🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov

Bjørgvin biskop

Høyring - NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov – høyringsuttale frå biskopen i Bjørgvin
Departement: Familiedepartementet 7 seksjoner

Oppsummering

Denne høyringsfråsegna tek føre seg følgjande hovudpunkt:

Dagens regelverk fungerer bra for sjølve kyrkjebygga sin del. Forvaltninga har derimot nokre gråsoner når det gjeld kyrkja sine omgjevnader. I forvaltninga pregar Riksantikvaren sine verdiar dei godkjende løysingane, både for freda, listeførte og i stor grad også kyrkjer som ikkje er verna.

Saksbehandlinga, slik den er organisert i dag, har høg kvalitet og den er nokså effektiv, trass noko manglande kapasitet hos fleire instansar. Riksantikvaren sine medarbeidarar er veldig kompetente, og dei utgjer samla eit fagmiljø med mange ressursar samla på ein stad. Dette opplevest som ein stor ressurs for Den norske kyrkja.

Både listeføring og freding kan fungera. Det viktigaste er at kyrkjene har godt nok vern, balansert med ei fleksibel forvaltning som balanserer vern og bruk på ein god måte. Minst alle kyrkjer som i dag kvalifiserer til midlar frå kyrkjebevaringsfondet, må få halda fram med det, uavhengig av vernestatus.

Det må vera kyrkja sin verneverdi som er avgjerande for vern, ikkje behovet til dei nasjonale og regionale vernestyresmaktene.

Riksantikvaren eller fylkeskommunen? Riksantikvaren representerer omfattande kompetanse og me ønskjer at dei skal behalda ansvaret for forvaltninga av kyrkjebygg. Å spreie ansvaret på fleire fylkeskommunar samstundes som Riksantikvaren må behalda kompetanse på feltet, er lite effektivt. Kvaliteten er uansett viktigare enn ein uviss mogeleg effektivitetsgevinst av det høyringsnotatet legg opp til at skal bli ei forenkling av forvaltningssystemet for kyrkjene.

Kyrkjebygga

Forvaltninga av kyrkjebygga og omgjevnadane vart sist endra som ei følgje av ny lov om trussamfunn som gjeld frå 1. januar 2021. For sjølve kyrkjebygget medførte dette ingen vesentlege endringar i forvaltninga. Det meste i kyrkjelova vart ein del av kyrkjeordning for Den norske kyrkja, og Rundskriv Q-06-2020 Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø tok på mange måtar over vesentlege prinsipp i forvaltninga frå Rundskriv T-3/2000 Forvaltning av kirke, kirkegård og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø .

Biskopen har eit stort ansvar i å godkjenna endringar utover vanleg vedlikehald på kyrkjebygga. Vår erfaring er at forvaltninga av dette i praksis er nokså lik for freda kyrkjer og listeførte kyrkjer. Riksantikvaren sine vedtak og råd vert i stor grad følgde av biskopen når ho gjer sine vedtak.

Kyrkjelydane søkjer biskopen om endringar, og me opplever eit godt samspel og god dialog med Riksantikvaren. Direktoratet er tydelege på kva verdiar dei meiner må takast vare på. Samstundes viser dei stor forståing for at kyrkjene er i bruk til gudstenester og kyrkjelege handlingar, opplæring, musikkverksemd, møte osb. Denne varierte bruken krev universelt tilgjenge, varme, plass framme til kor, flygel m.m., og plass bak til kyrkjekaffi, barnekrok m.m. Vår erfaring er at Riksantikvaren er konstruktiv i å møta søkjar sine behov og foreslå gode endringar der dei løysingane ein søkjer om, ikkje er gode nok.

For dei kyrkjene som ikkje er listeførte, søkjer biskopen ofte råd hos kyrkjerådet sin arkitekt. Riksantikvaren sine verdiar, vist i praksis, pregar også saksbehandlinga vår for desse kyrkjene.

Kyrkjestaden/kyrkja sine omgjevanader

For kyrkjestaden/kyrkja sine omgjevnader , vart konsekvensen av nytt regelverk større for Den norske kyrkja, sidan biskopen mista si rett til å godkjenna all bygging nærare kyrkja enn 60 m i spreiddbygd («ikkje-urbant») strøk. Bispedømerådet mista for sin del myndet til å godkjenna endringar m.m. på gravplassar, sjølv om dei ligg på kyrkja sin eigedom, i «hagen» til kyrkjebygget, og motsegnsretten i plansaker som regional offentleg styresmakt.

