🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft

Aukra kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar – Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft

Aukra kommune sluttar seg til Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommuner (LNVK) sin høyringsuttale til regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på vindkraft.

Kommunen støttar departementet sitt utgangspunkt om at ein større del av verdiane som vert skapt ved bruk av våre felles naturressursar skal kome lokalsamfunn og fellesskapet til gode, men kan ikkje støtte den delen av forslaget som går ut på at ein del av grunnrenteskatten skal gå til heile kommunesektoren i form av auke i rammetilskot. Det vil føre til at kommunar som ikkje ein gong har vindkraft i sin kommune vil få inntekter frå vindkraft i andre kommunar. Aukra kommune meiner at slike inntekter må gå til dei kommunar som stiller natur til rådvelde for vindkraft på land.