Høyringssvar til endringar i Forskrift om berekraftig skogbruk
Tinn kommune har motteke høyringsdokument med forslag til endringar i Forskrift om berekraftig skogbruk. Vi har slikt innspel til høyringa:
Plikta til å forynge - § 6 i forslaget:
Vi saknar setningen om å sjå til at det er samanheng mellom hogstform og forynging. Det bør ikkje vere noko mål i seg sjøl å unngå at det same står i lov og forskrift, så lenge det er av betydning for innhaldet i forskrifta.
Krav til tilfredsstillande forynging - § 7 i forslaget:
Ein kan spørje seg om kvifor lauvtre ikkje skal telje med i minste lovlege plantetal. Med såpass slakke krav til minste lovlege plantetal er vi likevel samd i at lauvinnslaget på minimum 10 % får bli å finne innafor tilrådd plantetal. Det er også viktig for handhevinga av foryngingsplikta. Elles har vi erfaring for at det i perioden frå kontrolltidspunktet og fram til forynginga er etablert, kan vere stort oppslag av nye bartreplanter.
Administrative og økonomiske konsekvensar
Departementet vurderer at forslaga samla sett vil gjere at kommunane sparar ressursar fordi regelverket blir klarare. Det blir m.a. peika på at tydelegare reglar vil gjere det enklare for kommunane å føre tilsyn med at lovens vilkår blir fylgt. Vi har inga tru på at ei nødvendig innskjerping av regelverket vil gje kommunane mindre arbeid. Det vil sannsynlegvis føre til fleire pålegg, og kvart pålegg betyr drastisk auka ressursbruk i kommunen, langt meir enn den tida kommunen i dag brukar på å vurdere om forynginga er innafor eller utafor.
Men det føyer seg inn i rekka; kvar endring blir vurdert å ha ingen eller negativ konsekvens for kommunens ressursbruk. Over tid opplever vi at trykket på kommunale ressursar bare aukar.
Men det føyer seg inn i rekka; kvar endring blir vurdert å ha ingen eller negativ konsekvens for kommunens ressursbruk. Over tid opplever vi at trykket på kommunale ressursar bare aukar.