🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av forslag om videreføring av midlertidige regler i lovverket som følge a...

Leiarnettverket for Vaksenopplæringane i Sogn og Fjordane

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
AD: Tilskot til opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar - mellombels lov for ukrainarar.

Per capita-tilskotet i norsk blir utbetalt over 3 år for alle deltakarar. Dette er basert på gjennomsnittsutgifter for alle deltakarar i opplæringa. Det er berre eit skilje mellom høg og låg sats ut frå heimland, elles blir det ikkje differensiert på grupper. IMDi si Berekningsutvals-undersøking for 2021 viser at tilskotet dekkjer knapt 70% av utgiftene til kommunane.

Personar frå Ukraina har førebels utløyst ein noko forhøgd sats for 1. året. Det viser seg no at sjølv om dei får forlenga opphaldsløyve vil dei ikkje utløyse vidare tilskot.

Dette er ein situasjon kommunane ikkje kan leva med fordi ukrainarar har stort behov for språkopplæring. Mange kjenner ikkje til det latinske alfabetet.

Det er høgst urimeleg å lage ei alternativ ordning for denne gruppa fordi:

- Kommunane erfarer at mange vil ha behov for meir enn eitt års språkopplæring

- Tilskotet på 45 000 kroner dekkjer ikkje eitt års undervisning, Tilskotet for år 2, som for 2023 er 73 300 pr person utgjer eitt års undervisning.

- Det er uheldig at det blir innført ei ny differensiering av tilskotet, då ordninga er basert på gjennomsnittleg undervisning. Det vil òg bidra til at eit område som allereie er underfinansiert fell endå dårlegare ut.

- Dei fleste ukrainarar har utdanning, mange har høgare utdanning og har språknivå B2 som mål for å komma inn på universitet/høgskular (eller for å jobba i barnehage, sjukeheim ol). Kommunen har ikkje råd til å tilby gratis opplæring opptil B2 (ca 2 år) GRATIS for alle desse deltakarane

- Etter mellombels opphald vil fleire ønskje seg permanent opphald i Noreg. Då må dei stette kravet om norskprøve på A2-nivå og 75 t samfunnskunnskap.

- Kommunane må tilførast midlar for å sikra at ukrainarane får opplæringa dei treng for å oppfylle kravet i lova for permanent opphald

Vi ber om at det blir innført vanleg norsk-tilskot til personar med kollektivt vern frå Ukraina.

Viss det skal innførast eit unntak for personar ein forventar vil ha behov for redusert undervisning, ber me om at tilsvarande blir gjort for dei svakaste, dvs at ein forlengjer tilskotet for dei som treng ut over 3 års norskopplæring.

Leiar for nettverk av rektorar ved vaksenopplæringsentra i Sogn og Fjordane