Høyringssvar frå Volda kommune på høyring om endringar i forskrift om standard og nasjonale e-helseløysningar mv.
Volda kommune syner til høyring av 24. august 2022 med vedlegg om ovannemnde.
Vi har følgjande innspel:
1. Helseplattforma må vere ein del av det nasjonale arbeidet
Midtnorske kommunar i Regionalt Helseføretak Midt-Norge, dvs. fylka Trøndelag og Møre og Romsdal, har høve til å ta i bruk Helseplattforma. Helseplattforma er eit pasientjournalsystem felles for helseføretak, kommunar, fastlegar og avtalespesialistar, og skal gje ei samhandling om pasientane som oppfyller visjonen Éin innbyggar - éin journal. Helseplattforma involverer 4 helseføretak, 7 sjukehus, 66 kommunar, potensielt 750 fastlegar og avtalespesialistar, og eit innbyggjartal på til saman 740 000. Løysninga skal gje mange av dei same samhandlingsgevinstane som dei nasjonale e-helseløysingane ynskjer å bidra til.
Vi er forundra over at Helseplattforma ikkje er nemnd i høyringa. Vi er uroa for at nasjonale myndigheiter ikkje tar omsyn til arbeidet og kostnadane Helseplattforma fører til for kommunar i Midt-Norge, under utviklinga og kostnadsfordelinga av dei nasjonale e-helseløysningane. Kommunane i Midt-Norge tek saman med Helse Midt-Norge eit formidabelt løft ved å få på plass ei felles teknologisk plattform for primærhelsetenesta og spesialsthelsetenesta. Det vil vere å sløse med ressursar dersom dette ikkje kan utviklast til å verte ei nasjonal løysing for alle kommunane og helseføretaka. Staten bør gå inn og dekkje kostnadane kommunane i Midt-Noreg får med dette prosjektet og leggje til rette for at det vert teke i bruk som nasjonal løysing.
Vi støttar KS sitt innspel i høyringssvar i saka som understrekar tydinga av å vurdere den faktiske nytteverdien av dei nasjonale e-helseløysningar som kommunane vert fakturert for, og poengterer at kommunar kan kome i ein situasjon der det kjem kostnader utan at gevinst kan realiserast. Midtnorske kommunar med Helseplattforma forventar å realisere store gevinstar innan betre samhandling, økt pasientsikkerheit og meir effektive tenester. For midtnorske kommunar som allereie tar kostnadane for innføring av Helseplattforma, vil forventa gevinstpotensial av nasjonale e-helseløysningar truleg verte mindre enn for andre kommunar i landet. Desse tilhøva må takast med inn i grunnlaget for vidare drøfting om prioritering, støtte til innføring, kostnadsfordeling og ikkje minst auka kompensasjon.
Prinsipielt meiner vi at staten, ikkje kommunane, bør bere kostnadane for dei nasjonale e-helseløysningane. Vidare vil betaling for nasjonale e-helseløysningar gje ei oppleving av «dobbelbetaling» for midtnorske kommunar med Helseplattforma, då desse allereie får ein del av den same nytta gjennom Helseplattforma. Vi tar difor til orde for ei differensiering i kostnadane, der kommunar med Helseplattforma vert belasta med ein mindre sum enn andre kommunar.
Midtnorske kommunar med Helseplattforma vil ha mindre behov for integrasjonar mot nasjonale e-helseløysningar enn kommunar i andre deler av landet, då integrasjonane mot dei nasjonale løysningane allereie er på plass i Helseplattforma.
2. Standardisering vert støtta
Volda kommune støttar forslaget i høyringsnotatet om meldingsstandardane for epikrise og utskrivingsrapport. Ei epikrise frå helseinstitusjonar, også i kommunen, vil vere føremålstenleg og kvalitetsaukande. Å verte forplikta til å sende standardiserte tilbakemeldingar, til dømes fastlege etter eit korttidsopphald, vil betre informasjonsflyt og pasientsikkerheit. Vi opplever at kvaliteten og nytta av elektronisk meldingsutveksling per i dag er svært varierande rundt om i landet. Ein obligatorisk meldingsstandard er viktig å for få alle aktørar opp på same kvalitetsnivå.
Til slutt ynskjer vi å kommentere at høyringa kan opplevast som ei høyring meir til informasjon enn ei høyring for å hente inn synspunkt. Det verkar som om forslaga allereie er handsama i dei foruma som skal medverke og at avgjerslene er tekne. Samstundes gjev høyringsnotatet inntrykk av at desse foruma for medverknad framleis har potensial til å finne riktig form for føremålstenleg og god nok involvering.