🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov

Høgskulen i Volda

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsfråsegn UH-lov frå Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda (HVO) takkar for invitasjonen til å kome med innspel til dei fremja endringane i UH-lova.

HVO har i lang tid hatt to sensorar på alle eksamenar, og har det per no forskriftsfesta i vår eiga forskrift. Våre erfaringar er at dette styrkar kvaliteten på sensuren. HVO anbefaler å oppretthalde kravet om to sensorar fullt ut. Ein bør heller vurdere om ordninga med blind sensur fullt ut fungerer etter hensikta, til dømes kan det argumenterast for at studentar bør ha høve til å sende grunngjevne klager på karakteren.

HVO er samd i at delen mellombels tilsetje må ned i sektoren, men er svært bekymra over at ein heil del av dei framlagde tiltaka treff skeivt og slår særleg uheldig ut for den faglege verksemda. HVO har innspel på desse punkta:

§6-5 fyrste del: HVO meiner også at mellombels tilsetjing i kvalifiseringsstilling endå bør vere tillate, då desse i stor grad vil arbeide seg inn i ei fast stilling i løpet av perioden dei har mellombels stilling. Dette er viktig for å kunne vidareutvikle fagmiljøa, kanskje særleg ute i regionen.

§ 6-6: HVO meinar det framleis bør vere moglegheit for å tilsetje professor/dosent II i mellombelse stillingar i inntil 20 %, fordi dette er med på å bygge kompetanse og fagmiljø og fremje samarbeid på tvers i UH-sektoren. HVO er samd i at om det er faste behov over tid så bør ein tilsetje fast også i slike stillingar, noko ein finn døme på ved HVO. Men samtidig vil det i mange tilfeller også vere eit mellombels behov mellom anna med tanke på å vidareutvikle fagmiljøet eller liknande. HVO er bekymra for at om moglegheita for å tilsetje professor/dosent II mellombels forsvinn, så vil det på sikt vil kunne føre til svakare fagmiljø og mindre samarbeid i sektoren.

§ 9-4 fyrste ledd bokstav c: HVO er sterkt ueinig i spørsmålet departementet har om moglegheita for å tilsetje leiar for avdeling eller grunneining bør opphevast. Leiar for avdeling/faktultet (dekan) må endå kunne vere i åremål. Dette er viktig for å ivareta den sterke faglege leiingsprofilen som nettopp ei slik stilling må ha.

HVO er svært skeptiske til endringa, og meiner det er ein vesensskilnad på at regjeringa har instruksjonsmynde over styret, versus å flytte vedtaksmyndet opp til regjeringa. Vidare er det også eit spørsmål om kor vidt departementet reint faktisk har instruksjonsmynde, då UH-lova seier at det er styret sjølv som fastset verksemda si interne organisering, og dette er eit større juridisk spørsmål som HVO meiner nokon bør vurdere før endeleg lovparagraf vert vedteken. HVO stussar også over at det er behov for å vurdere eit skjeringspunkt for når myndet ligg til styret og når myndet ligg til Kongen i statsråd, enten ligg myndet her eller der. Om mynde skal ligge litt her og litt der vert det fort veldig uklart.

HVO er i mot ei slik flytting av myndet til å legge ned studiestadar og/eller sentrale profesjonsfag frå styret til Kongen i Statsråd. HVO er bekymra for at det vil føre til ei stagnering i utviklinga av nye studietilbod og den faglege utviklinga av utdanningsverksemda til UH-sektoren.

HVO støttar framlegg 1. Dette grunngjev vi med omsyn til rettstryggleiken til studentane.

Alternativ (2) set ingen skrankar for når nemnda skal handsame sakene, og dette gir ein særs lite føreseieleg situasjon for studentane. Eit tenkt tilfelle vil vere at ein student som får 6 månader utestenging av nemnda for studentsaker. Dersom klagen går til Felles klagenemnd vil dette kunne seie at studenten er ferdig med utestenginga på 6 månader, tar til igjen på studia, for så å få resultatet frå Felles klagenemnd inntil 6 månadar etter gjenopptak frå studie. Her kan resultatet verte eit strengare utfall med til dømes ytterlegare 6 månader utestenging. Perioden frå fyrste utestenging til vedkomande kan gjentoppa studium vil difor kunne bli 1,5 år.

Alternativ (3) gir Felles klagenemnd ei utvida periode på sakshandsaming på inntil 9 månader. Dette er eit avvik frå utgangspunktet i forvaltningslova § 34 på inntil 6 månader. Til liks med det førre alternativet vil dette vere ein lite føreseieleg situasjon for studentane, og argumentasjonen som vist til under (2) vil også gjere seg gjeldande her. Vår vurdering er vidare at eit slik avvik frå forvaltningslova sine reglar som forsvarleg sakshandsaming må vere godt grunngjeve. Vår vurdering er at det enkelte forvaltningsorgan sin kapasitet for handsaming av saker, ikkje kan vege tyngre enn omsynet til den enkelte student sin rettstryggleik og krav om forsvarleg og føreseieleg sakshandsaming. Dersom det er kapasitetsutfordringar som driv fram dei aktuelle alternativa om endring, må forvaltninga heller sjå på intern organisering av Felles klagenemnd, med alternativ som fast tilsetjing av medlemmer eller fleire nemnder som handsamar sakene. Den delen av utfordringane som gjeld sakshandsaminga før sak kjem til Felles klagenemnd kan løysast med større fokus på rettleiing og tilsyn med den enkelte institusjon. Ein nasjonal rettleiar vil bidra til ein meir einsarta praksis i sektoren og føreseieleg situasjon for studentane.

