Alver kommunestyre har følgjande merknader til endringar i inntektssystemet for kommunane:
Utvalet foreslår å utjamne nokre av kommunane sine inntekter knytt til eigedomsskatt, men ikkje alle – og i tillegg vil utvalet at desse inntektene også skal fordelast til kommunar som ikkje har utnytta eiga potensiale for inntekter knytt til eigedomsskatt. Dette er Alver kommune kritiske til.
Vi står framfor store utfordringar knytt til det grøne skifte. Det er av avgjerande betydning at dei kommunane som avstår areal, til lands og til vanns, får tryggheit for at dei får langsiktig kompensasjon for dette bidraget til storsamfunnet og beheld desse.
Omsynet til likeverdige tenester mellom kommunane må vektleggast, slik at det vert større grad av utjamning mellom kommunane – utjamning av skatt bør aukast til nær 100 %.
Alver kommune gir sin tilslutning til nasjonalt satte satser på inntekt og formue – lik skatt uavhengig av adresse i Noreg.
Det lokale sjølvstyret må kunne handtere eigedomsskatten og kunne fastsetje intervallet for promillesats, slik det var i 2019.
Ordninga med ressurskrevjande tenester må verte gjennomgått. Det øyremerkte tilskotet for ressurskrevjande tenester (toppfinasieringsordninga) må treffe meir presist og heilskapleg for kommunane – slik at naudsynte tenester vert inndekt og likeverdige tenester sikra. Inntil dette er gjennomført, meiner Alver kommune at PU-vektiga ikkje endrast.
Kommunestyret meiner at toppfinansieringa for ressruskrevjande tenester må vidareførast og ikkje innlemmast i inntektssystemet. Kommunestyret meiner at det er på tide å oppheve alderen for tilskotet, då 67 år er forlengst utdatert.
Alver kommune går mot at grunntilskotet til grunnskular vert føreslått tatt bort.