🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om forslag om endringer i privatskolelova og forskrift til privatskolelov...

Arne Johan Sæle

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyingsuttale frå foreldre til barn ved ein kristen friskule/privatskule, ungdomsskule.

I innleiing til privatskulelova står det"Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast private skolar slik at forelde og elevar kan velje andre skolar en den offentlege, jf. menneskerettsloven § 2.2"

Formålet er altså å gje foreldre moglegheit for å velje ein alternativ skule for sine barn som er anleis en den offentlege. Grunnslagt for den alterative skulen skal vera til dømes livssyn og/eller alterntiv anerkjend pedagogik retning. Departementert skal godkjenne private skular etter søknad.

Regjeringa foreslår no å gje kommunane større makt til å påverke søknader om etablering av friskular og gje kommunane moglegeit for å redusere antal plassar for allereie godtgjende friskular.

Regjeringa sitt forslag vil kunne føre til redusert tilbod om friskular, og for mange forelde bregrense valfridomen fordi det vert for stor avstand til eit altenativ tilbod. Kommunar kan på bakgrunn av kommuneøkonomi og/eller det sitjande fleirtalet i kommunestyret sine ideologiske prioritetingar hindre etablering eller redusere eksisterande tilbod. Det vil skape støøre skildader mellom kommunar, redusere mangfald og gje usikre rammer og førsetnader for stabil skuledrift ved dei friskulane vi har.

Vi har vore heldige, som har hatt eit tilbod om ein alterntiv skule i vår kommune. Vi har fire born, der tre av dei har gått ungdomskulen på den lokale friskulen. Det har vore eit godt alterativ for oss foreldre å kunne sende dei til ein skule som deler vårt verdisyn. Det betyr ikkje at elevar og foreldre ved denne skule er ei homogen gruppe med same religion, haldingar og verdisyn. Skulen har eit mangfald, og elevane får utfordingar i høve til eigne og andres verdisyn og haldningar. Elevane kjem frå mange ulike miljø og samfunnslag, men foreldra har av ulike grunnar valg eit alternativ til den offetlege.

For oss har det betydning at skulen byggjer på verdiar og livssyn som er foreinlege med våre verdiar. Vi har ein reell frihet slik FN konvensjonen utrykkjer det "frihet til å velge andre skoler for sine barn en dem som er opprettet av offetlige myndigheter" og "til å sikre sine barn en religiøs og moralsk undervisning som samsvarar med deres overbevisning".

Dersom loklapolitikere skal avgjøre om dette tilbode skal eksistere vil denne fridomen til å velge bli redusert mange stader i landet. Difor meiner vi at endringsforslaget ikkje bør vedtas slik det ligg føre.

Helsing foreldre til elev ved 9-trinn ved Danielsen ungdomsskole, Frekhaug