Utgreiinga tar opp behovet for revidering av offentleglova bl.a. avsnittet 11.8.2. Eg har lang røynsle med å krevje innsyn i krevjande saker i grenseland mot teieplikta med særleg kommunar og politiet jf. rapporten frå Rolleforståingsutvalet. Fagleg har eg bakgrunn som byplanleggar med solid kjennskap til forvaltningsretten og offentleg rett som jo innsynsretten er ein del av. Mange kommunar lar vere å svare på innsynskrav, i ei rekke tilfelle har eg erfaring med omfattande trenering som ikkje når fram hos klageinsstans, sjå bl.a. SOM 2017/3088 og kommunaldepartementet 22/2557-20. Det er del av same sak, men treneringa er så massiv at den aktualiserer straffelova §171 jf. forarbeida til denne regelen ot.prp.nr.8 (2007-2008) avsnittet 9.17.5
"Ethvert bagatellmessig brudd på tjenesteplikten bør ikke straffsanksjoneres. Det kan tenkes en rekke mindre alvorlige pliktbrudd – som for eksempel å glemme å legitimere seg eller å unnlate å sende ut varsel etter forvaltningsloven – som ikke bør føre til straffansvar. Det samme gjelder hvis en tjenestemann avslår dokumentinnsyn etter offentleglova. Det kan likevel stille seg annerledes hvis det er tale om en systematisk innsynsnektelse som savner grunnlag i en rimelig tvil om forståelsen av bestemmelsen. "
Det er særleg dei organ som misbruker påstand om teieplikt til å trekke ut innsynssaker i von om at dei blir gløymt eller at den som krev innsyn gir opp. I saka som kommunaldepartementet lukkast eg med å få kommuneadvokaten i Bergen kommune til å endre praksis då han sendte siste runde av innsynssaka tilbake til byrådsleiar si avdeling etter at eg peika på ein faktisk feil i resonnementet han.
Konkret foreslår eg meir presise reglar på fristar, slik at trenering gir tvangsgrunnlag for å få klageinstans til å pålegge organet å sakshandsame.
Ein del reglar bør også skjerpast - fx. §11 meirinnsyn må bli ein pliktregel jf. 11.8.2.3 med same ordlyd som §15, dvs. med eit skadevilkår - forslag til bestemmelse:
"Når organet har heimel (*) til å nekte innsyn, skal organet likevel gi heilt eller delvis innsyn. Det kan berre nektast innsyn når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka."
På den måten oppstår det ei plikt til å vurdere innsynskravet mot vilkåra i formålet §1 . Det vil også vere i samsvar med at innsynsretten i grl §100 trumfar retten til lokalt sjølvstyre i grl §49 - sjå SOM 2017/3088 - innsynsretten skal praktiserast likt over heile landet.
Retten til innsyn er ein viktig del av det offentlege ordskiftet fordi på den måten kan dei som deltar i ordskiftet skaffe seg faktisk kunnskap om korleis offentleg verksemd faktisk blir utført og på den måten utvikle og kome med relevante innspel på korleis den kan vidareutviklast eller endrast ut frå dei behova som finnast i samfunnet.
Det faktum at politiet har vore eit av dei organa med dårlegast og mest kritikkverdig praksis på offentleglova jf. rapporten frå Rolleforståingsutvalet og politidirektøren sine nedsettande karakteristikkar av dei som krev innsyn anonymt, viser at det er behov for ei oppstramming her både i lova og av politiet si oppfølging av alvorlege tilfelle av innsynsnekt som nemnt jf. førearbeida til strl §171 over. Her viser eg til at andre tenestefeil i Tjømesaka ikkje berre ført til domfelling, men at straffa for tilfellet for korrupsjon som gjald den offentlege tenestemannen blei skjerpa fordi vedkomande også hadde brote habilitetsreglane og feilhandsama dispensasjonsvedtak på fullmakt.
I ei tid der no også kunstig intelligens gir oss nye verktøy, men som også har problem med sannferdigheten jf. chat gpt, er det viktigare å sikre ein presis innsynsrett med rask saksbehandling nettopp for å sikre integriteten i den delen av det offentlege ordskiftet som gjeld korleis offentleg verksemd blir drive, organisert og finansiert mv.
Sidan min kunnskap om innsynsretten også er tufta på fagleg kompetanse gjennom både utdanning og lang erfaring som byplanleggar innanfor plan- og bygningsretten, bidrar eg også gjerne med innspel til korleis innsynsretten kan utviklast vidare.
Ber om at merknaden blir referert, kommentert og vurdert, sjølv om eg kom ein dag etter fristen.