🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av endringer i forskrift om berekraftig skogbruk

Statsforvalteren i Vestland

Departement: Matdepartementet 1 seksjoner
Totalt sett er forskriftsendringa positive, avklarande og eigna som eit betre handlingsgrunnlag.

Manglande oppfølging av foryngingsplikta er eit stort problem i Vestland fylke. Ifølge resultatkartlegginga vil berre 30% av areala som vert hogd, få same kvalitet som skogen før hogst.

Endring av forskrifta gjev tydelegare føringar for kommunen sitt arbeid, men vil truleg ikkje føre til ei endring aleine. Vi oppfordrar difor til at arbeidet med forskrifta vert følgd opp med andre tiltak i lovverket, til dømes:

Generelt om forslaget til ny forskrift:

Presiseringar, som å gå frå «ønskja» til «teljande» treslag i §7 og frå «naturleg høyrer heime i området» til «naturlege utbreiingsområde i Norge» i §8 tar for seg punkt der kommunane ofte har vore usikre.

Til pkt. 5.2.2 Skifte av treslag – forslaget §5

Å innføre ei kommunal godkjenningsordning for treslagsskifte, også når skogeigaren ønskjer å skifte frå barskog til lauvskog er hensiktsmessig – dette opnar moglegheita for betre og meir målretta rådgiving. Skogeigar må ha moglegheit for å styre eigen forvaltning – men dette sikrar at det er en tilstrekkeleg skogfagleg vurdering bak og sorterer ut dei som ikkje aktivt forynger arealet.

- Krav om godkjenning kan også gjelde «frå alle typar barskog til naturforynging uavhengig av treslag». Dette vil fange opp skogeigarar som oppgjer at dei ønskjer å forynge med furu på område der det er urealistisk eller ueigna.

- Godkjenningsordninga bør også omfatte tidlegare lauvskogarealer. Behovet for rettleiing er like stor her.

- I utgangspunktet kunne ordninga (i en overgangstid/i nokre år) gjelde for alle foryngingsstiltak slik at kommunen fangar opp aktivitet i sitt område på en best mogleg måte.

- Positivt med et års frist for å søkje. I nokre særtilfelle kan det noverande barskog-/granarealet vere heilt eller delvis etablert på tidlegare edellauvareal. Her bør det gjelde særreglar for kva slags ny forynging skogeigar får anbefalt etter søknadsprosessen.

Til 5.2.4 Krav til tilfredsstillande forynging – forslag §7

Det er overordna svært positivt at det vert presisert at ei tilfredsstillande forynging består av treslag som gjev produksjon av kvalitetsvirke.

- Det er fleire faktorar som kan påverke totalt plantetal og som må kunne reknast som «gjeldande avvik»

- Noko areal må kunne settast av til kantsoner med spesielt lauvtreslag som ikkje nødvendigvis har tømmerproduksjon som føremål. Desse kan verte akseptert som ein del av dei 10% lauvtre (jvf §5).

- Uheldig at formuleringa «kommunen kan etter søknad gi utsetjing» vert teken vekk. Vi ser at skogeigarar vert anbefalt å vente 3 år med planting på grunn av snutebiller. Ved kontroll etter 3 år er det vanskeleg å vurdere om dette (billeførekomst og skogeigar sine intensjonar) er reelt. Pr i dag kan kommunen be skogeigar søkje om utsetting av frist og sette vilkår.

Til 5.2.5 Pålegg om forynging – forslaget §8

Moglegheita for å gje pålegg har ikkje tidlegare vore brukt og ein må spørje seg sjølv kvifor? Vi ser at ei viktig årsak er at nokre kommunar manglar kompetanse eller at ein vegrar seg for konflikt i lokalmiljøet. Det er arbeidskrevjande og fagleg utfordrande å lage ei sak og ofte vil det vere naudsynt med tvangsmulkt når skogeigaren heller ikkje har sett av midlar i skogfond. Det er positivt at paragrafen vert gjort tydelegare.. Mange kommunar har vore usikre på sine moglegheiter. Men det vil truleg ikkje føre til fleire pålegg aleine.

- Bra med visning til §16.

- Setninga «Pålegget må stå i rimeleg forhold til lønnsemda» bør spesifiserast ytterlegare. Nokre drifter blir dårleg utført og blir derfor ikkje lønnsame – I tillegg vil kommunar i normal prosess ikkje gje pålegg før 5-7 år etter hogst. Da vil forynginga nesten alltid krevje ekstra dyre tiltak og skogeigar vil nok stille spørsmål ved om det står i rimeleg forhold til lønsemda. Det bør takast med i forskrifta at det gjeld natur- og viltskadar.

- Om kommunen forsømmer/ikkje følger opp si plikt og si moglegheit for å gjere eit vedtak om pålegg bør også Statsforvaltaren kunne gje slike vedtak. Dette krev sjølvsagt ei prosedyre i forkant før plikta vert rekna som forsømt.