Alle kyrkjer og kyrkjestadar treng «ombod» som ser til at dei verdiane dei representerer, blir tekne vare på, og no er det kommunen sjølv som gjennom plan- og bygningslova, med fylkeskommunen og statsforvaltaren (for gravplassane din del) som regional styresmakt, som skal verna «utsida» av bygga gjennom vedtak i byggesaker og bruk av omsynssoner i planverket sitt.

Sett frå vår side, er dette ok, så lenge kommunane har kyrkjestadane sitt beste i tanken i si forvaltning, men Den norske kyrkja (ved biskopen, om ein held seg til dagens ordning) må i det minste høyrast i alle saker som gjeld kyrkjestaden. Det samla regelverket har også gråsoner eller vakum når det gjeld endringar utanfor kyrkjer som ikkje er listeført og som ikkje har gravplass. Også desse kyrkjene har mange verdiar. (Dette er ikkje eit direkte tema når me drøftar ei kulturmiljølov, men sett frå den enkelte kyrka og kyrkjestaden sitt synspunkt, kan det likevel vera viktig)

Effektiv saksbehandling

I samarbeid med Riksantikvaren har me teke i bruk ei effektiv form for saksbehandling der søknadane i størst mogeleg grad er samla i eitt dokument med gode illustrasjonar. Der det ligg til rette for det, møter søkjarane representantar for biskopen og Riksantikvaren i eit Teams-møte der søknaden blir drøfta. Søkjar skriv referat, dette blir sendt Riksantikvaren for stadfesting av kva ein vart samde om, og så kan biskopen godkjenna på grunnlag av dette. Det er fleire fordeler med dette:

Effektivisering handlar ikkje berre om å gjera ting raskare, men også om å auke kvaliteten, og særleg i forvaltninga av kulturmiljø er dette viktig, jf Agenda Kaupang. (2024). Følgevaluering overføring av oppgaver fra Riksantikvaren s. 24. Tilgjenge til den beste kompetansen samla på ein stad, er etter vårt syn med på å både auka kvaliteten og redusera tidsbruken.

Listeføring vs. freding

Frå biskopen sin synsstad, fungerer ordninga med listeføring godt. Dei kyrkjene dette gjeld, blir sett på som verna, og det er god støtte til saksbehandlinga i dei råda me får frå Riksantikvaren. Direktoratet har kompetanse både på det antikvariske og meir byggtekniske forhold. Det fungerer bra at biskopen skal ta siste avgjerd. Samarbeidet med Riksantikvaren er såpass ope og godt at me blir samde og unngår stor avstand mellom biskopen og Riksantikvaren sine synspunkt.

For freda bygg, kan det bli mindre involvering frå biskopen si side, ettersom Riksantikvaren uansett skal gjera eit eige vedtak etter kulturminnelova.

Slik sett, kan ordninga med listeføring gjerne halda fram.

På den andre sida, vil freding vera ei fastare form for vern som venteleg vil halda seg i mange år. Sidan kyrkjene er i bruk og skal tena som samlingsstad for kyrkjelydane i vår tid, er det viktig med ei fleksibel forvaltning som balanserer vern og bruk på ein god måte. Bruk er ofte den beste garantien for engasjement og vern av kyrkjene.

Eit viktig poeng ved eit eventuell endring av vernekategoriar, er at kyrkjebevaringsfondet, som gjev støtte til tiltak på verna kyrkjebygg, framleis blir ope for søknadar frå minst alle dei kyrkjene som i dag er freda og listeførte.

Form for freding

Utgreiinga drøftar ulike former for freding. Det me kan vera urolege for, er eit veldig streng regime frå vernestyresmaktene. Slik sett er god dialog med kyrkjene sine eigarar og biskopen viktig, både før ei freding og i den daglege forvaltninga av bygga. Her ser me at aktiv bruk av §16 i lovforslaget (med presisering av kva som er dei kulturhistoriske verdiane i den aktuelle kyrkja), kan vera positivt for å få til eit høveleg nivå på vernet.

Utgreiinga (s. 302) hevdar at både forskriftsfreding og vedtaksfreding truleg vil medføra ei strengare prioritering av kva kyrkjebygg som skal ha vern. – Det inneber at færre kyrkjer vil få vern enn dei som i dag er verna gjennom listeføringa, står det.

