Møre og Romsdal fylkeskommune sitt høyringsinnspel
til NOU 2022: 17, Veier inn – ny modell for opptak til universiteta og høgskolar.
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider aktivt med problemstillingar knytt til inkludering og utanforskap. Tilknyting til arbeidslivet er ein viktig faktor for å hindre utanforskap. Med dagens krav til kompetanse og behov for kompetanse i både næringsliv og offentleg sektor er det viktig at personar ikkje blir hindra i å ta høgare utdanning. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar på generelt grunnlag, opp om utvalet sine tiltak under kapitel 5 Kvalifisering i ny opptaksmodell. Tiltaka balanserer omsynet til kompetansekrav for å gjennomføre høgare utdanning, samtidig som det blir lagt til rette for å redusere dei stadig aukande karakterkrava som er til hinder for opptak til høgare utdanning.
På vegne av kompetanse- og næringsdirektøren har arbeidsgruppa som har jobba med høyringa i tillegg komme fram til følgjande innspel nummerert i tilfeldig rekkjefølgje:
1. Eksamenskarakterar og karaktersnittet
Vi er einige i at gjennomsnittet mellom standpunkt og eksamen i eit fag, bør danne grunnlaget for å regne karaktersnittet og poengsum. Det er meir rettferdig at karaktersnitt ikkje er basert på eksamenskarakterane slik gjeldande praksis er, fordi det i mindre grad gjer at trekkordninga for eksamen handlar om flaks og uflaks for den einskilde elev.
2. Moglegheita til å forbetre karakterar med privatistordninga
Vi legg til grunn at det ikkje vil vare mogleg å forbetre karakterane gjennom å få elevstatus i fullførte og beståtte fag fleire gonger.
Det er ei kjensgjerning at ungdom i vidaregåande alder har ulik modningsgrad. Det er også systematiske forskjellar knytt til kjønn. Dette kan slå uheldig ut når moglegheita til å forbetre karakterar blir borte, fordi det kan forsterke ei allereie eksisterande trend der menn i mindre grad enn kvinner fullførar høgare utdanning, ikkje minst innafor fagområde med høg konkurranse om studieplassane (til dømes medisin, psykologi, jus).
Det er positivt at den nye ordninga tek sikte på å unngå at einskilde studium krev kunstig høgt snitt, noko som kan føre til at unge vaksne bruker fleire år på å forbetre sine resultat frå vidaregåande for å komme inn på ønska studium. Ulempa er at ein i andre enden vil legge enda meir press på elever i vidaregåande, både med tanke på prestasjonar og val av retning.
3. Fjerning av førstegangsvitnemål
Ei ordning der alle vitnemål blir likestilt vil gjere saksbehandlinga og dokumentasjonsarbeidet på dei vidaregåande skolane enklare. Ein kan også anta at søkarane vil oppleve det som meir oversiktleg og rettferdig.
4. Innføring av standardisert opptaksprøve
Dersom ordninga med forbetring av karakterar og inntak basert på førstegongsvitnemål blir fjerna, er det viktig at det framleis finns moglegheiter for å konkurrere seg inn på andre måtar. Ei kvote som konkurerrar seg inn gjennom resultat frå ei nasjonal opptaksprøve kan gje elever, som med tida har fått økt motivasjon eller har blitt meir modne, ei reell moglegheit til å konkurrere med dei som låg langt fremme då dei gjekk på vidaregåande skole. Dersom ein søker å oppnå dette gjennom ordninga med opptaksprøve, bør ein vurdere om ei fordeling på 80/20 er hensiktsmessig.
Dette kan få betydning for dimensjonering av tilbodet i vidaregåande opplæring, då ein kan anta at ein del elever vel realfag/språkfag for å oppnå eit høgare karaktersnitt. Eit slikt tiltak kan innebere at fleire vel ut frå evner og interesse framfor at det einskilde valet kan gje eit fortrinn i seinare søknader. Like fullt er det viktig at ei eventuell endring blir innført med ein god og oversiktleg tidsramme, slik at dimensjonering av tilbod kan tilpassast der det blir naudsynt.
Det verker naturleg at alderspoeng, poeng for folkehøgskule og førstegongsteneste blir fjerna dersom ein endrar på ekstrapoeng for realfag og språkfag. Det gjer totalt sett eit meir oversiktleg system som ikkje legg meir verdi til noko og mindre verdi til noko anna.
6. Dispensasjonar for elevar som kan vare studieforberedt sjølv om ikkje alle faga er bestått
Vi meiner at det kan vere utfordrande for skolane at dei må vurdere objektivt om elevane dette gjeld er studieforberedt eller ikkje. Det kan bli stort press på skolane for å godkjenne søknadar i ettertid. Vi ønskjer heller ikkje at ei slik ordning blir for omfattande, uavhengig av kven som behandlar saka. Dersom kriteria blir for vage og omfanget stort kan ein utilsikta konsekvens vere at elevar/føresette spekulerer i å ikkje oppnå ståkarakter i enkeltfag for å komme betre ut i berekninga av karaktersnittet.
Vi er og ueinige i påstanden om at sakspapir må ettersendast pr. post. Det finns gode system for å sende desse sikkert elektronisk, og i dei tilfelle det ikkje er slik bør ein heller søke gode digitale løysingar framfør å skyve saksbehandlinga til eit lågare nivå i utdanningssystemet.