🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2022: 17 Veier inn - ny modell for opptak til universiteter og høysko...

Rådgjevar

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Det har i lengre tid vore jobba for at fleire elevar skal velje realfag i vidaregåande skule. Dersom ein fjernar tilleggspoeng for realfag, vil mest truleg endå færre velje det. I staden for realfag, vil truleg elevane velje fag som vert sett på som lettare å få høg karakter i. Dermed risikerer vi at fleire av programfaga nærast vil forsvinne og elevane går ut med snevrare fagkompetanse.

Mange av elevane på studiespes. er svært usikre på kva dei vil studere vidare når dei startar på vg1. Når dei ikkje har eit bestemt mål å jobbe mot, kan det og påverke motivasjon og karakterar. det bør difor framleis vera mogleg å forbetre karakterar, samstundes som ein held fram med førstegongsvitnemål. Her kan ein gjerne auke kvoten, dermed vil framleis dei med høgast karakterar ha fortrinnsrett, men ein kan få ned inntakssnittet som er i ferd med å bli altfor høgt som t.d. på medisin.

Det er inga god ide å erstatte dagens ordning med fleire opptaksprøver så lenge ein ikkje kan seie noko om innhaldet i desse.

Eksamen bør framleis vera viktig og bør telje ein heil del på vitnemålet. For å t.d. unngå at einskilde elevar har 6 karakterer i norsk kan ein t.d. ha som regel at dei som kjem opp i sidemål skriftleg ikkje kan bli trekt ut i norsk munnleg.