Bykle kommunes høringssvar – NOU 2022:20 – et helthetlig skattesystem
Store kraftutbyggingar i Bykle har ført til at Bykle frå slutten av 1980-talet og frametter har hatt god økonomi. Dei økonomiske ringverknadane frå utbyggingane i Bykle er i tillegg veldig positive for heile Agder og Noreg som heilskap.
Gjennom store reguleringsmagasin i Bykle vert det generera ein verdiskapning av fornybar rein energi på over 3,5TWH. Dette tilsvarer straum til over 220 000 husstander. Men store utbyggingar har sin pris. Neddemde og øydelagde grender og bygdelag. Også i Bykle. Lokalsamfunnet har i samband med dei store utbyggingane i kommunen teke store menneskelege og materielle belastningar.
Det er viktig å få fram samanhengane mellom den prisen lokalsamfunnet har betalt, og den rettmessige godtgjeringa i form av skattar og avgifter som kjem ut i den andre enden av desse utbyggingane, og som er eit avgjeranse grunnlag for vidare drift og utvikling av Byklesamfunnet.
Bykle kommune forutset at storting og regjering er truverdige og følgjer opp vedtak og forutsetningane som låg til grunn, både lokalt og nasjonalt, i samband med konsesjonshandsamingane av desse store utbyggingane.
Bykle kommune er av den grunn ueinige i Skatteutvalets henvisning til Sanderudutvalets framlegg om å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgifter, samt å endre verdsettingsprinsippet for eigedomsskatt på kraftanlegg.
Bykle kommue er kjent med at Landssamanslutninga av Vasskraftkommuner ( LVK) har avgitt høyringsuttale. Bykle kommune støtter opp om LVK sin høyringsuttale.