🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forslag om endringer i opplæringslovens regler om skriftlig hovedmål ved ...

Institutt for lærerutdanning, NTNU

Departement: Familiedepartementet
Dato: 27.11.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvaret frå Institutt for lærarutdanning, NTNU, tek utgangspunkt i formålsparagrafen i språklova (§ 1) som understrekar det særlege ansvaret med å fremje nynorsk som det minst brukte språket i offentleg forvaltning. Omset til den offentlege skulen bør ei endring i opplæringslova dermed ta særleg omsyn til at nynorsk som hovudmål blir eit reelt val for elevane. Forslaget som er på høyring vil opne for at fylkeskommunen kan forskriftfeste at skulen skal vere skriftspråkleg nøytral. Eit slikt alternativ gjer at skulen ikkje treng å halde seg til anten nynorsk eller bokmål i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra. I ei språkleg randsone kan språknøytralitet bli oppfatta som rettferdig. Dette er sjeldan tilfellet, då nøytralitet i ein minoritets-majoritets-situasjon som regel vil favorisere majoriteten (bokmål i ein norsk samanheng). Det er nynorskelevane som treng hovudmålet sitt som skulespråk mest, uavhengig av om dei er i mindretal eller fleirtal, fordi desse får minst støtte og innputt utanfrå skulen. Å forskriftsfeste språknøytralitet føreset dermed høgt språkleg og språkpolitisk medvit i fylkesadministrasjonen om denne problematikken, og må balanserast opp mot formålsparagrafen i språklova. Nynorsk held seg ikkje som skulespråk utan at myndigheitene går aktivt inn for å legge til rette for det. Ikkje før ein har sikra det, kan ein seie at lovendringsforslaget er fullt forsvarleg. Det er også først då at framlegget harmonerer med språklova. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"