🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av transportfaglig utredning for regionale ruteflyginger i Sør-Norge og N...

Sogn og Fjordane Næringsråd

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyring av transportfagleg utredning for regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 2024.

Sogn og Fjordane Næringsråd vart skipa i 2016 og har som målsetting å vere ein sterk og samlande næringspolitisk organisasjon på vegne av næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved årskiftet har Sogn og Fjordane Næringsråd 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar. Sogn og Fjordane Næringsråd er også medlem i Næringsalliansen Vestland og har eit tett og godt samarbeid med dei andre næringspolitiske organisasjonane på Vestlandet.

Sogn og Fjordane Næringsråd er ikkje høyringsinstans til transportfagleg utredning, men vi ønsker likevel å sende inn denne uttalen til støtte for høyringsuttalen frå Vestland fylkeskommune m.m.(sjå vedlegg)

For næringslivet i Sogn og Fjordane er flytilbodet på dei 4 kortbaneflyplassane svært avgjerande for å kunne vidareutvikle både bedrifter og næringar. Sogn og Fjordane har eit svært variert næringsliv og tilgangen på flyruter som er tilpassa næringslivet sitt behov er svært viktig.

Sogn og Fjordane Næringsråd ber om at det blir lagt sterkt vekt på eit godt og føreseieleg rutetilbod på alle dei 4 flyplassane i Sogn og Fjordane og at det er god tilgang på rimelege prisar på flybillettar til og frå Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Næringsråd støttar uttalen frå Vestland fylkeskommune.

Førde/Hornindal 21. desember

Sogn og Fjordane Næringsråd