HVO har ikkje innspel her.

Høgskulen i Volda har i sine strategiplanar dei siste åra tydeleggjort at vi har eit ansvar for nynorsk som fagspråk. Generelt sett ser vi at nynorsk som fagspråk har vorte lite drøfta i denne og andre samanhengar av departementet. Vi ser difor behov for å tydeleggjere ansvaret for nynorsk og at det bør stå i lovteksten.

Vi oppmodar i denne samanhengen også til at UH-loven og Lov om språk blir sett i samanheng med kvarandre.

Departementet skriv i høyringsnotatet (s. 46) at eitt alternativ for å tydeleggjere institusjonane sitt ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk, «er å ta noen av momentene fra forarbeidene inn i selve loven. For eksempel kan paragrafen utfylles slik (tilføyelse i kursiv):

§ 1-7 Ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk. Universiteter og høyskoler skal blant annet sørge for at norsk brukes som fagspråk med mindre det er en særlig grunn til å bruke annet språk, utvikle terminologi på norsk i takt med import av ny engelskspråklig terminologi, bidra til utvikling av norskspråklige læremidler og sørge for at ansvaret for norsk fagspråk reflekteres i rutiner og retningslinjer for faglig formidling. »

Rett nok endar departementet opp med eit anna alternativ i si innstilling, men Høgskulen i Volda støttar det ovanfor siterte framlegget, då vi ser det som svært viktig å tydeleggjere kva dette ansvaret inneber i sjølve lovteksten. Samtidig vil vi understreke det særlege ansvaret for nynorsk og meiner difor det er nødvendig å nemne nynorsk eksplisitt i lovteksten.

Høgskulen i Volda støttar også framlegget frå departementet om å ta inn følgjande setning i § 1-7: «Institusjoner som har et særlig ansvar for samisk forskning og høyere utdanning, har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av samisk fagspråk.»

Dermed gjer Høgskulen i Volda framlegg om at justert versjon av § 1-7, første ledd, blir slik:

§ 1-7 Ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av bokmål og nynorsk som fagspråk. Universiteter og høyskoler skal blant annet sørge for at norsk brukes som fagspråk med mindre det er en særlig grunn til å bruke annet språk, utvikle terminologi på norsk i takt med import av ny engelskspråklig terminologi, bidra til utvikling av norskspråklige læremidler og sørge for at ansvaret for norsk fagspråk reflekteres i rutiner og retningslinjer for faglig formidling. Institusjoner som har et særlig ansvar for samisk forskning og høyere utdanning, har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av samisk fagspråk. »

Høgskulen i Volda vil også streke under at det er viktig at § 1-7, andre ledd, blir ståande som han står i gjeldande lov.

Høgskulen i Volda vil også minne om at språk i eksamen i høgare utdanning kjem inn under både språklova og universitets- og høgskulelova. Høgskulen i Volda meiner det er viktig at dei to lovene må sikre to viktige prinsipp:

· Retten studentane har til å få eksamensoppgåver på det norske skriftspråket dei sjølve ønskjer. Denne retten må gjelde både statlege og private universitet og høgskular.

· Prinsippet om at lærarutdanningar og andre som skal utdanna kandidatar som treng å meistre både nynorsk og bokmål på ein kvalifisert måte, skal kunne prøve studentane spesifikt i nynorsk eller bokmål i eksamenssamanheng.

Det er derfor eit viktig poeng at ein samkøyrer dei to lovene og dei tilhøyrande forskriftene på ein slik måte at båe desse prinsippa vert sikra i lovverket, og at det vert gjort på ein slik måte at dei to lovene ikkje motseier kvarandre på noko vis.

HVO stiller oss bak departementet si vurdering at omgrepet fusk ikkje bør definerast konkret i lov.

Det vil vere særs vanskeleg å lage ein definisjon som tar innover seg alle ulike variantar som kan definerast som fusk. Dette også i lys av at samfunnet stadig utviklar seg og måtane ein kan fuske på vil kunne endre seg raskt, og ein eventuell lovfesta definisjon vil like raskt vere utdatert.

Vi stiller oss også bak at forklaring av omgrepet fusk og konkretisering av dette temaet heller kan takast opp i forarbeider til lova, og at ein nasjonal rettleiar vil gjere den enkelte institusjon betre i stand til å skape ein meir einsarta praksis.

HVO meinar at det bør vere like reglar for private og statlege institusjonar når finansieringa av tilsvarande tilbod i hovudsak er statleg.