🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov

Bjerkreim sokn

Departement: Familiedepartementet
Dato: 14.08.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Bjerkreim sokn ang. NOU2025: 3 Ny kulturminnelov Bjerkreim sokn ynskjer å kome med to innspel: 1. Ang. automatisk freding av kyrkjer fram til 1850 Bjerkreim sokn er kritiske til forslaget om å endre grensa for alle automatisk verna kyrkjer frå 1650 til 1850. Bjerkreim kyrkje er bygd i 1835, og vi vil nytte denne kyrkja som eit døme på kor skeivt ei slik endring av tidspunkt for verna kyrkje vil slå ut. Vi er svært glade i kyrkja vår, men vi veit at ho ikkje er unik. Kyrkja er bygd på ein mal teikna av arkitekt Linstow, som er nytta mange stader. Vi meiner at det skal henge litt høgt og eit bygg må ha ein heilt spesiell verdi for å bli verna, og der er ikkje Bjerkreim kyrkje. Vi ynskjer å ta vare på bygget sjølv gjennom å ha både råderett og bruksrett over kyrkjebygget og sjølvsagt ansvar for vedlikehald. Sjølv om vi må søkje biskopen om alle endringar vi vil gjere. Slik vi les lovforslaget er bakgrunnen for å endre årstalet for automatisk vern å kunne gå bort frå praksisen med «listeførte kyrkjer». Dette kan ein løyse ved å ikkje flytte grensa med 200 år, men til 1750 eller eventuelt 1800. Då unngår ein i alle fall å ta med alle Linstow-kyrkjene, men ein del fleire av dei eldste kyrkjene får eit betra vern. 2. Ang. å erstatte riksantikvaren med fylkeskommunen Bjerkreim sokn ynskjer at riksantikvaren skal halde fram med å vere rådgjevande organ for biskopen ang. søknadar om endringar. Vi ynskjer ikkje at kvar fylkeskommune skal få dette ansvaret. Riksantikvaren har opparbeidd seg god kunnskap om kyrkjebygg og vi har erfart at dei kan anbefale både ja og nei som svar på våre ynskje og behov for endringar i vår kyrkje. Svara er alltid grunngjeve og grundige, sjølv om vi ikkje alltid er einige og nøgde med tilbakemeldingane. Vi ser føre oss at ein administrasjon i kvar fylkekommune lett kan gje ulik praksis i ulike delar av landet. No er det like strengt for alle, og biskopen står fritt til å følje rådet frå riksantikvaren eller ikkje. Dermed har kyrkja v/biskop siste ord ang. endringar ein ynskjer å gjere i eit kyrkjebygg. For oss er dette viktig. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen