Dato: 26.02.2023 Svartype: Med merknad Høyringsnotat frå Hyllestad kommune vedkommande: «Forslag fra Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet til endringer i energiloven og plan- og bygningsloven knyttet til vindkraft på land.» Hyllestad kommune meiner at forslaget slik det ligg føre ikkje i stor nok grad overfører myndigheit frå statlege styresmakter til kommunane, og frå Energilova til Plan- og Bygningslova (PBL) Til pkt 6.2: Vi meiner at NVE ikkje skal gjevast eit utvida ansvar knytt til handsaming av planprogram og konsekvensutgreiing for områderegulering etter plan- og bygningslov. Eit slikt samarbeid skal uansett ikkje skje utan etter samtykke frå kommunen, då det openbert elles vil svekke kommunen sin påverknad på prosessen. Det er kommunane sin rett og plikt å handheve PBL, og denne må vere styrande også for vindkraftanlegg. Til pkt 6.3: Vi kan ikkje akseptere avgrensing i kommunen sin rett til å oppheve eller endre reguleringsplanar for konsesjonspliktige vindkraftanlegg, dersom gode grunnar taler for dette. Til pkt 7.2: Vi meiner at utforming av vindkraftanlegg, med plassering av internvegar, turbinpunkt, maksimal effekt samla og pr turbin, tal og dimensjonar på turbinar i aller høgst grad høyrer inn under ei områderegulering. Ein parallell plan- og konsesjonsprosess kan berre aksepterast om ein slik måte å arbeide på ikkje vil medføre uheldig press på den kommunale planprosessen. Konsesjonsprosessen må tilpassast kommunen sin planprosess. Vi meiner at kommunen skal avgjerande mynde i vurderinga av fordelane opp mot ulempene ved etablering av vindkraftanlegg. Kommunane må kunne pålegge private tiltakshavarar å utarbeide forslag til detaljregulering, der dette er naudsynt ut frå Kommunenen sin kapasitet, ressursar og andre prioriteringar. Hyllestad kommune meiner at det ikkje lengre skal vere opning for å gjennomføre planlegging av vindkraftverk som statleg plan, då dette er klart i strid med dei politiske føringane som seier at vindkraft ikkje skal byggjast utan lokal aksept. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"