🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Grunnrenteskatt på havbruk

Anders Fretheim

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringssvar- Grunnrenteskatt på havbruk

Havbruksnæringa nyttar seg av fellesskapen sine ressursar og det er ikkje meir enn rett og rimeleg at næringa betalar litt for dette.

Miljøkostnadane havbruksnæringa påfører fellesskapen er betydelege og dette slepp dei altfor lett unna. I Sognefjorden har me til dømes nett hatt ei stor rømming av oppdrettslaks noko som no trugar dei frå før svake villaksestammane i Sognefjorden. Grunnrenteskatt på havbruk er langt på overtid og det er positivt at dette vert innført.