🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av transportfaglig utredning for regionale ruteflyginger i Sør-Norge og N...

Vestland Fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Fylkesutvalet i Vestland vedtok samrøystes denne høyringsuttalen i møte 12.12.2022:

1. Det kommersielle rutetilbodet mellom Stord og Oslo med 5 turar i kvar retning pr. veke må erstattast med FOT-ruter med minimum 3 turar i kvar retning måndag-fredag, 1 tur i kvar retning på laurdagar og 2 turar i kvar retning på sundagar.

2. Det er positivt at ruta mellom Florø – Oslo får fortsetje innanfor FOT- rutesystemet. For å møte forventa vekst i passasjertal på generell basis, men og vekst på grunn av reduserte prisar slik det er vedteke i Hurdalsplattforma, må rutetilbodet vere minimum 4 turar i kvar retning pr dag.

3. Ein reduksjon i setekapasitet mellom Førde og Oslo slik det er foreslått i utgreiinga vil forringe flytilbodet til næringslivet og dei reisande dramatisk og medføre redusert fleksibilitet og avvising av trafikk. Fylkesutvalet vil derfor sterkt frårå det. Rutetilbodet Førde – Oslo må vere minimum 5 turar i kvar retning dagleg. Det er også nødvendig for å møte forventa passasjerauke ved reduserte prisar.

4. Kapasitet og frekvens på Sandane – Oslo må aukast for å handtere framtidig passasjervekst når prisane vert redusert.

5. For å sikre innbyggjarar og næringsliv eit forutsigbart rutetilbod Florø – Bergen og Førde – Bergen er det behov for FOT ruter som ivaretar eit minstekrav til ruteproduksjon. Frå Førde til Bergen går det per i dag ikkje flyruter. Det er svært uheldig når Bergen er regionhovustad i det nye Vestland fylke. Eit slikt samband vil vere viktig for å binde saman Vestlandet som bu- og arbeidsområde og avgjerande for næringslivet og offentlege instansar. Til dømes må Helse Førde si samhandling i Helse Vest fly om Oslo for å komme til Stavanger.

6. Den transportfaglege utgreiinga peiker på at omsyn til klima- og miljø må skje utanom denne FOTruteutlysinga. Det er derfor særs viktig at regjeringa legg til rette for teknologi- og bedriftsutvikling innan låg- og nullutsleppsluftfart gjennom eit statleg finansiert utviklingsprosjekt med elflyrute Førde-Bergen.

Vedlagt saksutgreiing og innspel frå kommunar og andre.