Høyringssvar frå Ulvik Herad, Vestland.
Vi ser positivt på at legemiddelberedskapen vert styrka gjennom at grossistforskriften no pålegg grossistar eit større beredskapsansvar. Vi sluttar oss også til kravet om beredskapslager for 3 mndrs forbruk i institusjonar i spesialist- og kommunehelsetenesta.
For kommunal institusjon vil ein måtte bygge eit legemiddellager av dei medikament som er i dagleg bruk, samt nokre viktige medikament til akutt behandling. Det ser ikkje ut til å vera definert kva medikament som skal lagrast i kommunal institusjon. Er dette opp til kvar kommune, eller skal ein ta utgangspunkt i grossistlista med 68 preparat/formuleringar?
Institusjonar bestiller legemiddel frå apotek. Vil apoteka og grossistane kunne stetta etterspurnaden når mange kommunale institusjonar skal bygga opp sine medikamentlager? Er det tenkt på ei gradvis og styrt innfasing av dette?
Fleire institusjonar nyttar Multidose og får levert for 14 dagars forbruk om gongen. Eit beredskapslager av tilsvarande medikament i boksar og enpac vil sjelden eller aldri verta brukt, og kassasjonskostnaden kan verta betydeleg. Grossistane får etablert ei kompensasjonsordning. Er det planar om ei kompensasjonsordning for kommunane?
På vegne av Ulvik herad: Unni Solem, kommuneoverlege.