🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av rapport om konkurransefremmende tiltak

Gloppen kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Gloppen kommune er ein av dei største landbrukskommunane i Vestland fylke. Mjølkeproduksjon er ein av berebjelkane i vårt næringsliv. Her ligg også Tine Byrkjelo, eit av dei største meieria i landet.

Prisutjamningsordninga i mjølkeproduksjonen er heilt avgjerande for å kunne ha ein mjølkeproduksjon på like vilkår i heile landet. Denne ordninga som er finansiert av alle mjølkeprodusentane er i utgangspunktet er ei nullssum ordning. Etter at dei konkuransepolitiske tilskota vart lagt inn i ordninga er den ikkje det lenger.

Hensynet til landbruk i heile landet og folk i distrikta har i denne samanheng fått alt for lite fokus.

Tine hentar mjølk i alle hjørner av landet og sørger for lokal produksjon av fersk mjølk. Dette er nødvendig for at vi skal kunne ha landbruk i heile landet og eit levande Norge, men dette har også ein kostnad. Alle veit at transport kostar meir til lenger mjølka må transporterast og at stordriftsfordelane er små på eit lite anlegg. Dette er kostnader det ikkje er mogleg for Tine å dekke når subsidierte konkurrentar, og særleg Q-meieria, kan velgje å konkurrere som dei gjer – med produksjon i dei mest mjølketette delane av landet, og nær sagt alt sal i område rundt storbyane.

Dei konkurransepolitiske tilskota, og særlig distribusjonstilskotet, fungerer som ein subsidie for leveransar til de store byane og befolkningsrike områder. Dermed er det også berre i slike områder forbrukarane får fordeleane. I mindre sentrale områder må forbrukarane være med på å betale for tilskotsordninga.

Distribusjonstilskotet blir med andre ord ei dobbel ulempe for befolkninga på småstadar.

I tillegg fører finansieringa av tilskotsordninga til dyrare meieriprodukt uten at mjølkeprodusentane får noko igjen for kostnaden. Her kunne midlane istaden gått til hardt pressa mjølkebønder i distrikta, slik at dei i større grad kan bidra til levande lokalsamfunn– også i dei delane av landet der det er langt mellom folk.

Gloppen kommune meinar på bakgrunn av dette at dei konkurransepolitiske tilskota i norsk mjølkeproduksjon vert fjerna.