Kapittel 32 Vern ved avtale
32.2.1 Særleg om bruk av avtale for vern av båtar og andre transportminne
Slik det står fram for oss i teksten er det ikkje lagt opp til heimel for avtalevern, og konsekvensen av dette er at avtalevern vert fasa ut for fartøy. HVM meiner dette er ein positiv utvikling.
Slik det står fram for oss i teksten er det ikkje lagt opp til heimel for avtalevern, og konsekvensen av dette er at avtalevern vert fasa ut for fartøy. HVM meiner dette er ein positiv utvikling.
Kapittel 34 Handheving. 34.2.9 Tilskot til vedlikehald
«Utvalet meiner likevel det bør vere opp til styresmakta å gje nærare reglar om korleis tilskota skal fordelast. Utvalet føreslår difor ikkje at kulturmiljølova skal avgrense høvet til å gje tilskot til kulturminne i offentleg eige.»
HVM er som forvaltar av freda kulturminne kjent med at det er ulik praksis når det gjeld tilskot til vedlikehald. HVM merkar seg Utvalet si meining, og støttar dette standpunktet. Det er viktig at eigarskap ikkje skal vera avgjerande for korleis det er mogleg å få tilskot til vedlikehald.

Kapittel 29 Vern av immateriell kulturarv
HVM er einige i at det må kunne brukast økonomiske verkemiddel for å sikra utøving, dokumentasjon og formidling, slik Utvalet har konkludert med. Ei eiga støtteordning for dette vil vera nyttig og naudsynt. Det er positivt at posisjonen til immateriell kulturarv vert styrkt gjennom lovforslaget.