🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene

Bokn kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Kommunestyret i Bokn gir følgande høyringssvar til inntektssystemutvalet til framlegg til nytt inntektssystem for kommunane:

Inntektsystemutvalet uttalar :

Hvis vi ser på kommunene gruppert etter sentralitet kommer de mest og nest mest sentrale kommunene positivt ut med utvalgets forslag , mens de minst sentrale kommunene i sum kommer negativt ut

Samlet sett kommer de minste kommunene og kommunene som i dag har de høyeste inntektene, negativt ut av utvalgets forslag, mens mellomstore og større kommuner kommer positivt ut

Utvalet seier rett ut at forslaga inneber ei overføring frå distriktskommunane til dei mest og nest mest sentrale kommunane .

Bokn er ein liten kommune og samla sett svekker forslaga i innstillinga kommuneøkonomien i ein kommunane som treng kvar kommunale krone for å utvikle kommunen og motverke fråflytting. Stikk i strid med intensjonane i Hurdalsplattforma.

Om inntektsutvalet sitt forslag vert vedtatt vil Bokn kommune samla sett tape rundt 3,3 millionar kroner årleg(inkludert årleg overføring av eigedomsskatt frå Tysvær kommune etter avtale)

Kommunen sine skatteinntekter

Bokn kommune er ein øykommune med 853 innbyggjarar. Kommunen har betydelege inntekter frå eigedomsskatt på petroleumsanlegg og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum samt havbruksfond. Bokn kommune har årleg 4,5 mill i eigedomsskatt frå Kårstøanlegget i Tysvær kommune. I tillegg får ein 4 millionar kroner frå skatt på Europipe II som går over Bokn.

Havbruksfondet har i snitt gitt kommunen årlege inntekter på 5 millionar kroner.

Inntektene har gjort Bokn kommune i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane sine.

Inntektssystemutvalet føreslår vertskommunane sine naturressursinntekter skal inngå i inntektsutjamninga.

Utvalet grip med dette inn i den kommunale beskattingsretten og beskattingsfridomen ved å utjamne mellom alle kommunar nokre, men ikkje alle kommunane sine eigedomskatteinntekter.

Regionalpolitiske tilskott

For å kvalifisere til regionalpolitiske tilskot må kommunen ha hatt gjennomsnittleg skatteinntekt dei siste tre åra som er lågare enn 120 prosent av landsgjennomsnittet, ha under 3 200 innbyggjarar eller ha ein distriktsindeks på 46 eller lågare. Tilskot til Bokn kommune gis med ein sats på om lag 3,1 millionar kroner. Inntektssystemutvalet føreslår at tilskottet vert redusert med 1 mill. kroner per kommune, for alle kommunar som mottar tilskottet på grunn av at basistilskottet vert vekta opp.

Bokn kommune taper og inntekter som ein følgje av dette forslaget.

Toppfinansieringsordning for ressurskrevjande tenester

Inntektssystemutvalet foreslår å vekte ned PU kriteriet i inntektssystemet. Dette gir behov for stor treffsikkerhet med toppfinansieringsordninga (øyremerkt tilskott for ressurskrevjande tenester).

Bokn kommune er einig i utvalets sitt synspunkt om at det er behov for å revidere toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukarar, både for å forenkle ordninga, men og for å sikre tilstrekkeleg finansiering til brukarar med høgt ressursbehov.

Men - før dette er utreda og avklart , bør ikkje PU kriteriet vektast ned.

Bokn kommune sluttar seg og til dei synspunkt og bekymringar som går fram av paraplyorganisasjonen Naturressurskommunane sin høyringsuttale:

Som det går fram av høyringsuttalen er Naturressurskommunane kritiske til inntektssystemutvalet sitt forslag til endring. Bokn kommune sluttar seg til naturressurskommunane sin kritikk som kan oppsummerast i 11 punkter:

· Utvalet sitt forslag inneber meir statleg styring og mindre lokaldemokrati

· Utvalet sitt forslag truer det grøne skiftet og påskundar sentraliseringa

· Utvalet sitt forslag inneberer ei overføring frå distriktskommunane til dei mest og nest mest sentrale kommunane

· Kommunane si konsesjonskraft er ein kompensasjon - ytelse mot ytelse - for naturressursavståing, ikkie ei skatteinntekt

· Utvalet forskjellsbehandlar vertskommuneinntekter og eigarkommuneinntekter frå same kraftanlegg

· Naturressurskommunane sine inntekter utgjer berre 1 pst av kommunane sine samla inntekter

· Utvalet punkterer eit viktig prinsipp og skaper usikkerheit, uforutsigbarheit og motstand mot nye, grøne utbygging

- Utvalet viser til utrekningar som ikkje vil bli følgd opp, og overser samtidig Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet sine anbefalingar

· Utvalet undergrev viktige prinsipp nedfelt i Hurdalsplattforma

· Utjamning av eigedomsskatteinntekter for nokre skatteobjekt og ikkje alle, og til kommunar som ikkje eingong har innført eigedomsskatt er sterkt urimeleg

· Norske kommunar har allereie liten grad av lokal beskattingsfridom