Som tolk meiner eg at mange av dei føreslegne endringane i honorarsystemet for frilanstolkar er gode. Til dømes tenkjer eg at to timars starttakst for alle tolkeoppdrag, aukning i prosent ved helg/kveld/helligdag er gode forslag til utbetring av honorarsystemet.
Eg synes likevel forslaget om å auke til lønnstrinn 38 ikkje er godt nok, all den tid frilanstolkar sjølv må setje av pengar til pensjonssparing, ved sjukefråvær og ferie. NAV har inngått ein rameavtale med tolkenett der det går fram at dei betalar over det dobbelte i timetakst til eksterne tolkar (talespråk), enn sine "eigne" tolkar- frilans teiknspråktolkar (dagens takstar). Dette synes eg gjev eit merkeleg signal, då tolk er tolk uansett språk.
Håpar noko skjer snart. Sjølv veit eg ikkje kor lenge eg orkar å stå i dette yrket slik ståa er no. Slik trur eg mange av oss frilanstolkar har det.