🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2022: 17 Veier inn - ny modell for opptak til universiteter og høysko...

Realfagseksjonen ved Kvinnherad vidaregåande skule

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Realfagslærarane ved Kvinnherad vidaregåande skule ynskjer å behalde dagens system med realfagspoeng. Dette grunngjev me på følgjande måte:

I realfagsmatematikk (1T, R1 og R2) er det utan tvil meir krevjande å oppnå god karakter enn i praktisk matematikk (1P og 2P).

15-16 - åringar er ofte usikre på kva dei vil søkja på etter vidaregåande skule. Dette betyr at mange elevar er usikre på om dei treng realfagskompetanse for å kunne koma inn på valt studie.

Eit problem ved å fjerna realfagspoeng vil vere at fleire elevar vel vekk realfag då dei ynskjer å oppnå så høgt karaktersnitt som mogleg. Eit døme på studieretningar der elevar med ulike kompetanse frå vidaregande skule konkurrerer er sjukepleiar- eller lærarutdanning. Då konkurrerer realfagselevar i inntaket med elevar som har tatt 1P og 2P. Elevane som ikkje har gått realfag har ofte eit høgare snitt i matematikk enn elevane som har teke realfagsmatematikk.

Som lærarar ser me at ein elev som t.d. har fått karakteren 4 i 1T og R1 kan vere minst like flink i matematikk som ein elev med karakteren 5 i 1P og 2P.

Derfor må ein fortsette å gi realfagspoeng for at det skal vere eit rettferdig grunnlag for opptak i utdanning på høgskule og universitet i utdanning som ikkje krev realfag.

Dersom ein fjernar realfagspoeng, risikerer me at fleire elevar vil velje vekk realfag . Elevane er allereie svært bevisste over fagval og konsekvensar fagval kan ha for karaktersnitt på vitnemålet. Fleire elevar ser på val av realfag som ein risiko for å oppnå eit høgt karaktersnitt.

Vår klare konklusjon er: b eh a ld realfagspoenga .

Realfagslærarane ved Kvinnherad vidaregåande skule, 10 lærarar.