråk Undersøkinga om norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høgskulesektoren syner at mange ønsker å publisere meir på norsk. Om ein set inn gode tiltak og verkemiddel, har ein altså motiverte undervisarar og forskarar som kan bidra til å fremje og vidareutvikle det norske fagspråket. På overordna plan er utfordringa at norsk i mange tilfelle blir prioritert lågt eller heilt bort. Det kan difor vere nyttig å setje i verk tiltak som gjer gode argument for å prioritere bruk og utvikling av norsk fagspråk. Forsking og publisering: Ein bør innføre økonomiske insentiv for norskspråkleg publisering. Det bør òg etablerast støtteordningar / øyremerkte ressursar til språkhjelp for internasjonale tilsette som vil skrive eller til dømes utvikle støttemateriell til undervisninga på norsk. Mange beherskar norsk på eit godt nivå, men vil likevel ha behov for hjelp til for eksempel korrektur, språkvask og omsetjing. Ei ordning for hjelp og støtte til norskspråkleg publisering og formidling vil både senke terskelen for å publisere på norsk og samstundes bidra og motivere til heving av norskkompetansen. Undervisning: Det bør finnast økonomiske støtteordningar for utvikling av norskspråklege læremiddel på fagfelt der engelsk er mykje brukt. Dette vil òg fremme utviklinga av norsk fagspråk og terminologi. Karriereutvikling: Det må bli meritterande å formidle på norsk. Dette gjeld òg formidling utanfor vitskapelege anerkjente tidsskrifter, sidan det manglar norskspråklege publiseringskanalar. Her kan ein til dømes sjå til NOR-CAM, som opnar for at kompetanse på fleire område kan vere meritterande. Terminologi og fagspråk: Det er behov for økonomiske støtteordningar for utvikling av terminologi. Arbeid med terminologi må skje både lokalt ute i institusjonane og på tvers i fagmiljøa, men òg nasjonalt. Termportalen ved UiB er ein god start, men arbeidet bør styrkast, og det bør etablerast fleire termgrupper. Det nyttar lite om enkelte forskarar og undervisarar utviklar og tar i bruk norske omgrep på kvar sin kant om ikkje terminologien vert forankra, anerkjent og tatt i bruk i større delar av fagmiljøet. Studentanes kompetanse i norsk fagspråk og terminologi bør takast med i emnebeskrivingar/programbeskrivingar. Slik stimulerer ein til at utvikla norsk terminologi vert tatt i bruk. Det er viktig at studentar ikkje opplever manglande norsk terminologi/fagspråk som ei hindring for å tileigne seg fagkunnskap eller skrive på norsk. Norskopplæring: Norskopplæringa til internasjonalt tilsette bør styrkast, og det må sikrast ressursar til dette om tilsette skal komme raskt opp på B2-nivå. I dag er det vanskeleg å tilby norskopplæring som er optimalt tilpassa kvar enkelt. Internasjonalt tilsette er ikkje ei homogen gruppe. Dei kjem med ulike føresetnadar for å lære norsk, har ulike behov og lærar på ulike måtar og i ulikt tempo. Anna opplæring / tilbod: Språkrådet og andre fagorgan må få tilstrekkelege ressursar til å støtte sektoren i arbeidet, til dømes gjennom kurs, råd og rettleiing. Arbeidet med å utvikle termbasar, språkressursar og språkteknologi som støttar og fremjar norsk, må fortsette, og sektoren må sikrast tilgang til desse. Andre innspel: Ei av årsakene til at mange av våre vitskapelege vel å publisere på engelsk, er fordi dei opplever internasjonal interesse for forskinga si. Det er sjølvsagt ein god ting. Samstundes er det viktig å sikre at forsking (og undervisning) er tilgjengeleg på norsk. Utfordringa ligg som tidlegare nemnd i å vareta både den nasjonale og internasjonale fellesskapen på same tid. Vi treng både eit internasjonalt og eit norsk fagspråk. Den ideelle løysinga ville vore om ein kunne styrke det norske fagspråket ved å bruke meir norsk, utan at det går på kostnad av andre språk. Det vil naturleg nok vere meir ressurskrevjande. Det er òg viktig å gjere oppmerksam på forholda for nynorsk fagspråk, som nok krev ein enda sterkare innsats enn bokmål mange stader. Her veit vi departementet får innspel frå andre institusjonar. Dei fleste tiltaka vi har nemnd, kan forsterkast og tilpassast for nynorsk Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"