Sett frå den enkelte kyrkja sin stad, verkar dette merkeleg. Er det slik at den vil vera mindre bevaringsverdig i framtida enn den er i dag? Konsekvensen av færre verna kyrkjer, er i følgje utgreiinga at ein vil ha mindre behov for ressursar til forvaltninga av kyrkjer enn i dag. Snevert sett, kan dette kanskje stemma, men for kyrkja og samfunnet vil kvart bygg krevja like mange ressursar til forvaltning. Fellesrådet må framleis greia ut tiltak for kyrkjebygga sine og søkja om biskopen om godkjenning. Kyrkjerådet må bruka ressursar på evt. rådgjeving. For kommunane vil ei nedgradering frå å ha ei listeført kyrkje til å ha ei kyrkje som ikkje er verna, medføra auka utgifter, kanskje på fleire millionar, fordi kyrkja ikkje kjem inn under kyrkjebevaringsfondet sine løyvingar, med mindre desse vert utvida.

Etter vårt syn er desse bygga så viktige kulturminne, kvar på sin stad, at me ønskjer at flest mogeleg er verna. Samstundes er det viktig med ei forvaltning som tek omsyn til at dette er bygg som er i aktiv bruk som ramme for livet i ein kyrkjelyd og i lokalsamfunnet.

Riksantikvaren vs. Fylkeskommunen

Utgreiinga side 428 drøftar om forvaltninga av kyrkjer bør liggja hjå Riksantikvaren som i dag, eller hjå fylkeskommunen. Det blir hevda at det er eit sterkt behov for å forenkle forvaltningssystemet for kyrkjene og kyrkjestadene. Grunnlaget for denne konklusjonen bygger delvis på «Følgeevaluering overføring av oppgaver fra Riksantikvaren til fylkeskommunene – Sluttrapport» (Agenda Kaupang 2024). Denne rapporten byggjer på forvaltninga sine eigne erfaringar, men ser ikkje ut til å ha høyrt kva erfaring Den norske kyrkja har med denne forvaltninga.

I nokre tilfelle, gjerne der det både er ei mellomalderkyrkje og ein mellomaldergravplass involvert, skal ein forhalda seg til både biskopen, Riksantikvaren og ein fylkeskommune, i nokre tilfelle også statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. I fleirtalet av saker er det ikkje så komplisert. Det er vårt syn at det avgjerande her ikkje må vera kompleksiteten, den kan ein gjera noko med ved godt samarbeid og samordning mellom dei ulike partane. Det viktige er god tilgang til den beste kompetansen.

Etter vårt syn fungerer dagens ordning godt. Riksantikvaren sit på god og brei kompetanse som er lett tilgjengeleg. Dei stiller på synfaringar over heile landet og dreg nytte av grundig kjennskap til særs mange kyrkjebygg.

I følgje utgreiinga meiner utvalet at «… saksvolumet ved overføring av forvaltningsansvaret for kyrkjene vil vere så stort at det er realistisk at tilstrekkeleg kompetanse kan bli etablert. Riksantikvaren vil her ha ei viktig rolle som kompetanseorgan for fylka.»

Me er ikkje trygge på at dette er realistisk. Det verkar ikkje meir effektivt at Riksantikvaren skal behalda sin kompetanse og fungera som kompetanseorgan for fylka utan å sitja på den store kompetansen dei no har gjennom å behandla ei rekkje saker på feltet. Det vil heller ikkje redusera ressursbruken om fylkeskommunane skal søkja råd hos Riksantikvaren i si saksbehandling, då får ein to ledd i staden for eitt.

Ingen veit sikkert korleis ei evt. ny ansvarsfordeling vil fungera, men me opplever at dagens system fungerer godt for kyrkjebygga, og det er så viktig for oss at me ikkje ønskjer å risikera noko ved å endra regime.

Vår relativt korte erfaring med fylkeskommunen som saksbehandlar på kyrkjebygg, knytt til tiltak i kyrkja sine omgjevnader, er at ein har lite ressursar. Det er også risiko for ulik forvaltning frå fylkeskommune til fylkeskommune. Fylkeskommunane har dyktige og dedikerte fagfolk som kan gjera ein veldig god jobb, men samla sett, trur me at riksantikvaren sitt fagmiljø bør behalda ansvaret for kyrkjebygga.